St.meld. nr. 48 (1998-99)

Om Sametingets virksomhet 1998

Til innhaldsliste

2 Årsmeldinga for Sametinget

Vedteken i Sametinget 24. februar 1999.

2.1 Framtidig politikkutforming

2.1.1 Perspektiv i årsmeldinga

Etter § 3-1 i samelova skal årsmeldinga for Sametinget sendast over til Kongen. Regjeringa legg fram for Stortinget ei årleg stortingsmelding om arbeidet i Sametinget. Årsmeldinga for Sametinget har tidlegare vore lagd ved stortingsmeldinga. I 1997 vart likevel årsmeldinga for Sametinget teken med i St meld nr 52 (1997-98) Om arbeidet i Sametinget.

Meldingsrutinane frå Sametinget har samtidig eit 4-års perspektiv. Stortinget har i samband med vedtaket om samelova også vedteke at det ein gong i kvar stortingsperiode skal leggjast fram melding om dei tiltaka som blir gjorde for å verne og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet til samane. Meldinga skal på den måten innehalde ei meir grundig og prinsipiell drøfting av samepolitikken i kvar stortingsperiode. Den første var St meld nr 52 (1992-93) Om norsk samepolitikk. Andre gong var i St meld nr 41 (1996-97) og i tilleggsmelding St meld nr 18 (1997-98), fremja i statsråd 8. april 1997. Desse stortingsmeldingane er behandla i Sametinget i sak 4/98, sjå nedafor i kapittel 2.

2.1.2 Framtidige utfordringar

Det er i tilhøvet mellom Sametinget og sentrale styresmakter ei rekkje framtidige utfordringar.

For Sametinget er det viktig at regjeringa vurderer å føre vidare initiativet og vedtaka i Sametinget i samband med årsmeldinga og prinsippmeldinga. Prinsippmeldinga til regjeringa skal gi eit historisk perspektiv og omtale av nosituasjonen. Men Sametinget ser at det i tillegg er viktig at prinsippmeldinga i større grad svarar til dei framlegga og problemstillingane som Sametinget fremjar når det gjeld framtidige utfordringar for det samiske samfunnet, jf punkt 2.2 nedafor. Sametinget viser elles til St meld nr 52 (1997-98) Om arbeidet i Sametinget 1997. Regjeringa har her teke sikte på å gi ei tilbakemelding på dei sakene som Sametinget har omtalt i årsmeldinga si. Sametinget vil at denne meldingsforma skal utviklast vidare.

Sametinget har i sak 41/98 vedteke sametingsplanen for perioden 1998- 2001. Sametinget skisserer i planen ei rekkje sentrale utfordringar og satsingsområde for tinget i den komande perioden.

Det samiske samfunnet står framfor ei nyleg igangsett utbygging av tilbodet på sentrale samfunnsområde. Ei vidare utbygging av det materielle grunnlaget for samisk kultur krev at ny lovgiving blir utvikla for arbeidet med samiske rettar. Det trengst både stor kapital og mykje ressursar for å byggje ut det samiske samfunnet, fordi det samiske samfunnet først no er i ein oppbyggingsfase. Resten av samfunnet har derimot gjennomført oppbygginga si tidlegare, og er no inne i ein omdanningsfase. Derfor bør ein ikkje samanlikne det samiske samfunnet med det nasjonale når det gjeld å dele på ressursane.

Tiltak som gjeld samane må vurderast etter behova og den historiske bakgrunnen til samane. Tilhøvet mellom norske sentrale styresmakter og samane som eit eige folk dreier seg som kjent ikkje først og fremst om distriktspolitikk, velferdspolitikk, sosialpolitikk eller næringspolitikk, endå om det er viktige saksområde. Det dreier seg om tilhøvet mellom stat og urfolk, der det gjeld å leggje til rettes ein urfolkspolitikk der element frå nemnde område i tillegg til fleire andre går inn i ein større heilskap.

Samane er eit urfolk som er ein minoritet i landet. Det vil seie at framtida til samane som folk er avhengig av at staten godkjenner samiske rettar og gir samane høve til å verne og utvikle samisk kultur, språk og samfunn. Samepolitikk kan ikkje utformast på berre ein definert sektor, men snarare dreier det seg om ein politikk på tvers av alle sektorar. I all planlegging er eit langsiktig og heilskapleg perspektiv sentrale omgrep. For arbeidet i Sametinget er også miljø- og kvinneperspektivet sentrale i utforminga av ein framtidig politikk for det samiske samfunnet.

Då den andre innstillinga til Samerettsutvalet vart lagd fram, førte det til ein svært sentral debatt om samiske rettar og den rolla som Sametinget skulle spele i framtidig ressursforvaltning og arealplanlegging. Etter ein grundig prosess internt i det samiske samfunnet og utetter i resten av folket, skal debatten om samiske rettar følgjast opp med konkrete løysingar. Det vil derfor også seie at Sametinget skal ha ei sentral rolle med å forme ut desse løysingane. Som ein naturleg del av arbeidet med dei samiske rettane er språk, utdanning, kultur og næringsspørsmål heilt vesentlege arbeidsområde for Sametinget.

Sametinget meiner at dei folkerettslege reglane som Noreg er bunden av, og som er viktige for den rettslege stillinga til samane, må sjåast på som norsk rett, samtidig med at ein sikrar seg at nasjonale rettsreglar blir effektive. Sametinget ser i denne samanhengen eit behov for at det internrettslege grunnlaget blir oppdatert i samsvar med utviklinga av rettar for urfolk. Det fører til at Lov om Sametinget, rettsstillinga til samane og samelova, må reviderast og oppdaterast. Samelova er såleis eit steg i ein suksessiv lovgivingsprosess som må endrast i takt med utviklinga. Det same prinsippet må også gjelde for andre lover som er viktige for samiske rettar.

Sametinget ser behovet for at sentrale statlege styresmakter må klarleggje ei rekkje sentrale område på grunn av at Noreg ratifiserte ILO-konvensjon nr 169. Det blir mellom anna vist til dårleg klarlagde spørsmål når det gjeld rettar til land, og til konsultasjons- og rådføringsplikta. Sametinget har tidlegare peikt på område der den norske staten ikkje er på linje med reglane og intensjonane som ligg til grunn for konvensjonen. Når innstillinga frå Samerettsutvalet skal drøftast, er det naturleg å gi ei grundig utgreiing om korleis pliktene i konvensjonen skal oppfyllast. Desse pliktene må igjen kome til uttrykk i samelova og resten av lov- og regelverket.

For Sametinget som folkevalt organ ligg det i denne utviklinga at tinget får ein meir sjølvstendig status. Den konstitusjonelle rolla til Sametinget må på denne måten bli klarlagd nærmare med ei utgreiing om ansvarsforholdet mellom Sametinget og statsmaktene. Sametinget som det folkevalde organet til samane må utvikle eit likeverdig samarbeid med regjering og storting. Ei slik utvikling av det samiske demokratiet med samhandlingsformer er ein naturleg konsekvens av det arbeidet som skjer med samiske rettar.

Det er ei sentral oppgåve å innføre forhandlingsplikt mellom samane og norske styresmakter i saker der det er nødvendig etter ei vurdering av samane, særleg på felta kultur, næring og rettar. Denne plikta gjeld meir enn ein rein konsultasjon, og må føre til gjensidige plikter som må regulerast i det norske lovverket.

Norsk samepolitikk fører først og fremst med seg visse plikter for dei sentrale styresmaktene. I forhold til kommunar og fylkeskommunar initierer staten lokale samepolitiske tiltak med positive verkemiddel, og ikkje med lovpålegg eller direktiv. Det blir alt i dag arbeidd med å integrere det samepolitiske perspektivet i ansvarsområda til kommunar og fylkeskommunar. Det stiller krav til samiske og norske styresmakter at dei må definere samepolitiske ansvarsoppgåver tydelegare for kommunar og fylkeskommunar.

Sametinget prioriterer fiskerispørsmåla høgt. Det nærmar seg eit samanbrot i fiskestammene der ikkje berre torskestamma, men også andre stammer som hyse, sei og uer, er i fare. Erfaringane frå fiskerikrisa på slutten av 80-åra var at kyst- og fjordflåten vart taparar i kampen om kvotane og fiskeressursane. Sametinget vil streke under kor viktig det er at ein med kvotedeling sikrar flåten i samiske område ein del av fisket for å halde oppe den noverande flåtestrukturen.

Mange ytterkantar i kommunane i Finnmark og andre fylke har dei siste åra opplevd å miste skule, butikk og postkontor. Grunnlaget for mange barnehagar er i ferd med å falle bort. Slakteristrukturen er i endring, og meieria blir sentraliserte. Alle desse forholda fører til at rammevilkåra for busetjing i distrikta er i ferd med å forvitre.

Det skjer også ei omfattande rasering av samferdselstilbodet i samiske område. Sjøsamiske område blir ramma spesielt hardt. Det fører til at den kamuflerte fråflyttinga som skjer, har spesielt store konsekvensar for desse områda. Sametinget viser til at sentrale styresmakter har gått inn for å halde oppe samisk kultur. Då meiner Sametinget at også infrastrukturen, som til dømes samferdsel, må haldast oppe.

Sametinget er informert om at somme kommunar, t d Skånland, ikkje rettar seg etter intensjonane i stadnamnlova som likestiller samiske og norske stadnamn.

Sentrale styresmakter må sjå til at kommunar og fylkeskommunar rettar seg etter intensjonane i lover som gjeld det samiske folk og samfunn.

