St.meld. nr. 46 (2000-2001)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2000

Til innhaldsliste

7 Andre spørsmål

7.1 Samarbeid om sivil beredskap

NATO sin overordna komité for sivil beredskap ( Senior Civil Emergency Planning Committee - SCEPC) er ansvarleg for den sivile beredskapsplanlegginga i organisasjonen. To gonger årleg møtest dei nasjonale leiarane for den sivile beredskapen i allianselanda i SCEPC i plenumssesjon. Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) representerer Noreg. I plenumssesjonen blir strategidokument godkjende, og ein førebur saker for endeleg vedtak i NATO-rådet. SCEPC har i tillegg faste møte ein gong i månaden. Her er Noreg vanlegvis representert ved vår faste delegasjon til NATO. Under SCEPC er det ni fagkomitear ( Planning Boards and Committees), som står for samarbeidet innanfor mellom anna transportplanlegging, kommunikasjon, forsyningsberedskap og sivilforsvarssamarbeid. Dei relevante statlege og faglege styresmaktene representerer Noreg i alle komiteane.

Dei oppgåvene i NATO som er knytte til katastrofe- og krisehandtering og samarbeid med landa i Partnarskap for fred (PfP), har fått ei viktigare rolle i det strategiske konseptet frå 1999 for å reflektere omstillinga alliansen har gått gjennom dei siste åra. Sivil beredskap er mellom anna det største ikkje-militære programmet innan PfP, og individuelle partnarskapsprogram som så langt er inngådde, har handla om katastrofeførebuing, lovgjeving og sivile aspekt ved krisehandtering, humanitær hjelp og sivilt-militært samarbeid.

Det er sett i verk ein prosess for å gå gjennom det sivile kriseplanleggingsarbeidet i NATO på grunnlag av omstillingane i alliansen. I tråd med dette har NATO-rådet i juli 2000 vedteke nye overordna rammer for det sivile kriseplanleggingsarbeidet. Desse rammene har også vore framlagde for EAPC-ambassadørane, og omfattar fem hovudområde for verksemda i SCEPC og dei ni underliggjande komiteane. Dei fem hovudområda er:

  • Sivil støtte til artikkel-5-aktivitetar - Fundamentet i alliansen er å gje sivil støtte til det militære i eit kollektivt forsvar, og dette er difor ei kjerneoppgåve for det sivile kriseplanleggingsarbeidet i NATO.

  • Sivil støtte til militære krisehandteringsoperasjonar utanom artikkel 5 - Dette har utvikla seg til å bli ei av hovudoppgåvene på sivil side på grunn av det nye tryggingsbiletet og alliansen si auka vektlegging av denne typen krisehandteringsoperasjonar. Utfordringa framover vert å utvikle det sivile kriseplanleggingsapparatet til å vere aktivt i felles planlegging og øvingar med dei militære styresmaktene, og å bli ein mest mogeleg effektiv bidragsytar i slike aktivitetar.

  • Støtte til nasjonale styresmakter i sivile kriser - I nasjonale krisesituasjonar i form av m.a. katastrofar vil nasjonale styresmakter ta seg av den operative krisehandteringa, og dei kan trenge bistand frå NATO og/eller andre nasjonar og internasjonale organisasjonar. Den sivile støtta har i slike situasjonar gått gjennom alliansen sine kanalar og blitt handtert i EAPC-format ved det euroatlantiske koordineringssenteret for katastrofebistand (EADRCC). I etableringa av dette senteret er det lagt stor vekt på at bistanden frå NATO ved fredstidskatastrofar skal skje i nært samråd med FN sine bistandsorganisasjonar. I tilknyting til EADRCC er det også lagt til rette for katastrofebistand frå ei internasjonalt samansett innsatseining ( Euro-Atlantic Disaster Response Unit - EADRU). Eininga skal vere ei ikkje-ståande, multinasjonal samansetjing av sivile og militære element som frivillig er innmelde av EAPC-land. Innsatsen skal primært skje innan EAPC-området etter oppfordring frå mottakarlandet. Unntaksvis kan det etter politisk vedtak i EAPC, og etter førespurnad frå FN, vere aktuelt å yte katastrofebistand utanfor EAPC-området.

  • Handtering av konsekvensane av bruk av masseøydeleggingsvåpen - Det frivillige allierte samarbeidet på dette området går ut på å utveksle informasjon om nasjonal beredskap for å handtere tilfelle av bruk av masseøydeleggingsvåpen, å utarbeide ei oversikt over nasjonale handteringsressursar, å vurdere planar for utveksling av slike ressursar dersom det er naudsynt, i tillegg til planlegging for koordinering av militære og sivile svar på slike hendingar.

