St.meld. nr. 46 (2000-2001)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2000

Til innhaldsliste

2 Konflikten i det tidlegare Jugoslavia

2.1 Kosovo

For den NATO-leidde internasjonale fredsstyrken KFOR vart året 2000 prega av gradvis stabilisering av situasjonen i Kosovo, samtidig som utviklinga viste at det vil ta tid å skape eit klima i provinsen der dei ulike befolkningsgruppene kan leve fredeleg saman og arbeide mot felles mål. Dei meir enn 40.000 soldatane fortsette arbeidet med å tryggje Kosovo og befolkninga mot ytre og indre truslar ved å støtte FN-administrasjonen (UNMIK) i innsatsen for å gjennomføre dei sivile delane av tryggingsrådsresolusjon 1244. Etnisk motiverte valdshandlingar og drap, som særleg har gått ut over minoritetsgruppene, i tillegg til organisert kriminalitet og uro i Presevodalen aust for Kosovo, var blant dei største utfordringane for styrken. Mot slutten av året kunne ein merke tendensar til aukande spenning i høve til den albanske majoriteten.

Spørsmålet om endeleg status for Kosovo ligg til ein viss grad til grunn for dei etniske spenningane. Mens serbarane i Kosovo klart ønskjer at provinsen skal forbli ein del av Serbia, er det like klare ønsket på kosovoalbansk side ei lausriving. Dette gjeld òg dei moderate kosovoalbanarane. Tryggingsrådsresolusjon 1244 føreskriv eit Kosovo med ein stor grad av sjølvstende som ein del av Jugoslavia. Mens arbeidet for å byggje opp dei sivile strukturane heldt fram, var det brei semje mellom dei allierte om at det var for tidleg å ta stilling til spørsmålet om Kosovo sin endelege status.

Som ei følgje av den demokratiske endringa i Jugoslavia såg ein mot slutten av året starten på eit nytt tilhøve mellom Jugoslavia og NATO. Den nyvalde presidenten Kostunica kontakta generalsekretær Robertson gjennom ei brevveksling, mellom anna for å ta opp den felles utfordringa i det sørlege Serbia. Brevvekslinga viste at ein ny æra var innleidd i forholdet mellom alliansen og Jugoslavia og for Balkan.

Det demokratiske skiftet i Beograd etter opposisjonssigeren i presidentvalet i oktober var sjølvsagt ein milepæl i utviklinga mot eit stabilt og fredeleg Balkan. Men for den indre situasjonen i Kosovo førte utviklinga i Beograd ikkje umiddelbart til større endringar. Dette hadde nok si årsak i at fleire på kosovoalbansk side frykta både at den økonomiske og politiske støtta frå det internasjonale samfunnet kunne bli svekt når Jugoslavia blei teke inn i varmen, og at håpet om eit sjølvstendig Kosovo skulle forsvinne.

KFOR-innsatsen var eit uunnverleg bidrag til tiltaka frå det internasjonale samfunnet i Kosovo for å betre levekåra i provinsen. Tryggingsstyrken har eit særleg ansvar overfor FN for å hindre nye samanstøytar og å tryggje provinsen og befolkninga, men skal òg assistere dei ansvarlege sivile organisasjonane i arbeidet for å betre den humanitære situasjonen og i gjenoppbygginga både av infrastruktur og av det sivile samfunnet.

Styrken er breitt samansett med troppar frå NATO, eit tjuetals partnarland og frå land som til dømes Argentina, Marokko og Dei sameinte arabiske emirata. Personellet frå ikkje-allierte land utgjer omlag 20 % av den totale styrken.

Den norske kontingenten i KFOR var ein mekanisert infanteribataljon på omkring 1200 soldatar. Den norske kontingenten har utgjort eit solid bidrag til operasjonen, og er blant dei desidert største sett i forhold til folketal og militære ressursar. Dei norske styrkane er i hovudsak utplasserte i området sørvest for Pristina, som er hovudstaden i Kosovo-provinsen. Som eitt av få KFOR-land har Noreg gjeve sjefen for styrken høve til å disponere troppane fritt. Dette inneber at norske troppar inngår i ein taktisk reserve og ved fleire høve har vorte sende til urolege område rundt om i provinsen.