Sametinget ventar seg mykje av det arbeidet som er sett i gang i FN med ein resolusjon om urfolk. Sikring, godkjenning og vidareutvikling av rettane til urfolk, medrekna sjølvråderett, er sentrale emne for dette arbeidet. Sametinget ventar at den norske staten skal hjelpe til med å få på plass ein resolusjon om urfolk. Sametinget vil prioritere dette arbeidet framover.

Sametinget legg vekt på å følgje med i det arbeidet som er viktig for urfolk på den internasjonale arenaen, særleg gjeld det organ som fastset internasjonale rettsstandardar. Sametinget peiker igjen på det ansvaret som regjeringa har med å følgje opp slike spørsmål, og dessutan ansvaret med å konsultere Sametinget i spørsmål som gjeld urfolk.

Sametinget viser til at det er teke ei rekkje initiativ, og at det går for seg prosessar som i varierande grad tek opp spørsmål som gjeld samiske rettar. Alt i alt kan arbeidet med samiske rettar summerast opp til mellom anna å innehalde:

  • Utgreiinga frå Samerettsutvalet NOU 1997:4 Naturgrunnlaget for samisk kultur, som no er til høyring

  • Det vidare arbeidet som Samerettsutvalet driv i Troms, Nordland og det sørsamiske området

  • Utgreiinga om samiske sedvanar og rettsoppfatningar som no er i arbeid

  • Arbeidet i reindriftslovutvalet

  • Arbeidet til Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms

  • Arbeidet med ein lovproposisjon om ei ny minerallov

  • Spørsmålet om innføring av fjellova i Troms og Nordland

  • Den daglege arbeidet i Statsskog SF og tilhøvet til samiske rettar

  • Manglande framgang i Noregs engasjement i arbeidet med ein urfolksresolusjon og eit permanent forum for urfolk i FN.

Med dei ressursane som Sametinget disponerer i dag, representerer summen av desse sakene politiske utfordringar som tinget ikkje har kapasitet til å møte samtidig. Denne situasjonen krev at Sametinget og Regjeringa saman må vurdere ulike handlingsalternativ. Det er ikkje tilstrekkeleg at desse spørsmåla blir behandla kvar for seg av dei respektive fagdepartementa i forhold til Sametinget. Dei må samordnast. Sametinget viser i denne samanhengen til St meld nr 52 (1997-98) der det heiter at det er avgjerande for utfallet at det blir lagt opp til eit nært samarbeid mellom Sametinget og Regjeringa. Vidare heiter det i kapittel 3, side 22: "Målet med eit slikt samarbeid må vere å kome fram til ordningar der Sametinget i størst mogleg grad skal kunne ha innverknad på utviklinga av det samiske samfunnet, samtidig som Regjeringa held ved lag den nødvendige grad av heilskapleg fagleg styresmakt på sitt ansvarsområde. .. For å styrkje utviklinga av ein heilskapleg samepolitikk og innverknaden til Sametinget på denne utviklinga er det svært viktig med god samordning mellom fagdepartementa". Sametinget inviterer med dette til ein slik prosess om dei spørsmåla som er nemnde framafor.

2.2 Det politiske arbeidet til Sametinget i 1998

I dette kapittelet blir det presentert sentrale saksområde som Sametinget og Sametingsrådet har hatt oppe til vurdering i 1998. Vedtaka som det blir referert til er gjorde av eit fleirtal i plenum i Sametinget. Mindretalsforslaga går fram av møteboka til Sametinget.

2.2.1 Sametingsplanen 1998 - 2001

Sametingsplanen er vedteken i Sametinget i sak 41/98 og legg grunnlaget for arbeidet i Sametinget i dei komande åra. I kapittel 3 i sametingsplanen går det fram at dei ulike områda i planen må sjåast i lys av sjølvråderetten og det materielle grunnlaget for samisk kultur.

I planen er satsingsområda for Sametinget i perioden 1998-2001 (kapittel 5) det mest omfattande. Det er 3 hovudsatsingsområde: 1. samiske rettar, 2. samisk språk og utdanning, 3. samisk kultur og næring.

Andre satsingsområde er barn og unge, helse og sosialspørsmål, internasjonalt urfolksarbeid, samarbeid mellom sametinga, samarbeid på nordisk nivå og samisk regionalpolitikk.

Samiske rettar er eit viktig område for Sametinget i tida som kjem. Det gjeld ikkje minst oppdatering av samelova, den konstitusjonelle rolla og forhandlingsplikta til Sametinget. Vidare står debatten om samiske rettar og naturgrunnlaget for samisk kultur sentralt i planperioden. Det gjeld også i forhold til arealplanlegging og -forvaltning i samiske område.

2.2.2 St meld nr 41 (1996-97) og St meld nr 18 (1997-98) Om norsk samepolitikk

Sametinget har i sak 9/98 behandla St meld nr 41 (1996-97) og St meld nr 18 (1997-98). Sametinget legg stor vekt på at ein utviklar ein sterk og dynamisk kontakt mellom Sametinget og styresmaktene i landet. Systemet med årlege meldingar og ei prinsippmelding i kvar stortingsperiode er derfor sentrale element i denne samhandlinga.

I årsmeldinga for Sametinget for 1996, som følgjer som vedlegg til St meld nr 41 (1996-97), trekkjer Sametinget opp ein del prinsipielle utfordringar. Spesielt blir det vist til sjølvråderetten for samane, at forhandlingar mellom samane som urfolk og styresmaktene må lovfestast, at urfolksretten må takast med i norsk lov, og krav om godkjenning av eigedomsretten for samane.

2.2.3 Samisk tusenårsstad- markering av tusenårsskiftet i Noreg

I samband med markeringa av tusenårsskiftet i Noreg foreslår Sametinget i sak 20/98 at Austsamisk museumsanlegg/kultursenter i Neiden blir samisk tusenårsstad.

Den austsamiske (skoltesamiske) kulturen i Noreg har vore utsett for eit særleg hardt press. Resultatet er tapet av rettar, ressursgrunnlag og språk. Samtidig er austsamekulturen eit svært viktig referansegrunnlag for samisk førhistorie og historie generelt. I samsvar med nyare arkeologisk forsking var det siste tusenåret før tidsrekninga vår ein sentral periode for opphavet til mange samiske kulturtrekk. Å markere tusenårsskiftet i eit intakt austsamisk område knyter saman den samiske førhistoria og historia før og etter vår eiga tidsrekning.

Den austsamiske gruppa er lita, men den spesielle historia deira i statsrettsleg, religiøs, språkleg og kulturell samanheng tilseier eit statleg engasjement omkring kulturvernoppgåvene. Det er ei kulturvernoppgåve som både i samisk og nasjonal samanheng må karakteriserast som svært viktig.

Austsamane/skoltane er busette i Noreg, Russland og Finland. Fokus på austsamane i samband med tusenårsskiftet er også eit fokus på samarbeid og kontakt over landegrensene i Barentsregionen og markerer samane som eit eige folk i nordområda.

Sametinget ber om at samane får plass i markeringa av tusenårsskiftet i Noreg, og ber styresmaktene løyve nødvendige midlar til val av samisk tusenårsstad og andre markeringar ved inngangen til eit nytt tusenår.

2.2.4 Rettar

2.2.4.1 Samerettsutvalet- Mandat og vidareføring

Sametinget viser i sak 10/98 til at arbeidet til Samerettsutvalet i Troms, Nordland og det sørsamiske området er planlagt vidareført.

Sametinget går inn for at halvparten av medlemmene i utvalet blir oppnemnde av Sametinget. Leiaren må peikast ut av departementet i samråd med Sametinget. Medlemstalet i utvalet bør reduserast. Ein del av den faglege representasjonen i det førre utvalet kan heller takast vare på med særskilde utgreiingar til utvalet.

Det opphavlege mandatet til utvalet bør vidareførast og liggje som eit grunnlag også for det framtidige arbeidet. Sametinget presiserer her at Samerettsutvalet på langt nær har oppfylt mandatet sitt i dei utgreiingane som til no ligg føre.

Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms arbeider parallelt med arbeidet i Samerettsutvalet og feller stadig nye dommar om rettsforhold i område som er av interesse for samiske rettar. I mandatet for samerettsutvalet går det også fram at utvalet skulle ha kontakt med utmarkskommisjonen. Det daglege arbeidet til kommisjonen viser dessverre at samiske rettar blir nedprioriterte. Sametinget krev at arbeidet i utmarkskommisjonen blir stansa.

Prinsippet om tilbakeføring av rettar er eit viktig og godt prinsipp som bør arbeidast inn i mandatet. Vidare tilrår ein at mandatet blir fylt ut.

2.2.4.2 Driftsløyve for uttak av naturstein- Riebanvarri og Náranas

Sametinget har i sak 45/98, utifrå omsynet til allmenne samiske interesser på bakgrunn av internasjonale og nasjonale rettsreglar, bedt Regjeringsadvokaten på vegner av Sametinget vurdere stemning mot Statsskog SF for å få kjent vedtaka til Jordsalsstyret i sakene 3/98 og 4/98, og dessutan vedtaket til Statsskog SF i klagesakene, ugyldige.

Regjeringsadvokaten har avvist oppmodinga frå Sametinget, og seier at Regjeringsadvokaten i ei rekkje saker fungerer på vegner av og som rådgivar for Statsskog SF.

Sametinget har derfor bedt Kommunal- og regionalministeren vurdere på kva for måte og med kva for middel Sametinget kan få slike saker rettsleg prøvde, og ber samtidig departementet klarleggje kva for rolle og rettsleg stilling Sametinget skal ha som statsorgan i denne saka.

Sametinget har også bedt om ei vurdering av på kva måte tinget kan bruke Regjeringsadvokaten, og kva for rolle Regjeringsadvokaten skal ha i slike saker.