  • Samarbeid med partnarane - Så langt har partnarsamarbeidet i stor grad skjedd i form av møte og seminar, og i tillegg til SCEPC-møta mellom medlemslanda og SCEPC har ein møte i EAPC-format. Møte i dei ni fagkomiteane og NATO-kurs om sivil beredskap og sivilt-militært samarbeid er òg opna for deltakarar frå partnarlanda. Tillits- og demokratibygging og kunnskapsoverføring har stått sentralt i samarbeidet med partnarane. Det er likevel ei utfordring å overføre samarbeidet til eit meir konkret og praktisk plan, med ei ytterlegare aktivisering av partnarlanda. Dette kan tene både det sivile kriseplanleggingsarbeidet i NATO og den breiare tryggingsinteressa i alliansen.

Innanfor desse rammene skal ein utforme eit sett med meir detaljerte politiske retningslinjer for det framtidige arbeidet i SCEPC og dei ni underliggjande fagkomiteane, gjennom ein ny Ministerial Guidance. Det er vidare sett i verk eit arbeid med å gjere endringar i den sivile kriseplanleggingsstrukturen for å oppnå ei nyttig organisering i forhold til dei nye oppgåvene som er definerte.

Den gjeldande Ministerial Guidance blei opphavleg vedteken for åra 1997-1998, men har seinare blitt forlenga, i påvente av både det nye strategiske konseptet og gjennomgangen av rammene for den sivile beredskapsverksemda i NATO. Etter at dei nye rammene vart fastsette, har det likevel vist seg at det er usemje om utviklinga innan denne delen av NATO-verksemda. Revisjonen av kriseplanleggingsarbeidet har difor teke lengre tid enn venta. Forseinkinga i samband med ein ny Ministerial Guidance har ført med seg ei tilsvarande utsetjing av gjennomgangen av strukturen i det sivile kriseplanleggingsapparatet. Det er for tida noko usikkert korleis ein kan skape framdrift i denne reformprosessen.

Frå norsk side er det lagt vekt på å konsentrere arbeidet om oppgåver som er relevante i høve til dei fem definerte hovudoppgåvene. I tillegg er det danna ei interdepartemental arbeidsgruppe, leidd av Utanriksdepartementet, for å einast om norske synspunkt på det sivile kriseplanleggingsarbeidet i NATO.

7.2 Samarbeid om miljøspørsmål

Miljøkomiteen i NATO ( Committee on the Challenges of Modern Society - CCMS) er sentral i det allierte samarbeidet på det ikkje-militære området, og er alliansen sitt forum for å ta opp miljø- og samfunnsutfordringar. Arbeidet er i første rekkje konsentrert om pilotstudiar som varer frå to til fem år. Noreg har teke initiativ til å innføre nye samarbeidsformer i regi av CCMS, nemleg korte ad-hoc-prosjekt og faglege temamøte, der ein ønskjer å oppnå ei målretta overføring av røynsler og kunnskap, spesielt frå NATO-land til partnarland.

Hovudverksemda i CCMS har også i 2000 vore retta mot mellom- og austeuropeiske partnarland samstundes som sentralasiatiske land også har vorte meir aktive. Saker som legging av oljerøyrleidningar, miljøvurderingar og miljørelatert tryggleik har vore behandla gjennom eigne studiar og arbeidsmøte. Samla har komiteen 14 prosjekt gåande, men arbeider aktivt for å auke dette talet og for å gjere verksemda mest mogeleg politisk relevant.

I 2000 har komiteen, i tillegg til den tradisjonelle prosjektverksemda, teke omsyn til mange av medlemslanda sine ønske om ein revisjon av komitémandatet. På bakgrunn av mandatforslaget frå ei arbeidsgruppe leidd av Noreg, vart det difor hausten 2000 vedteke nye mål for verksemda og ei presisering av nøkkelområde for CCMS sine prosjekt i framtida. Her er samarbeid i nettverk og det utvida tryggingsomgrepet særs viktige element i ein ny profil for komiteen. I den vidare verksemda vil Noreg arbeide aktivt for etablering av nye prosjekt retta mot desse felta og bidra til ei styrking av komiteen sin innsats på grensa mellom militære og sivile problem.

Utanriksdepartementet leier den nasjonale samordninga av aktivitetane i CCMS i nært samarbeid med Forsvarsdepartementet, Miljøverndepartementet, Noregs forskingsråd og ymse forskingsinstitusjonar.