Trygging av minoritetane var ei hovudoppgåve for KFOR gjennom året. Den etnisk motiverte valden fortsette, om enn i mindre omfang, og viste at det vil bli ein lang prosess å få gruppene til å leve fredeleg saman. I stor grad er minoritetane busette i eigne område, og KFOR sørgjer mellom anna for trygging av serbarar som må reise til andre område for å arbeide.

Mitrovica i det nordlege Kosovo var eit urosenter gjennom heile året. I den etnisk delte byen var det konstant spenning, sjølv om gnissingane og samanstøytane kom i bølgjer. I februar vart ein potensielt dramatisk situasjon løyst mellom anna med innsats frå KFOR og sjefen for styrken (COMKFOR), etter at omkring 20.000 kosovoalbanarar hadde marsjert frå Pristina mot byen med krav om at Mitrovica skulle bli ein samla by. Oppmodingar frå COMKFOR, UNMIK-leiaren og leiaren for det sivile beredskapskorpset for Kosovo (KPC), general Ceku, bidrog saman med eit stort KFOR-nærvær til å få situasjonen under kontroll. Eitt av tiltaka som KFOR var med på å setje i verk i byen var såkalla tryggingssoner, der medlemmer av dei ulike etniske grupperingane skal kunne ferdast trygt under særskild kontroll. Utviklinga mot slutten av året viste likevel at situasjonen ikkje hadde stabilisert seg tilstrekkeleg og at faren for nye samanstøytar framleis var til stades.

Samtidig som KFOR heldt oppe den indre tryggleiken i Kosovo, støtta styrken opp om UNMIK, den internasjonale sivile administrasjonen under leiing av Bernhard Kouchner. UNMIK og KFOR har hatt daglege møte i Kosovo for mellom anna å utarbeide felles planar og strategiar på alle nivå. KFOR har assistert det sivile UNMIK-politiet mellom anna med patruljering i gater, vakthald, eskortering av innbyggjarar frå minoritetsgrupper og kontroll av køyrety. Tiltak mot den omfattande kriminaliteten har vore eit sentralt samarbeidsområde. Dette samarbeidet har vore særleg viktig av di UNMIK har mangla sivile politiressursar. Felles patruljering i Mitrovica og ved grensa til Albania har vist seg å vere særleg effektivt.

UNMIK-arbeidet med å byggje om det sivile samfunnet i Kosovo gjekk ikkje så raskt som ønskt i 2000, men ein samfunnsstruktur begynte gradvis å ta form i løpet av året. Det mellombelse administrasjonsrådet ( Interim Administrative Council) styrkte si rolle, og lokalvala som vart gjennomførte i regi av OSSE i oktober, var ein milepæl i utviklinga. Vala vart gjennomførte på ein god måte, ikkje minst takka vere KFOR sin innsats til støtte for OSSE.

Når det gjeld samarbeid med UNHCR har KFOR vore med på å byggje opp eit humanitært program, blant anna ved å sørgje for transport av vitale forsyningar til befolkninga, reparasjonar av infrastruktur og medisinsk behandling av sivile på KFOR-sjukehus. Nittifem prosent av vinterprogrammet blei gjennomført og har vore vellykka.

KFOR la ned ein omfattande innsats i minerydding og konfiskering og destruksjon av handvåpen. Noreg gav dei nødvendige midlane til eit våpendestruksjonsprogram der ein fabrikk vart brukt til kommersiell destruksjon av konfiskerte våpen.

Det sivile beredskapskorpset KPC ( Kosovo Protection Korps) som vart etablert mellom anna for å gje tidlegare medlemmer av den kosovoalbanske frigjeringshæren KLA lovleg inntektsgjevande arbeid, vart teke i bruk til fleire sivile formål. Enkelte i KPC legg til grunn at korpset berre er eit mellombels stadium før det vert Kosovo sin eigen hær. Dette er klart i strid med føresetnadene frå det internasjonale samfunnet. Det har òg vore eit gjennomgåande problem at medlemmer av korpset er involverte i organisert kriminalitet og i overgrep mot etniske minoritetar. NATO og KFOR har i ei rekkje samanhengar lagt vekt på at korpset og medlemmene må halde seg til mandatet og retningslinjene som er gjevne. Dette har ein òg frå norsk side streka under i drøftingar i NATO. Ulike tiltak er sette i verk for å hindre at korpset og medlemmene driv verksemd i strid med formålet. Innføring av retningsliner for oppførsel ( Code of Conduct) har til ein viss grad ført til ei positiv utvikling. Men på norsk side er ein framleis skeptisk til om opprettinga av KPC var det rette tiltaket for å integrere tidlegare KLA-medlemmer.