2.2.4.3 Nordisk samekonvensjon

Sametinget er i sak 32/98 positiv til eit vidare arbeid med nordisk samekonvensjon. Det er viktig at dei nordiske sametinga har ei sentral rolle i det vidare arbeidet. Det gjeld både når dei skal nemne opp ekspertutvalet, og når dei skal forme ut mandatet for dette utvalet.

Sametinget ser fram til at det kjem i stand eit nordisk samesamarbeid, eit fast samarbeid på politisk nivå mellom ministrane med ansvar for samiske saker i regjeringane og sametingspresidentane. Det er nødvendig med eit nært samarbeid mellom Regjeringa og Sametinget i arbeidet fram til dette samarbeidet kjem inn i faste former.

2.2.4.4 Andre rettsspørsmål

Spørsmålet om eigedomsrettar og disponeringa av utmarksressursar i samiske område er stadige tilbakevendande spørsmål.

Arbeidet i Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms går føre seg parallelt med arbeidet i Samerettsutvalet, og kommisjonen kunngjer stadig dommar om rettsforhold i området av interesse for samiske rettar. I mandatet for Samerettsutvalet går det også fram at utvalet skulle ha kontakt med utmarkskommisjonen. Det daglege arbeidet i kommisjonen viser dessverre at samiske rettar blir svekte. Sametinget krev at arbeidet i utmarkskommisjonen blir stansa.

Prinsippet om tilbakeføring av rettar er eit viktig og godt prinsipp som bør arbeidast inn i mandatet. Vidare blir det tilrådd ei utfylling av mandatet.

Spørsmålet om å innføre fjellova i Troms og Nordland har også vorte teke opp i 1998. Den prinsipielle haldninga i Sametinget er at ein ikkje vil innføre nye forvaltningsmodellar før Samerettsutvalet har gjort ferdig arbeidet sitt i Nordland, Troms og det sørsamiske området.

2.2.5 Samisk parlamentarisk råd

Sametinga i Finland, Noreg og Sverige samarbeider no med sikte på å etablere eit samarbeidsorgan, kalla Samisk parlamentarisk råd. Eit prosjekt i samband med etableringa vart avslutta i februar 1999. Ei administrativ arbeidsgruppe har vurdert organisering og oppnemning av Samisk parlamentarisk råd. Venteleg kan sametinga i februar 1999 ta stilling til etableringa av Samisk parlamentarisk råd. Det ligg utfordringar i å få finansiert samarbeidet frå statane.

2.2.6 Det internasjonale engasjementet til Sametinget

Sametinget legg vekt på å vere aktivt med i det internasjonale arbeidet med urfolksspørsmål. Denne saka vart behandla av Sametinget i sak 31/98. Dette er eit krevjande arbeid som krev målretta deltaking i alle prosessar som er relevante for situasjonen for urfolk generelt og for det samiske folket spesielt.

Det er lagt opp til denne prioriteringa av det internasjonale arbeidet i Sametinget:

Innsats for å få innverknad på organ som fastset internasjonale rettsstandardar som FN (Sameinte nasjonar), ILO (International Labour Office), UNESCO (FN-organisasjonen for utdanning og kultur), Nordisk samekonvensjon og reinbeitekonvensjonen mellom Noreg og Sverige.

Innsats for å få innverknad på organ som forvaltar økonomiske ressursar i samiske område; EU, Interreg, fellessamiske prosjekt med EU/norsk finansiering, Barentssamarbeidet - med vekt på prosjekt i Sápmi helst på russisk side, Nordisk råd - særleg når det gjeld finansieringa av institusjonar/prosjekt i Sápmi.

Innsats for internasjonalt solidaritetsarbeid med andre urfolk; delta på møte arrangert av og mellom urfolk, arbeide ut støttevedtak i samband med enkeltsaker, og dessutan øve politisk press på styresmaktene i dei aktuelle landa.

Innsats for å få innverknad på andre internasjonale organ/prosessar; Nordisk råd, Barentssamarbeidet og Arktisk råd. Andre organ som er interessante bør følgjast nøye og vurderast etter kor viktige dei er for arbeidet på tinget.

Vidare skal Sametinget prøve å etablere ordningar for samiske kulturutsendingar på norske utanriksstasjonar i dei landa der det er naturleg å samarbeide om urfolksspørsmål.

2.2.7 Næringar

2.2.7.1 Fiske i samiske kyst- og fjordområde

Sametinget har i 1998 vist stor aktivitet når det gjeld fiskerispørsmål. Innstillinga frå Samisk fiskeriutval vart grundig drøfta i plenum i Sametinget i sak 13/98 i februar 1998. Her vart det m a gjort vedtak om å arbeide for å få til ei prøveordning med ei fiskerisone for samiske område, der ein "ut frå den kritiske situasjonen fleire sjøsamiske samfunn står framfor i dag, sterkt vil peike på at det må setjast i verk nødvendige tiltak og reguleringar". Sametinget vedtok desse nye strategiane:

  • Peike ut tre fiskerisoner for å prøve ut lokaltilpassa forvaltningsordningar

  • Innføre nærleiks- og tilknytingsprinsippet i forvaltning og fangst av maritime ressursar.

Sametinget ser at det er avgjerande for vidare busetjing at denne prosessen kjem i gang og blir ført vidare i samarbeid med ansvarlege styresmakter.

2.2.7.2 Reindriftsavtala 1998 - 1999

Sametinget legg i sak 23/98 vekt på å nå måla om ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift. Sametinget legg vekt på at dei verkemidla som blir utvikla må byggje på samisk kultur, sedvane og rettsoppfatning. Både juridiske, økonomiske og administrative tiltak får større effekt, og ikkje minst godkjenning av næringa, dersom eigenarten til næringa blir lagd til grunn.

St prp nr 49 (1997-1998) Om reindriftsavtala 1998-1999 tek for seg ein del hovudproblem for reindrifta i den komande avtaleperioden. Etter det Sametinget meiner, er det likevel svært fokusert på forholda i Finnmark med overbeiting og ein vanskeleg ressurssituasjon. Sametinget ville gjerne ha eit noko større fokus på dei utfordringane næringa står framfor i andre delar av landet.

Sametinget registrerer at ramma for årets reindriftsavtale er den same som for 1997-98. Utviklinga i reindrifta dei siste åra viser at næringa økonomisk er inne i ein vanskeleg periode. Avtala må derfor i større grad hjelpe til med å sikre ei økonomisk berekraftig reindrift.

2.2.7.3 Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark- vidareføring

Sametinget registrerer at regjeringa vil ha ei vidareføring av arbeidet med omstilling i Indre Finnmark, og at kommunalministeren vil at Sametinget tek eit større ansvar for dette arbeidet. Sametinget har drøfta dette arbeidet i sak 24/98, og er budd på å ta ansvaret for å føre vidare omstillingsarbeidet så snart rammevilkåra står i forhold til dei oppgåvene som må løysast.

Finnmark fylkeskommune har hatt det politiske ansvaret for omstillingsprogrammet fram til i dag, og Sametinget ser at det er bruk for eit nært samarbeid med fylkeskommunen framover. Sametinget skal prøve å byggje dei alliansane og samarbeidsformene som er mest praktiske og effektive, og vil ha eit nært samarbeid med alle offentlege organ som til no har vist vilje til å løyse dei oppgåvene som omstillingsprogrammet har stått framfor.

2.2.7.4 Rovviltforvaltninga

Sametinget har skjønt at det bør bli sikra ein variert fauna som ein naturleg del av eit økologisk mangfald. Tinget har forståing for at miljøet blir tilpassa slik at det kan aksepterast ein viss naturleg rovdyrbestand i samiske område.

Likevel vil Sametinget så sterkt det kan peike på at det er bruk for ei forvaltning som sikrar og vernar grunnlaget for husdyr og tamreindrift. I samiske område må derfor rovdyrbestanden haldast på eit slikt nivå at rovdyra ikkje blir eit trugsmål for samiske næringsinteresser, og med det eit trugsmål for samiske lokalsamfunn.

I tillegg er det naturleg å sjå heile det samiske området samla både på norsk, svensk og finsk side når det gjeld forvaltninga av dei store rovdyra.

2.2.8 Handlingsplan for samiske kyst og fjordområde

Sametinget har i 1998 gjennomført ei rullering av Handlingsplan for samiske kyst- og fjordområde, 1997-2001, i plenumssak 30/98. Sametinget vil med grunnlag i denne planen delta aktivt i arbeidet der verdiskaping, næringsutvikling og kompetanseoppbygging står sentralt. Planen har vital verdi for utvikling av dei samiske samfunnsområda frå Tysfjord i sør til Grense Jakobselv i nordaust.

Sametinget vil med rullering av Handlingsplan for samiske kyst- og fjordområde gjennomføre ein målretta innsats for å styrkje samisk identitet i kyst- og fjordområda. Planen skal ha ein samordnande funksjon med omsyn til tiltak og verkemiddel som tinget vil gjennomføre. Satsingsområda er "kulturell revitalisering" og identitetsoppbygging, jordbruk, reindrift, fiske, duodji, nærings-kombinasjonar, samiske kulturhus, samisk språkutvikling, utvikling av kulturbasert reiseliv og informasjonsarbeid.

Sametinget legg i rulleringa av planen spesielt vekt på plassen til kvinnene i lokalsamfunna i samiske kyst- og fjordområde. Planen fokuserer på å skape gode vilkår for kvinnene, ettersom desse står sentralt når bygdene skal vidareutviklast. I utforminga av mål, strategiar og tiltak i handlingsplanen for samiske kyst- og fjordområde er det derfor teke omsyn til faktorar som kvinner legg vekt på, i tillegg til utforming av spesielle kvinnetiltak.