7.3 Vitskapssamarbeidet

Samarbeid med partnarlanda på det sivile området er kjernen i NATO sitt vitskapsprogram. I 2000 samarbeidde fleire tusen forskarar frå NATO og partnarlanda i felles forskingsprosjekt, seminar, studiar og gjennom NATO sitt stipend- og utvekslingsprogram. Målsetjinga med programmet er å fremje vitskapsmiljø i partnarlanda og bidra til auka samarbeid og tillit mellom EAPC-landa.

Samarbeidet med partnarane omfattar fire delprogram: stipendordning for unge forskarar, støtte til felles forskingsprosjekt, støtte til infrastruktur i forskingsmiljøa og støtte til anvend vitskap og teknologi. Andelen av stipendiatar frå partnarane er aukande. Opp mot 75 % av stipendiatane som deltok i NATO-stipendordninga i 2000, kom frå partnarlanda. Norske stipendmidlar under NATO-ordninga går frå og med 2000 heilt og fullt til forskarar frå partnarlanda. Noreg vil på denne måten oppmuntre til auka deltaking i stipendordninga frå partnarlanda.

Trass i større nedskjeringar i NATO-budsjettet for vitskapsamarbeid, utgjer løyvingane til vitskapsprogrammet framleis den største sivile budsjettposten. Vitskapsprogrammet er også det sivile programmet som yter mest pengar til aktivitetar retta mot partnarane. Difor er det også stor og aukande interesse for deltaking frå partnarlanda i programmet. For å illustrere dette kan nemnast at av om lag 1500 søknader til felles prosjekt med partnarane i 2000, fekk ein av tre søkjarar støtte over NATO-budsjettet.

NATO vurderer også å utvide stipendprogrammet for forskingsinstitusjonar til å omfatte industrien. Tanken med å utvide ordningane er å fremje teknologisk overføring frå akademiske institusjonar til industrien. Noreg stiller seg positiv til ei slik vidareutvikling av stipendordninga.

7.4 Informasjonsverksemda

Presse- og informasjonstenesta i NATO-hovudkvarteret produserer eit omfattande informasjonsmateriale på ulike språk og administrerer eit besøksprogram som kvart år fører tusentals gjester til NATO-hovudkvarteret i Brussel. Informasjonsverksemda overfor partnarlanda er høgt prioritert frå NATO si side.

Alliansen har oppretta såkalla kontaktambassadar i partnarlanda, det vil seie ein alliert ambassade som har som funksjon å informere om NATO overfor myndigheitene i vertslandet, lokalsamfunnet og nøkkelinstitusjonar og personar. Ei anna oppgåve er å hjelpe i samband med besøk frå NATO til og frå partnarlandet. Den norske ambassaden i Vilnius vart kontaktambassade for NATO i Litauen fram til september, då Tsjekkia overtok. Noreg har no kontaktambassade-funksjonen i Helsinki.

I tillegg til NATO sitt informasjonsarbeid gir Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet og NATO-delegasjonen informasjon om NATO til det norske samfunnet. Størstedelen av informasjonen om NATO i Noreg vert kanalisert gjennom Den norske Atlanterhavskomité og Folk og Forsvar. Begge organisasjonane arrangerer kvart år talrike seminar, konferansar og studieturar og gjev ut magasin og tidsskrift om tryggingspolitiske spørsmål. Den norske Atlanterhavskomité gjev i tillegg ut alle sine publikasjonar på internett ( atlanterhavskomiteen.no).

Folk og Forsvar held ei rekkje konferansar og temadagar rundt om i landet, særleg retta mot ungdom i dei vidaregåande skulane. Her er tema europeisk tryggingspolitikk og dei forskjellige internasjonale organisasjonane som Noreg er medlem av. NATO er sterkt i fokus i dette arbeidet. Det vert òg utarbeidd ymse informasjonsmateriell om NATO som vert distribuert gratis til skular og andre interesserte. Hovudsatsinga i år 2000 var første utgåva av minileksikonet «Samarbeid og trygging i Europa», som over ca. 750 sider gjev ein grundig gjennomgang av temaet.

Folk og Forsvar har òg eit godt samarbeid med besøksseksjonen i NATO. Kvart år reiser ei rekkje skular på besøk til hovudkvarteret i Brussel. I år 2000 valde 17 skular dette som mål for studieturen. I tillegg arrangerer Folk og Forsvar i samarbeid med Den norske Atlanterhavskomité to turar årleg, med til saman nærare 200 deltakarar.

Til forsida