Situasjonen i Presevodalen i det sørlege Serbia aust for Kosovo var ei anna stor utfordring for KFOR i 2000. Gjennom den militærtekniske avtalen (MTA) som vart inngått mellom COMKFOR og jugoslaviske militære myndigheiter før KFOR vart utplassert i juni 1999, vart ei tryggingssone ( Ground Safety Zone) etablert frå den interne grensa mot Kosovo og fem kilometer inn i Serbia. Her gjeld særskilde reglar for jugoslavisk militært nærvær. Berre lett væpna politistyrkar kan operere i sona. KFOR har vidare mandat til å sikre at føresegnene i den militærtekniske avtalen vert haldne, og kan difor operere i sona for å handheve desse. I størst mogeleg grad skal oppdrag for KFOR i sona finne stad etter konsultasjonar med jugoslaviske representantar.

I løpet av året auka den albanske aktiviteten i sona. Dei væpna albanske ekstremistane utnytta restriksjonane på det jugoslaviske styrkenærværet og oppretta basar på ulike stader. Leidde av ein såkalla frigjeringshær under namnet UCPMB angreip dei i løpet av året i aukande grad jugoslaviske mål i og utanfor sona. Eit formål med dette var sannsynlegvis å framprovosere jugoslaviske overreaksjonar som kunne tvinge fram internasjonale reaksjonar. Jugoslaviske myndigheiter svara med tiltak for å motverke aktivitetane, men viste stort måtehald.

I eit forsøk på å stanse dei albanske aktivitetane sette KFOR i verk skjerpa kontroll med grensepasseringar i området. Målet var å stoppe transport av våpen og anna materiell. Denne kontrollen verka inn på forsyningane til ekstremistane, men var ikkje tilstrekkeleg til å setje dei ut av stand til å gjennomføre aksjonar. På hausten tillyste ekstremistane ein våpenstillstand. Denne vart i hovudsak overhalden, sjølv om det førekom mindre skotvekslingar mellom ekstremistane og serbiske styrkar.

Det nyvalde demokratiske regimet i Jugoslavia gjorde det mot slutten av året klart at det var ei høgt prioritert oppgåve å få bukt med uroa i området. Dei viste likevel stor grad av måtehald i tiltaka mot ekstremistane, inviterte mellom anna til politiske samtalar for å finne ei fredeleg løysing på problemet og sa seg klare til å setje ut i livet konkrete tiltak med sikte på å styrkje dei politiske og kulturelle rettane til det albanske mindretalet og bidra til naudsynt økonomisk utvikling. Den såkalla Covic-planen la i det heile eit godt grunnlag for å stabilisere situasjon i Sør-Serbia.

På våren bad FNs miljøprogram (UNEP) NATO om detaljerte opplysningar om bruken av granatar med utarma uran under luftkampanjen mot Jugoslavia våren og sommaren 1999. NATO la fram oversikt over mengda av slike granatar som var brukt og koordinatane til måla. Mot slutten av året auka bekymringa i fleire medlemsland for at desse granatane kunne vere årsak til kreft og andre helseskader. Materialet NATO hadde kjennskap til, gav ikkje grunnlag for å slutte at det var ein slik årsakssamanheng, og dette blei gjort klart av alliansen i ulike samanhengar. Men alliansen gjorde det klart at han var interessert i full openheit og kartlegging av mogelege helseskadar. UNEP vart difor oppmoda om å gjennomføre grundigare undersøkingar i Bosnia-Hercegovina og Kosovo. NATO-landa sine militærmedisinske ekspertar vart òg kalla saman og fekk i oppdrag å vurdere alle sider av denne problematikken.