2.2.9 Hellemo-prosjektet

Sametinget viser til at det har vore sett av ein million kr årleg frå Samisk utviklingsfond i 1997 og 1998 til tiltak for å ta vare på bu- og sysselsetjing i Muskenområdet, Tysfjord kommune (Hellemoprosjektet). Den same løyvinga er gitt for 1999, som er det siste året i programmet. Sametinget viser til at prosjektet har ført til ny optimisme i området, og det er gjennomført fleire konkrete utviklingstiltak. Sametinget viser til at det er fleire tiltak for samisk språk, undervisning og næringsutvikling som blir planlagt saman med sosialpolitiske tiltak. Det er derfor bruk for å utvide prosjektperioden utover 1999 for å fullføre desse.

2.2.10 Utdanning

2.2.10.1 Samisk opplæringssektor- overføring av styringsområde til Sametinget

Regjeringa har som målsetjing å gi Sametinget større politisk innverknad på saker som er spesielt interessante for det samiske folket. Det gjeld ikkje minst samisk utdanningspolitikk og næringsutvikling, og dessutan språk og kultur, jf St meld nr 41 (1996-97) og St meld nr 18 (1997-98).

Stortingsmeldingane er behandla av Stortinget. Det er gitt tilslutning til forslaget om å overføre oppgåver frå departementet og Samisk utdanningsråd til Sametinget. Det går ut på at oppgåver og styresmakt for samisk opplæringssektor blir overførte til Sametinget. Det gjeld mellom anna alle oppgåver i samband med læreplanane. Tilslutninga fører også til nedlegging av Samisk utdanningsråd i noverande form i samband med overføringa.

Sametinget er positiv til at oppgåver og styresmakt for samisk opplæringssektor blir overførte til Sametinget. Tinget viser til det tidlegare vedtaket sitt om overføring av styresmakt på denne sektoren m a i høyringsfråsegn i samband med St meld nr 41 (1996-97) og St meld nr 18 (1997-98), og tek til etterretning at det skjer ei overføring av oppgåver når Stortinget har behandla desse meldingane, og dei konsekvensane som iverksetjing av ny opplæringslov fører med seg.

2.2.10.2 Åarjelsaemien øøhpetimmie/Sørsamisk utdanning

Sametinget er fornøgd med at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har sett i gang arbeidet med samla plan for sørsamisk utdanning. Sametinget støttar i sak 11/98 synet på at skulen i det sørsamiske samfunnet, som i resten av det samiske samfunnet, speler ei heilt sentral rolle i vern og utvikling av språk og kultur. I det sørsamiske samfunnet har skulen ei spesielt viktig rolle på grunn av den utsette stillinga sørsamisk språk har i dag, og på grunn av at det sørsamiske folket er fåtalig og er spreidd over eit stort geografisk område. Det er derfor tvingande nødvendig å styrkje innsatsen som er retta mot sørsamisk utdanning.

Det går for seg ein prosess med overføring av styresmakt for opplæringssaker til Sametinget. I samband med denne prosessen er det også naturleg å vurdere kva for tilknyting sameskulane på Snåsa og i Hattfjelldal skal ha til sametingssystemet.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har lagt til grunn at styrking av sørsamisk utdanning ikkje skal løyse ut nye økonomiske ressursar. Sametinget kan ikkje sjå at det er mogleg å styrkje sørsamisk utdanning utan at det fører med seg større løyvingar på statsbudsjettet.

2.2.11 Barne- og ungdomsprosjektet

Barne- og ungdomsprosjekt er sett i gang. Den viktigaste oppgåva for prosjektleiaren i denne første fasen av prosjektet er å definere og konkretisere prosjektet i samarbeid med Sametingsrådet, som er styringsgruppe. Ei referansegruppe for prosjektet er oppnemnd av Sametingsrådet.

2.2.12 Helse og sosial

Sametinget har i 1998 fått overført midlar frå Sosial- og helsedepartementet for tilsetjing i ei engasjementsstilling for tre år i Sametinget. Saksbehandlaren tok til i stillinga 14. september, og arbeidsoppgåvene er i hovudsak oppfølging av NOU 1995:6 Plan for helse- og sosialtenester for det samiske folket. Sametinget har fastsett retningslinjer og satsingsområde for oppfølging av samisk helse- og sosialplan. Ved budsjettbehandlinga (1998) i departementet er det vidare bestemt at det skal overførast midlar til Sametinget frå og med 1999 til ulike prosjekt for utvikling av eit likeverdig helse- og sosialtilbod for det samiske folket.

2.2.13 Kvinne- og likestillingsspørsmål

Den tre-årige prosjektperioden for Samisk kvinneprosjekt var over ved utgangen av 1998. Eitt av satsingsområda i prosjektet har vore å integrere kvinne- og likestillingsspørsmål på saklista til Sametinget. For å sikre ein best mogleg kontinuitet i arbeidet i Sametinget med kvinne- og likestillingsspørsmål, er det nødvendig med ein konkret plan som skisserer korleis dette området bør følgjast opp.

Sametinget drøfta i sak 34/98 utkast til Handlingsplan for likestilling med satsingsområde og mål for 1998-2001. Handlingsplanen for likestilling er delt inn i tre delar. Første del handlar om bakgrunnen for planen, perspektiv, mål og strategiar, forholdet til andre planar og økonomiske og administrative konsekvensar. Andre del gir ei kortfatta omtale av likestilling som eit tverrsektorielt politikkområde og arbeidet i Sametinget med likestillingsspørsmål fram til i dag. Tredje del handlar om satsingsområde og mål for arbeidet i Sametinget for perioden 1998 - 2001. Det blir lagt opp til ei rullering av planen i kvar sametingsperiode, slik at ein kan justere mål, strategiar og satsingsområde.

2.2.14 Retningslinjer og forskrifter

I samsvar med det nye økonomireglementet har det vore nødvendig å vurdere forskriftene og retningslinjene for Sametinget. Desse retningslinjene er behandla av Sametinget i 1998:

  • Retningslinjer for tildeling av midlar for oppfølging av NOU 1995:6 Plan for Helse- og sosialtenester til det samiske folket i Noreg. Sak 40/98

  • Forskrifter for Samisk utviklingsfond. Sak 42/98

  • Retningslinjer for tilskot til næringskombinasjonar. Sak 43/98

2.2.15 Anna

2.2.15.1 Freding av Skoltebyen kulturminneområde i Neiden

Samisk kulturminneråd sende fredingsforslag for Skoltebyen kulturminneområde i Neiden til Riksantikvaren for sentral behandling i april 1997. Det er det første fredingsforslaget frå eit samisk organ. Det er derfor spesielt sørgjeleg at arbeidet med fredingsforslaget ikkje er følgt opp av Riksantikvaren med ei sentral høyring og behandling.

Den manglande framdrifta er ikkje minst sørgjeleg når ein tenkjer på kor nødvendig det er med ei kontinuerleg oppfølging av arbeidet for styrking av austsamisk kultur, av vedtaket i Stortinget om eit austsamisk museum som nasjonal samisk tusenårsstad, og av den tidlegare oppfordringa frå Riksantikvaren til Samisk kulturminneråd om å ta opp dette vernearbeidet. Sametinget håpar Riksantikvaren i 1999 får framdrift i arbeidet med fredingsforslaget.

2.2.15.2 Tiltak mot prostitusjon

Sametinget tilrår i sak 14/98 at kjøp av seksuelle tenester blir gjort straffeskuldig. Vi ber Regjeringa vurdere spørsmålet i tilknyting til den lovproposisjonen om endring i straffelova som blir lagd fram etter utgreiinga i Seksuallovbrotsutvalet. Sjølv om eit lovforbod ikkje kan erstatte det sosiale og samfunnsbyggjande arbeidet mot prostitusjon, kan det gjere dette arbeidet lettare og meir effektivt. Eit lovforbod kan etter det Sametinget meiner også vere eit sterkt signal om at prostitusjon ikkje er godkjend i samfunnet vårt.

2.2.15.3 Nødhjelp til samane på Kola

Sametinget har engasjert seg i nødssituasjonen på Kola. Visepresidenten var i september med på ein studietur til Murmansk og Lujávri (Lovozero) arrangert av Barentssekretariatet, og målet var å studere prosjekt i regi av Barents-samarbeidet for helse, miljø, næring og kultur mellom urfolk.

Opphaldet vart likevel prega av den akutte nødssituasjonen som sjølvsagt også har konsekvensar for det samiske folket i området.

Sametingsrådet har løyvt 70 000 kr til nødhjelp på Kolahalvøya. Pengane går frå Kárásjoga gielda/Karasjok kommune, som samordnar hjelp til vennskapskommunen Lujávri. Slik veit vi at det går hjelp direkte til samar på russisk side.

2.2.15.4 Lokal Agenda 21

Sametingsrådet har i samband med arbeidet til Miljøverndepartementet med å følgje opp Lokal Agenda 21 og etablere regionale knutepunkt tilrådd å etablere eit samisk knutepunkt for LA21. Formålet med eit samisk knutepunkt er å hjelpe til med at berekraftig utvikling kjem inn på den politiske dagsorden og kan avleire seg i planane og tiltaka til Sametinget og kommunane, kan supplere og styrkje eksisterande relevante prosessar, og kan stimulere til utvida samarbeid mellom samiske institusjonar og organisasjonar og vere kontaktpunkt for Sametinget, Miljøverndepartementet og det landsdekkjande kompetansenettverket som no blir utvikla. Saka blir ført vidare etter det møtet som presidenten hadde med miljøvernministeren 17. mars i år.

2.2.15.5 Organiseringa av samisk kulturminnevern

Organiseringa av samisk kulturminnevern vart evaluert av NIBR i 1998. Evalueringsrapporten var ferdig i november d å. Rapporten ser på tre hovudperspektiv kalla samisk styring, desentralisering og samordning.

Rapporten konkluderer med at dei samiske interessene for kulturminnevernet har vorte styrkt i den perioden Samisk kulturminneråd har vore i aktivitet. Organisasjonsmodellen som er valt for den samiske kulturminneforvaltninga blir rekna for å vere gunstig for å kunne nå både samepolitiske mål og i høg grad måla for desentralisering og samordning. Det blir likevel sagt at små og på mange måtar utilstrekkelege ressursar saman med mangelfullt grunnlagsmateriale som t d registrerte kulturminne, gjer at Samisk kulturminneråd ikkje når langt nok i arbeidet sitt.

Miljøverndepartementet har gitt til kjenne at prøveordninga med Samisk kulturminneråd har vore vellykka, at ho skal halde fram og styrkjast i tida framover.

2.3 Dei fagpolitiske og administrative oppgåvene til Sametinget

2.3.1 Fordeling av tilskot

Sametinget har heilt sidan grunnlegginga i 1989 hatt som mål å ta på seg flest mogleg oppgåver på felt som gjeld det samiske samfunnet. Sametinget har arbeidd med å byggje opp det interne systemet sitt slik at det fungerer i forhold til dei oppgåvene som skal utførast. Sametinget overtok frå og med budsjettåret 1993 ei rekkje nye forvaltningsoppgåver. Alle ordningar som frå 1993 er lagde inn under budsjettkapittelet for Sametinget Kap. 0540 i statsbudsjettet er forvaltningsansvar for Sametinget. For å kunne ta vare på ansvaret har Sametinget arbeidd ut ei rekkje forskrifter og retningslinjer for fordeling av midlane.

Nytt økonomireglement for staten vart fastsett ved Kgl res 26. januar 1996. Siktemålet med det nye reglementet er ei meir effektiv styring og utnytting av statlege midlar, og ei betre mål- og resultatoppnåing. For å kunne tilfredsstille dei krava som blir stilte i det nye økonomireglementet må Sametinget arbeide ut ny instruks for økonomiforvaltninga i Sametinget og innføre nytt økonomisystem. Dette arbeidet vart starta i januar 1998, og det nye økonomisystemet skal vere i drift frå 1. januar 1999. Store delar av 1999 går med til å utvikle gode mål og resultatsystem tilpassa Sametingets eigne system. Det er eit mål at Sametinget alltid skal ha oversyn med utviklinga i dei ulike delane av det samiske samfunnet, for best mogleg å kunne tilpasse verkemiddelsystemet sitt til dei behova som blir avdekte.

Når det gjeld eksternfinansierte verkemiddel til sametingssystemet, er det i dag slik at Samisk utviklingsfond, post 51, dei to siste åra har vorte tilført midlar i samsvar med reindriftsavtala og jordbruksavtala. Det er midlar som forhandlingspartane har forhandla fram for å styrkje arbeidet med næringsutvikling i regi av Samisk næringsråd. I 1998 vart to mill kr overførte over reindriftsavtala og ein mill kr over jordbruksavtala.

Eksternfinansieringa av prosjekt og tiltak på driftsbudsjettet til Sametinget gjer at driftskostnadene i rekneskapen år for år kjem til å liggje over det budsjettet som tidlegare er vedteke. Årsaka til at desse midlane er haldne utanfor budsjettfordelinga, er at ein skal kunne samanlikne tala som blir løyvde over den faste løyvinga frå år til år.

Tabell 2.1 Totale løyvingar og rekneskapstal for kap 0540/3540 Sametinget (alle tal i tusen)

PostNemningLøyvingRekneskapMeir-/mindre forbruk
01Driftsutgifter27 26330 075- 2 812
51Samisk næringsråd20 59720 5970
52Samisk kulturråd10 37610 3760
53Samisk språkråd18 20618 2060
70Tilskot til andre samiske formål9 9229 90517
Sum86 36489 159- 2 795
Kap. 3540 Tilfeldige innt2 7242 724
Sum89 08889 159- 71
Meir forbruk- 71

2.3.2 Driftsrekneskapen for Sametinget 1998

Rekneskapen for 1998 viser eit meirforbruk på kap 0540/3540 på 71 000 kr.

Sametinget som det sentrale samiske styringsorganet er naturleg også adressat for saker som gjeld det samiske folket. Etter at Sametinget vart etablert, har det vore ein jamn vekst i talet på fråsegner og saker som Sametinget tek imot. Denne auken er gledeleg og samtidig ei stor utfordring for tinget både administrativt og politisk.

Det administrative systemet har eit aukande press berre for å kunne handtere veksten i talet på førespurnader til Sametinget. Det er likevel ei målsetjing å utvikle kapasiteten i sametingssystemet i takt med dei krava som blir stilte til Sametinget både som forvaltningsorgan og politisk organ.

Tabellen nedanfor illustrerer talet på journalføringar i perioden 1994-1998. Utviklinga viser at Sametinget i dag handterer ein dokumentmasse som tek til å nærme seg det eit departement tek imot. Til samanlikning hadde Landbruksdepartementet i 1998 22643 journalføringar.

Figur 2-1 Antall journalføringer i perioden 1994-1998

Figur 2-1 Antall journalføringer i perioden 1994-1998

2.3.3 Sametingsrådet

Dei administrative oppgåvene til Sametingsrådet i 1998 har vore å dele ut tilskot til samiske organisasjonar (2 600 000 kr), dele ut midlar til politiske grupper i Sametinget (1 300 000 kr), og dessutan andre tiltak (147 000 kr).

2.3.4 Forvaltnings- og fagpolitiske oppgåver i dei underliggjande råda til Sametinget

2.3.4.1 Arbeidet med samisk språk

Samisk språkråd er eit organ for Sametinget. Det har ansvaret for å utvikle og ta vare på samisk språk i Noreg. Oppgåvene til Samisk språkråd er å verne om den kulturarven som samisk skriftspråk og talespråk representerer, arbeide for vern og styrking av samisk språk, utvikle samisk terminologi, fastsetje skrivemåten av samiske ord og uttrykk innanfor rammene av dei fastsette nordiske samiske rettskrivingane, rettleie og informere om samiske språkspørsmål, føre oversyn over kvalifiserte omsetjarar og tolkar, og dessutan fremje og vere aktiv i nasjonalt og nordisk samarbeid om samiske språkspørsmål.

Sametinget har i 1998 overført 198 000 kr frå post 70 til post 53 for å styrkje satsinga av samisk språk.

Samisk språkråd har i 1998 arbeidd med desse spørsmåla:

Tospråksbruk

Sametinget har gitt Samisk språkråd ansvaret for å dele ut statlege midlar til samisk tolketeneste og tospråksbruk i dei seks kommunane som tilhøyrer forvaltningsområdet for samisk språk: Karasjok, Kautokeino, Tana, Porsanger, Nesseby og Kåfjord kommunar i Finnmark og Troms fylkeskommunar. Midlane for inneverande år var 16 650 000 kr.

Tolkeprøve- og autorisasjonsordning

Samisk språkråd har ei godkjenningsordning som kan gi grunnlag for registrering av godkjende tolkar. Samisk språkråd har hatt ei arbeidsgruppe som har fremja forslag til korleis ei slik autorisasjonsordning skal fungere.

Stønader til prosjektarbeid

Samisk språkråd har i 1998 gitt stønader til desse prosjekta etter søknader frå kommunar/fylkeskommunar: Stadnamnprosjekt- sørsamisk område, prosjekt i helse- og sosialtenesta, terminologiutvikling, språkkurs for samisktalande, samiske språksentra, tospråklege barnehagar, språkrettleiar- Evenes og Skånland kommunar.

Språkundersøking- offentlege organ

Samisk språkråd har i 1998 gjennomført ei undersøking om bruken av samisk språk i offentlege organ i Noreg. Undersøkinga gir Sametinget ei klarlegging av situasjonen for samisk språk i offentleg samanheng. Samisk språkråd har for første gong undersøkt korleis offentlege organ bruker samisk i statstenesta, og om dei organa som yter tenester i heile eller delar av forvaltningsområdet for samisk språk, kjenner språkreglane i samelova.

Av 43 spurde statlege institusjonar svara 35 på denne undersøkinga. Undersøkinga viser at språkreglane i samelova ikkje blir følgde. Det ser ut til å vere tre hovudårsaker til det. Statsinstitusjonane har manglande kjennskap til regelverket (språkreglane i samelova med forskrifter, mållova og forvaltningslova). Vidare manglar statsinstitusjonane rutinar for språklikestillingsarbeid. Statsinstitusjonane har i tillegg få tilsette med kunnskapar i samisk språk.

Utdanningsstipend for samisk ungdom

Sametinget vedtok i sak 16/93 retningslinjer for Utdanningsstipend for samisk ungdom. I budsjettet til Sametinget for 1998 - Fordeling, vart det på kap 549 post 70.3 sett av 850 000 kr til utdanningsstipend for samisk ungdom. Det var stor interesse for utdanningsstipendet i 1998.

Samisk orddatabank

Samisk orddatabank er ein database der samiske ord og samisk terminologi blir samla og gjord tilgjengeleg for flest mogleg brukarar. Brukarane skal kunne søkje etter både samiske og norske ord. Den primære målsetjinga med dette prosjektet er å prøve å få organisert eit systematisk arbeid for samisk terminologiutvikling og å få til ein raskare og breiare bruk av språket med hjelp av nettverk. Prosjektet skal leggje forholda til rettes for ei samordna utvikling av det samiske språket der både eksisterande og ny terminologi blir tilgjengeleg for flest mogleg.