2.2 KFOR 5

Då KFOR vart etablert i juni 1999, vart hovudkvarteret for NATO-reaksjonskorpset (ARRC) utpeika som KFOR-hovudkvarter, med den britiske generalløytnanten Michael Jackson som sjef. Sidan har modellen vore at personell frå eitt eller to av dei permanente hovudkvartera i NATO utgjer kjernen i KFOR-hovudkvarteret. Rådet i NATO vedtok den 24. juli at kjernen i KFOR-5-hovudkvarteret skal stillast av nordregionen. Dette inneber at personellet vert henta frå NATO-hovudkvartera i Karup i Danmark (JSRC Northeast) og frå Jåtta i Noreg (JSRC North). Hovudkvarteret skal leie KFOR i seks månader frå april til oktober 2001. Når eit nytt KFOR-hovudkvarter vert oppretta, vert også eit land utpeika som såkalla «leiingsnasjon» («lead nation»). Etter ei dansk-norsk tilråding utpeika øvstkommanderande i NATO den 8. august generalløytnant Thorstein Skiaker til sjef for KFOR 5, og Noreg til leiingsnasjon. I tillegg til å stille sjef for KFOR, skaffar leiingsnasjonen mange av ressursane som sjefen må disponere. Døme på slike er helikoptertransport, stridsfotografering, kartteneste, sanitet og ambulanseteneste, vakthald, omsetjing og personleg tryggleik. I tillegg har det vore venta at sjefen for KFOR disponerer ein operativ reservestyrke. På norsk side gjorde ein det klart at Noreg ikkje såg seg i stand til å stille ein slik styrke.

KFOR-5-hovudkvarteret er sett saman av om lag 900 personar frå 29 nasjonar, og kjernen vil ha eit personell på om lag 320 der fleirtalet vert henta frå NATO-hovudkvartera i Danmark og Noreg. I alt vil 106 norske befal og soldatar gjere teneste i hovudkvarteret og om lag 10 vil gjere teneste i støttefunksjonar som følgje av ansvaret Noreg har som leiingsnasjon.

Å leie KFOR 5 vil etter regjeringa sitt syn gje eit godt høve til å syne norsk vilje og evne til å bidra til europeisk krisehandtering og dei tryggings- og forsvarspolitiske prosessane i Europa. Det markerer den aktive norske innstillinga til det europeiske politiske og tryggingspolitiske samarbeidet i ein fase der dette er særleg aktuelt, spesielt i lys av utviklinga på dette området i EU. Vi syner evne og vilje til å ta ansvar for felles militære oppgåver av stor tryggingspolitisk verdi for Europa og NATO. Dette styrkjer òg vår profil i NATO. I tillegg vil leiinga av KFOR 5 bidra til ei vesentleg norsk kompetanseheving, spesielt innan internasjonale operasjonar. Det sistnemnde aspektet er i tråd med St. meld. nr. 38 (1998-99), som Stortinget har slutta seg til.

NATO vurderer no om det er formålstenleg å endre hovudkvartermodellen. Dagens modell ( core headquarters) med ein stor kjerne som vert trekt frå eitt eller to hovudkvarter og som roterer kvar sjette månad, sikrar at hovudkvarteret er samtrent og held høg operativ standard. Dei to årlege utskiftingane fører likevel til eit redusert institusjonelt «minne». NATO utgreier difor ein ny modell ( composition headquarters), som vil verte eit meir permanent hovudkvarter, der mindre delar løpande vert skifta ut. Dette kan auke det institusjonelle «minnet» i hovudkvarteret.

2.3 Bosnia-Hercegovina

Stabiliseringsstyrken (SFOR) har medverka til gjennomføringa av Dayton-avtalen for Bosnia-Hercegovina på fleire område. Styrken har sytt for at krigshandlingane ikkje er tekne opp at, og har samtidig spela ei avgjerande rolle i arbeidet med å leggje til rette for gjenoppbygging av det sivile samfunnet. På den sivile sida har det vore viktige framsteg i arbeidet med å utvikle fungerande sivile institusjonar, retur av flyktningar, sivil gjenoppbygging, reduksjonar innanfor alle våpenkategoriar og ei auka rolle for den faste militærkomitéen ( Standing Committee on Military Matters - SCMM). Vidare har det vore viktige framsteg i tingingane om rustingskontroll og åtgjerder for å skape tillit innanfor ramma av Dayton-avtalen.

Trass i dette gjenstår mykje arbeid på sivil side før ein kan tale om ein berekraftig fredsprosess. Dei største utfordringane er framleis retur av fordrivne personar til område der dei er i mindretal, ytterlegare reduksjonar i einingane sine væpna styrkar, arbeidet med humanitær minerydding, auka effektivitet innanfor alle felles institusjonar og spesielt parlamentet i Bosnia-Hercegovina, samarbeid mellom einingane, overføring av mistenkte krigsforbrytarar til krigsforbrytardomstolen i Haag, kamp mot korrupsjon, organisert kriminalitet og ulovlege etterretningstenester, reformer innanfor rettsvesen og politi og oppretting av ein statleg grensekontroll.