Samisk språknemnd

Samisk språkråd har i 1998 vore aktivt med i planlegginga av Samisk språknemnd, ei felles nordisk nemnd for det samiske språkarbeidet. Reorganiseringa av Samisk språknemnd på sametinga gjer at Samisk språkråd får eit større ansvar for arbeidet i språknemnda. Det knyter seg ein del utfordringar til organiseringa og finansieringa av dette arbeidet.

2.3.4.2 Arbeidet med samisk kulturminnevern

Samisk kulturminneråd har som formål å verne om samiske kulturminne på ein måte som hjelper til å styrkje og vidareføre samisk kultur.

Samisk kulturminneråd er organisert under Sametinget, som har den politiske styringa og arbeidsgivaransvaret, og Miljøverndepartementet ved Riksantikvaren, som har det overordna fagansvaret. Administrasjonen for Samisk kulturminneråd har fått delegert fullmakt og har stått for den daglege saksbehandlinga etter kulturminnelova og skal ta vare på kulturminneinteressene i plan- og bygningslova.

Sametinget vedtok eit budsjett for Samisk kulturminneråd for 1998 på 5,451 mill kr. Samisk kulturminneråd har fått fullmakt til å dele ut midlar på Kap. 1429, post 72.7 på budsjettet til Riksantikvaren. Posten var i 1998 på 600 000 kr, og det var meininga å nytte pengane til konkrete vernetiltak for samiske kulturminne og kulturmiljø.

Evaluering av samisk kulturminnevern

Organiseringa av samisk kulturminnevern vart evaluert av NIBR i 1998. Rapporten ser på tre hovudperspektiv kalla samisk styring, desentralisering og samordning. Rapporten konkluderer med at dei samiske interessene for kulturminnevernet har vorte styrkt i den perioden Samisk kulturminneråd har vore aktivt. Organisasjonsmodellen som er valt for den samiske kulturminneforvaltninga blir rekna for å vere gunstig til å kunne nå både samepolitiske mål og i høg grad måla for desentralisering og samordning. Det blir likevel sagt at små og på mange måtar utilstrekkelege ressursar saman med mangelfullt grunnlagsmateriale, som t d registrerte kulturminne, gjer at Samisk kulturminneråd ikkje når langt nok i arbeidet sitt.

Miljøverndepartementet har gitt til kjenne at prøveordninga med Samisk kulturminneråd har vore vellykka, og at ho skal halde fram og styrkjast i tida framover.

Faglege initiativ, oppgåver og prosjektarbeid i 1998:

Det har vore ein auke i talet på saker som Samisk kulturminneråd har ansvar for. Samisk kulturminneråd skal ta vare på samiske kulturminneinteresser i plan- og byggjesaker etter plan- og bygningslova. I den samanhengen må Samisk kulturminneråd gi høyringsfråsegner til statlege verneplanar, til fylkesplanar, til kommunale arealplanar, reguleringsplanar, byggjeplanar og enkeltsøknader, og til konsekvensutgreiingar. Samisk kulturminneråd driv rettleiing i planspørsmål for kommunane og har makt til mellombels å stanse kommunale arealplanar, reguleringsplanar og byggjeplanar.

Samisk kulturminneråd legg stor vekt på å ha eit generelt godt samarbeid med fylkeskommunane og fylkesmennene i saksbehandlinga. Der det er mogleg, prøver ein å gjennomføre synfaringar saman med fylkeskommunane og miljøvernavdelingane til dei enkelte fylkesmennene. Det gjeld i Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark.

Av saker som har fått særleg merksemd i 1998 kan nemnast: Fredingsforslaget for Skoltebyen kulturminnevernområde i Neiden og tilsynsarbeidet i Neiden, samisk bygningsvern, samisk skjelettmateriale, kulturminnedatabase, restaurerings- og vedlikehaldsprosjektet i Heammogieddi, Kautokeino kommune, dokumentasjonsmaterialet frå Rørosområdet, samiske kulturminne og kulturmiljøet i Mauken-Blåtind, konsekvensutgreiing-linjetrase Levanger kommune.

Av internasjonalt samarbeid har Samisk kulturminneråd vore aktivt med i: Norsk-russisk kulturminnevernsamarbeid, konvensjonen om biologisk mangfald, inter-regionalt registreringsprosjekt i det sørsamiske området.

2.3.4.3 Arbeidet med samiske kulturspørsmål

Samisk kulturråd er eit underliggjande råd i sametingssystemet. I tillegg til å ta seg av forvaltningsoppgåver på vegner av Sametinget, er Samisk kulturråd også eit fagpolitisk organ for Sametinget i saker som har med samisk kulturpolitikk å gjere.

Samisk kulturråd har eit allsidig samarbeid med andre underliggjande råd i sametingssystemet. Her kan ein spesielt nemne samarbeidet med Samisk næringsråd og Samisk kulturminneråd med tanke på fagleg vurdering og felles finansiering av prosjekt. Vidare ser ein kontakten med kommunar, fylkeskommunar og samiske organisasjonar som viktig.

Kontaktutvalet for samiske kulturspørsmål

I 1997 vart det gjort ein gjennomgang/evaluering av arbeidet i kontaktutvalet for samiske kulturspørsmål, der mandat, oppgåver, vilkår og arbeid var oppe til diskusjon. Det synest som om denne gjennomgangen har resultert i at arbeidet i utvalet har fått ein meir tilpassa struktur. Det synest likevel vanskeleg å måle effekten av arbeidet i utvalet med dei sakene som utvalet tek opp, sett i forhold til oppfølginga frå sentrale styresmakter og frå Norsk kulturråd.

Samisk tusenårsstad

Vedtaka i Sametinget om å peike ut Austsamisk museumsanlegg i Neiden som samisk tusenårsstad kjem til å krevje til dels store ressursar av administrasjonen i Samisk kulturråd for å føre arbeidet vidare med tanke på ei realisering av prosjektet. Utfordringa er å få etablert ei juridisk eining som kan drive fram etableringa og drifta av museumsanlegget. Det må skje i nært samarbeid med Samisk kulturminneråd, det austsamiske miljøet, Sør-Varanger kommune og andre naturlege samarbeidspartnarar.

Av administrative verkemiddel disponerte Samisk kulturråd i 1998:

Samisk kulturfond

I budsjettet for Sametinget for 1998 vart det i kap 540, post 52.1 "Samisk kulturfond" løyvt 5 000 000 kr. Fondet skal dekkje heile landet. Det er registrert at talet på søknader aukar. Den totale søknadssummen til fondet i 1998 var på om lag 15 mill kr. Det svarar til ein auke på om lag 1,5 mill kr sett i forhold til tala frå 1997. Godkjende stønader til dei ulike saksområda synest i hovudtrekk å reflektere tala frå tidlegare år.

Etter grunnlegginga av Samisk kulturfond har ein søkt å forme innsatsen etter eigne behov og ønske på kulturområdet. Det har skjedd i ei tid då oppgåvene har auka og nye problemstillingar har vorte reist. Samtidig har ikkje dei økonomiske rammene hatt ein tilsvarande auke. Ein hovudtanke ved grunnlegginga av Samisk kulturfond var å sikre at samisk kunst og kultur skulle få utvikle seg etter sine eigne premissar.

Elles forvaltar Samisk kulturråd desse tilskotsordningane:

Fordeling av stønad til samisk forlagsdrift, fordeling av stønad til samiske kulturhus, fordeling av stønad til samiske kulturorganisasjonar og til oppvekstvilkår for samiske barn.

2.3.4.4 Arbeidet med samiske næringsspørsmål

Samisk næringsråd tek seg av forvaltningsoppgåvene på vegner av Sametinget og fungerer som fagpolitisk organ spesielt i saker som gjeld næringslivs- og sysselsetjingsspørsmål.

Samisk næringsråd har eit vidt spekter av saker som gjeld fire sektorar: Stønad til samisk utviklingsfond, stønad til næringskombinasjonar, stønad til duodji og Interreg. I tillegg til å drive med administrative oppgåver er det også nødvendig å drive stor utoverretta verksemd med service for ulike kundegrupper. Samisk næringsråd driv også eit allsidig samarbeid med andre offentlege finansieringsinstansar som krev ressursar til samordning og tilrettelegging. Saksvolumet for 1998 kan illustrerast med desse tala: 140 saker til rådsbehandling, 324 saker behandla av administrasjonen og dessutan 137 næringssaker behandla av administrasjonen.

I statsbudsjettet for 1998 fekk fondet ei løyving på 17 597 000 kr. Av denne ramma skulle 3,2 mill kr gå til å føre vidare ordninga med næringskombinasjonar. Ramma for tildeling av tilskot til duodji var på 3,6 mill kr. I samsvar med reindriftsavtala og jordbruksavtala er det stilt respektive to mill kr og ein mill kr til disposisjon for Samisk næringsråd. Vidare er det gitt ei tilleggsløyving på ein mill kr til Hellemo-prosjektet og to mill kr til å føre vidare handlingsplanen for samiske kyst- og fjordområde. Sametinget har fått fullmakt til å omdisponere post 01 Driftsutgifter med inntil 500 000 kr mot tilsvarande innsparing på post 51 Samisk næringsråd. Totalt hadde Samisk næringsråd 27 197 000 kr til disposisjon for 1998. Det er godkjent ein lovnad på vel 31 mill kr til fondssøknader i 1998.

Programarbeid

Samisk næringsråd er aktivt med i programarbeidet i ulike fora. Det fører til ei betre samordning av verkemiddelbruken. Sametinget isolert har verken økonomiske eller administrative ressursar til aleine å imøtekome utfordringar og løyse store og omfattande oppgåver i det samiske samfunnet. Her kan nemnast Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark og Nord-Noregutvalet til Regjeringa.