I november 1999 avgjorde NATO-rådet at situasjonen i Bosnia var tilstrekkeleg stabil til at SFOR, som har soldatar frå alle dei 19 NATO-landa og 16 land utanfor alliansen, kunne skjerast ned med rundt ein tredjedel. I løpet av 2000 vart styrken redusert frå rundt 33 000 soldatar til rundt 20 000. Den reduserte styrken har framleis som hovudoppgåve å forhindre nye kamphandlingar og å bidra til å tryggje tilhøva slik at det kan skapast varig fred. For å gjere styrken meir mobil og fleksibel med raskare reaksjonsevne har styrkesjefen (COMSFOR) fått fullmakt til å nytte han på tvers av dei multinasjonale divisjonsgrensene. Samtidig vert det stilt større krav til etterretning og til evna til å oppdage nye utfordringar mot tryggleiken. Frå militært hald blei det også lagt stor vekt på at den multinasjonale spesialeininga som vart oppretta i 1998 som ein integrert del av SFOR for å hindre opptøyar og offentleg uro, måtte styrkjast dersom den reduserte SFOR-styrken skulle lukkast i å utføre oppdraget sitt. Den multinasjonale spesialeininga spelar ei viktig rolle i kampen mot organisert kriminalitet og korrupsjon.

Den vidare iverksetjinga av fredsavtalen i Bosnia er framleis avhengig av eit internasjonalt militært nærvær som er sterkt nok til å kunne setjast inn der det måtte oppstå uro, og som kan yte den nødvendige støtta til dei sivile organisasjonane som er ansvarlege for gjennomføringa av den sivile delen av Dayton-avtalen. Frå norsk side har ein valt å konsentrere den militære innsatsen om KFOR-styrken i Kosovo. I løpet av 2000 vart det norske militære nærværet i Bosnia på det næraste avvikla, og ved utgangen av året var det berre rundt eit dusin norske offiserar att i Bosnia.

SFOR har også i 2000 gjeve viktig støtte til det sivile gjenoppbyggingsarbeidet i regi av høgrepresentanten, OSSE, den internasjonale politistyrken (IPTF), FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), krigsforbrytartribunalet (ICTY) og andre sivile organisasjonar. Medverknaden frå SFOR til å sikre retur av flyktningar til område der dei er i etnisk mindretal, har vore avgjerande.

SFOR har gjort ein viktig innsats innanfor minerydding i Bosnia. Den store mengda av antipersonellminer representerer eit viktig hinder for retur av flyktningar, i tillegg til at det hindrar økonomisk gjenoppbygging. Ved hjelp av SFOR sette dei to bosniske einingane i 1998 i verk eit program for å gjere mineryddarar frå dei ulike væpna styrkane i stand til å rydde miner i samsvar med internasjonale humanitære standardar. Mineryddingsarbeidet er eitt av dei få integrerte programma med deltaking frå alle dei tre etniske gruppene. Finansiering har heile tida vore eit problem. Noreg har vore eitt av dei landa som har gjeve mest til forsikringsordninga som gjorde det mogeleg å setje i verk dette mineryddingsprogrammet.

Utviklinga av eit multietnisk samfunn krev at dei felles institusjonane som er etablerte på ei rekkje område blir meir effektive, og at parallelle institusjonar som hindrar ei slik utvikling blir fjerna. Det er i denne samanhengen grunn til å framheve NATO-samarbeidsprogrammet med forsvarssektoren i Bosnia. NATO støttar opp om prosessen med å omforme dei bosniske væpna styrkane i samsvar med demokratiske retningslinjer, samtidig som grunnlaget vert lagt for eit meir langsiktig samarbeid med NATO. Ein viktig del av programmet er å bidra til at SCMM, der representantar for dei væpna styrkane i begge delane av landet og alle dei tre etniske gruppene er representerte, vert eit meir effektivt organ. SCMM, som har fått det permanente sekretariatet styrkt, har hatt ansvaret for å setje i verk nedskjeringar i einingane sine væpna styrker og forsvarsbudsjett. Det har vist seg å vere vanskeleg å nå målet på 15 prosent nedskjering i året.

Til forsida