Samisk utviklingsfond

Samisk utviklingsfond har til formål å fremje tiltak av særleg kulturell, sosial og økonomisk verdi for det samiske folket og det samiske busetjingsområdet. Fondet er eit distriktspolitisk verkemiddel i sametingssystemet. I tillegg til ei målsetjing om å skape og halde oppe levedyktig næringsverksemd og arbeidsplassar i virkeområdet, har fondet også funksjon som eit kultur- og likestillingspolitisk verkemiddel i det samiske busetjingsområdet.

Med eit utvida geografisk virkeområde frå 1997 legg dei nye retningslinjene, som vart vedtekne i 1998, opp til ein meir markert stønadsprofil for kulturtiltak, reindriftsrelatert verksemd og tiltak avleidde av reindrift.

Det geografiske virkeområdet for fondet er no avgrensa til 20 kommunar og det samiske folket på Senja og Lenvik kommune og i sørsameområdet.

Det geografiske virkeområdet til fondet i Finnmark fylke er kommunane: Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárá$019johka/Karasjok, Porsanger, Deatnu/Tana, Unjárga/Nesseby, Kvalsund og delar av kommunane Gamvik, Lebesby, Alta og Måsøy.

I Troms fylke er virkeområdet Kvænangen kommune, Gáivuona/Kåfjord kommune, Storfjord kommune, krinsar i Lavangen-, Tromsø- og Skånland kommunar og bygder i Gratangen kommune. I tillegg kan fondet yte stønad til det samiske folket på Senja og fastlandsdelen av Lenvik kommune.

I Nordland fylke er virkeområdet delar av Evenes og Tysfjord kommunar og krinsane Veggen og Vassdalen i Narvik kommune. I tillegg kan fondet yte stønad til det samiske folket i området frå Saltfjellet i Nordland til Engerdal i Hedmark fylke.

I tillegg forvaltar Samisk næringsråd tildeling av stønader til næringskombinasjonar, tildeling av stønader til duodji og midlar over Interreg-programmet.

2.4 Økonomiske og administrative utfordringar

2.4.1 Innleiing

Sametinget er inne i ein prosess når det gjeld overføring av forvaltningsordningar som direkte gjeld det samiske folket. Sametinget skal frå og med 1999 få overført budsjettet sitt som ei såkalla post 50-løyving. Det tyder at Sametinget kan forvalte midlane sine i ei ramme som tinget sjølv må prioritere innanfor. Sametinget må alltid vurdere kva for ordningar og verkemiddel som skal vidareførast, styrkjast eller reduserast. Samtidig er det gjort ei endring i måten regjeringa behandlar samiske saker i samband med statsbudsjettet. På budsjettkonferansane til Regjeringa blir samiske tiltak og løyvingar behandla samla, og lagar derfor eit godt grunnlag for ein meir heilskapleg samepolitikk, jf St meld nr 52 (1997-98) og oversynet frå Kommunal- og regionaldepartementet med løyvingar til samiske formål, H-12/98.

Ei konkret endring i forhold til inneverande år er det at ein frå og med år 2000 må gjere ei budsjettbehandling også halvvegs i året, då helst i mai-plenum. Årsaka til det er at Sametinget vil stå fritt til å disponere underforbruk, eller dekkje inn overforbruk frå året før. Det tyder at ein ved rekneskapsavslutninga året før må leggje fram eit eventuelt overskot/underskot for plenum for å gjere nødvendige omdisponeringar.

Den praksisen regjeringa har utvikla i budsjettarbeidet med samiske tiltak, opnar for nye måtar å gjere det på også med budsjettarbeidet i Sametinget. Det viktige for inneverande år må seiast å vere at regjeringa har følgt prioriteringa til Sametinget når ein har sett at ein kan auke budsjettet. Det er eit gjennomslag for den rolla som tinget har som premissleverandør og ansvarleg organ, i og med at tinget er sett til å vurdere og prioritere kva det samiske samfunnet har bruk for.

På ei rekkje område har ein ikkje fått gjennomslag. Det er likevel saker som må vurderast på nytt i samanheng med budsjettet for år 2000. Ei rekkje nye behov som ein ikkje var klar over då budsjettet for 1997 vart behandla, må vurderast og prioriterast.

I perioden 1989- 1999 har det vore ei utvikling av budsjettet til Sametinget. Målt i 1989-kroner har budsjettet auka frå 18,5 mill kr til 77,1 mill kr, eller ei tilnærma firedobling. Delvis er det på grunn av at ramma for ulike ordningar har vorte større, men det er også eit resultat av ei samordning av ulike budsjett etter kvart som Sametinget har overteke eksisterande tilskotsordningar.

Figur 2-2 Budsjettutviklinga i 1989-kroner (i 1000 kr).

Figur 2-2 Budsjettutviklinga i 1989-kroner (i 1000 kr).

Kjelde: * Konsumprisindeksen er rekna ut til 2,5 %.

Budsjettet for 1999 fører til at Sametinget kan realisere ei styrking av eksisterande ordningar. Det er svært positivt fordi ein no ser ein sterkare dynamikk i samarbeidet mellom Sametinget og sentralforvaltninga i å ta ansvar for tiltak for det samiske folket.

Sametinget tek ansvar for å forvalte tilskotsordningar og utvikle retningslinjer tilpassa behova til det samiske samfunnet, men kan ikkje på sjølvstendig grunnlag påverke den samla økonomiske ramma som trengst. Det fører til at ein er avhengig av eit nært samarbeid med regjering og Storting om dei finansielle rammene for arbeidet i Sametinget.

2.4.2 Behov for ressursar i år 2000

I tråd med tidlegare praksis behandla Sametinget på sitt novemberplenum i sak 47/98 budsjettet for år 2000. I den samanhengen vart nye tiltak drøfta og prioriterte.

Som ei vidareføring av arbeidet til regjeringa med å samordne samiske tiltak på statsbudsjettet, er det ikkje berre tiltak på Sametingets eigne budsjettkapittel som er drøfta, men også andre tiltak som førebels ikkje høyrer med til dei som Sametinget kan styre med. Denne prioriteringa er eit signal til regjeringa om planar og tiltak som Sametinget vil setje i gang/styrkje, slik at prioriteringa kan leggjast til grunn for budsjettarbeidet i Regjeringa for år 2000.

Nedanfor er der sett opp ein tabell med dei tilrådde tiltaka med grunngiving for kvart forslag. For å få betre oversyn er berre dei postane som er tilrådde auka, tekne med:

Tabell 2.2 Prioritert rekkefølgje (i 1000 kr)

Kap.PostNemning1999Behov 2000+/-
54001Sámi sierrabibliotehka/Samisk spesialbibliotek1,8824,6002,718
540012 stillingar til hovudadm til Sametinget17,14518,3451,200
54052Samiske barn og unge1,4253,5052,080
54052Samiske kulturhus, driftsstønad2,8437,8435,000
32073Tusenårsstad - Austsamisk museumsanlegg08,5008,500
54053Samiske språksentra01,2001,200
54052Gába - kvinneblad01,2101,210
32073Ája samisk senter013,00013,000
32073Museum for kunst- og kulturhist.01,5001,500
32470Beaivvás Sámi Teahter9,53112,5002,969
54021Utgreiingsoppdrag/planarbeid02,0002,000
32373Samisk filmfond02,0002,000
32870Sámiid Vuorká-Dávvirat2,7123,200488
54001Kontor til Sametinget i Oslo01,5001,500
33575Samiske aviser8,00010,0002,000
54053Rett til opplæring i samisk01,0001,000
54052Samisk kulturfond9,12511,1252,000
54051Samisk utviklingssfond20,09722,0972,000
142972Samisk kulturminnevern6001,000400
540012 stillingar til underliggjande råd0870870
Sum prioriterte behov73,360126,99553,635

Det er tilrådd å føre vidare eksisterande tiltak slik det går fram i fordelinga av 1999 budsjettet i sak 46/98. Det er m a knytt stor tvil til kor mykje inventaret i det nye sametingsbygget kjem til å koste. Dei prioriterte behova som er presenterte ovanfor og grunngitt nedanfor, føreset at ramma for 2000 budsjettet blir auka med dei oppførte summane i forhold til 1999 budsjettet.

Sametinget har for år 2000 prioritert informasjonsarbeid med desse tiltaka:

  • Etablering av Sámi sierrabibliotehka/Samisk spesialbibliotek

  • Styrking av hovudadministrasjonen med midlar til ei stilling som informasjonskonsulent

  • Styrking av arbeidet med samiske barn og ungdom

Prt 1 Sámi sierrabibliotehka/Samisk spesialbibliotek (SSB)

SSB skal overførast til Sametinget når SSB er oppgradert og gjort om til ein rein statsinstitusjon.

Sametinget ber om at Kulturdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet tilfører tilstrekkeleg med stillingar og økonomiske ressursar for å gjennomføre organiseringa.

Økonomiske konsekvensar av forslag frå arbeidsgruppa til organisering er på til saman på 3 375 764 kr. På grunn av pris- og lønnsjusteringar er det for år 2000 stipulert til fire mill kr. SSB må tilførast ytterlegare 600 000 kr øyremerkt for bibliotekavdelingane i sør- og lulesamisk område. Avdelingane må tilførast 300 000 kr kvar.

Prt 2 Saksbehandlarar til hovudadministrasjonen i Sametinget

Sametinget har sidan grunnlegginga møtt eit stort informasjonsbehov frå norsk, samisk og utanlandsk publikum om samiske forhold generelt, og om arbeidet i Sametinget spesielt. Sametinget har bruk for midlar til 1- ein stillingsheimel for å føre vidare det arbeidet som er starta opp på informasjonssida.

Hovudadministrasjonen i Sametinget har bruk for ein sekretær som kan ta på seg oppgåver for presidenten og visepresidenten.

Prt 3 Samiske barn og ungdom

Samisk kulturråd forvaltar gjennom tilskotsordninga Samiske barns oppvekstvilkår 1,25 mill kr i 1998, og for 1999 1,425 mill kr. Talet på søknader til tilskotsordninga aukar kraftig, og i 1997 var samla søknadssum på 3,1 mill kr. Samisk kulturråd har prioritert tiltak som blir sette i gang av eller etter initiativ frå barn og unge.

Oppgåva til Samisk kulturråd blir med utgangspunkt i samisk kultur og samiske tradisjonar å leggje til rette tiltak som skaper språkleg og kulturell samkjensle med eigen kultur. Det viktig å ta med i vurderinga dei store endringane som har skjedd dei siste åra.

I NOU 1987:34 Samisk kultur og utdanning blir det tilrådd å setje av midlar på statsbudsjettet til periodiske samiske publikasjonar. Utvalet peiker på at det er ei svært viktig oppgåve å få sett i gang eit samisk barneblad med stabil utgiving. Med bakgrunn i dette tiltaket blir det tilrådd at det blir sett av midlar til utgiving av ungdomsmagasin og barneblad.

Prt 4 Samisk kulturhus, driftsstønad

Det blir tilrådd ein auke på 5 mill kr til driftsstønad av eksisterande samiske kulturhus. Noverande samiske kulturinstitusjonar må sikrast betre driftsfinansering. Det gjeld Saemien Sijte, Sijti Jarnge og Várjjat Sámi Musea, og i tillegg er Ája Samisk senter etablert og må takast med i driftsstønadsordninga.

Prt 5 Tusenårsstad- Austsamisk museumsanlegg, Neiden

Sametinget har vedteke at Austsamisk museumsanlegg i Neiden skal bli samisk tusenårsstad. Å etablere eit Austsamisk museumsanlegg er ei kulturvernoppgåve som både i samisk og nasjonal samanheng må karakteriserast som svært viktig.

Den austsamiske gruppa er lita, og deira spesielle historie i statsrettsleg, religiøs, språkleg og kulturell samanheng tilseier eit statleg engasjement for kulturvernoppgåvene.

Byggjekostnader for Austsamisk museumsanlegg i Neiden er rekna til nærmare 17 mill kr. Sametinget fremjar forslag om 8,5 mill kr i år 2000, og fremjar også forslag om ein tilsvarande sum på statsbudsjettet for 2001.

Prt 6 Samiske språksentra

Erfaringa viser at i område der det er grunnlagt språksentra, har arbeidet med å fremje språket lykkast bra. Slike språksentra burde etablerast lokalt i område der språket har dårlege vilkår. Eit språksenter kan ikkje eksistere utan økonomiske ressursar, og vi tilrår derfor ei løyving på 1,2 mill kr jamvel om behovet er mykje større.

Prt 7 Gába- kvinneblad

Gába er eit samisk kvinneblad som blir skrive på nordsamisk og norsk. Gába treng ei permanent statleg finansiering på 1,2 mill kr slik at bladet kan givast ut fire gonger årleg.

Prt 8 Ája samisk senter, Kåfjord

Ája samisk senter er eit prioritert tiltak. Både på kommune- og fylkesplan og Sametinget har i behandlinga si av "Samla plan for samiske kulturhus" prioritert Ája samisk senter øvst av kulturhus som skal etablerast.

Ein prøver å realisere Ája samisk senter med statleg, fylkeskommunal og kommunal finansiering. Den statlege delen er budsjettert med 13 mill kr av totale byggjekostnader på 26 mill kr i år 2000. Restsummen bør kome på statsbudsjettet i år 2001.

Prt 9 Kap 328/Dep KD Nasjonale institusjonar- Sámiid Vuorká-Dávvirat/Dei samiske samlingane

Departementet tilrår ei løyving på 2,712 mill kr til Sámiid Vuorká-Dávvirat/Dei samiske samlingane i 1999. Det er noko mindre enn institusjonen hadde budsjettert med for 1998. Budsjettet var på 3,2 mill kr.

Sametinget tilrår at løyvinga blir auka til 3,2 mill kr for å kunne få gjennomført dei oppgåvene som Sámiid Vuorká-Dávvirat/Dei samiske samlingane er pålagde.

Prt 10 Kap 324/Dep KD Samisk teater

Departementet har sett opp ei løyving på 9,531 mill kr til Beaivvás Sámi Teahter i 1999. Det er mykje mindre enn det teateret sjølv hadde budsjettert. For å kunne utføre dei tiltaka som teateret har planlagt, er det behov for ei løyving på 12,3 mill kr.

Sametinget tilrår at løyvinga blir auka til 12,5 mill kr.

Prt 11 Særskilde utgreiingar og planar

Sametinget har årleg ei rekkje prosjekt gåande med utarbeiding av diverse planar for ulike politikkområde. Dei ulike planarbeida er gjerne eksternfinansierte. Behovet for å finansiere slike planar/utgreiingar er stadig aukande, og det er unødvendig arbeidskrevjande og for tilfeldig å basere dette arbeidet på eksterne midlar. Det er både viktig og rett å leggje til grunn at Sametinget sjølv dekkjer slike behov innanfor eigne rammer. Det blir derfor tilrådd at budsjettramma til Sametinget blir auka med to mill kr for å dekkje behovet for å arbeide ut eigne planar/utgreiingar.

Prt 12 Kap 323/Dep KD Samisk filmfond

Det bør grunnleggjast eit samisk filmfond som kan finansiere samisk film- og videoproduksjon.

Prt 13 Samisk nasjonalmuseum for kunst- og kulturhistorie

For å få gjennomført etablering av Samisk nasjonalmuseum for kunst- og kulturhistorie er det nødvendig å setje av midlar til investering i utvidinga av Sámiid Vuorká-Dávvirat/Dei samiske samlingane til også å romme eit samisk kunstmuseum. I første omgang blir det søkt om ei løyving på 1,5 mill kr.

Prt 14 Kontoret til Sametinget i Oslo

For å ta vare på representasjons/informasjons- og stønadsfunksjonane til Sametinget i Oslo blir det tilrådd ei løyving på 1,5 mill kr for år 2000 til å etablere og drive kontoret.

Prt 15 Kap 335/Dep KD Tilskot til samiske aviser

Regjeringa tilrår å føre vidare og auke løyvinga til åtte mill kr i 1999. Løyvinga gjeld grunntilskot og driftstilskot til samiske aviser.

Sametinget tilrår at løyvinga blir auka til ti mill kr.

Prt 16 Rett til opplæring i samisk

Erfaringa har hittil vist at §§ 3- 7 og 3- 8 i samelova er eit vedtak som ikkje kan realiserast så lenge det ikkje blir gitt eigne midlar til tiltaket. Derfor fremjar vi forslag om at det blir etablert ei stipendordning for personar som vil lære seg samisk.

Det blir tilrådd å etablere ei stipendordning med ein mill kr.

Prt 17 Samisk kulturfond

For å sikre ei tilfredsstillande utvikling av Samisk kulturfond blir det tilrådd å auke løyvinga til fondet med to mill kr.

Behovet for å auke fondet har vorte aktualisert med at Samisk kulturråd dei to siste åra har fått mange søknader til basisutstillingar i samiske institusjonar. Det har bakgrunn i endringa av praksisen om at kostnader til utstillingar skal vere ein del av byggjebudsjettet. Det har ført til problem for finansieringa av basisutstillingar, og endar med at samiske institusjonar ikkje får realisert planane sine. Den uklare situasjonen når det gjeld finansieringa av basisutstillingar har ført til ekstra økonomisk press på samisk kulturfond.

Prt 18 Samisk utviklingsfond

Utvidinga av det geografiske arbeidsområdet for Samisk utviklingsfond gjeld no seks nye kommunar i tillegg til dei 15 som alt er med i mandatområdet. I samband med utvidinga av arbeidsområdet må fondsbudsjettet aukast. I tillegg skal det etter forskriftene ytast fondsstønader til kultur- og språktiltak og til reindriftssamisk næringsverksemd.

Prt 19 Kap 1429/Dep MD Samisk kulturminnevern

Det er sett av 600 000 kr i 1998 til Samisk kulturminnevern for å styrkje innsatsen for tekniske og industrielle kulturminne.

Sametinget tilrår at løyvinga blir auka til ein mill kr for å kunne støtte opp under ulike kulturminne- og kulturmiljøprosjekt som gjer aktiv bruk av lokalmiljøet. Det kan igjen medverke til engasjement for samiske kulturminne spesielt, saman med samisk kultur og historie generelt.

Prt 20 To stillingar til dei underliggjande råda til Sametinget

Utviding av arbeidsområdet og satsing på kvinnetiltak gjer at det blir bruk for fleire saksbehandlarar i Samisk næringsråd. Det er bruk for midlar til 1- ei ekstra saksbehandlarstilling.

Samisk kulturminneråd har i dag 12 stillingsheimlar. Samisk kulturminneråd har bruk for midlar til ein saksbehandlar som har fagleg kompetanse på samiske kulturminne.

Tillegg- Utgiving av samisk læremateriell

Det er i dag stor mangel på samiske læremiddel som er godkjende i samsvar med det nye læreplanverket L-97 Samisk. Det er derfor viktig å arbeide for betre rammevilkår for læremiddelproduksjonen. Rammevilkåra som det i den samanhengen kan visast til er m a:

  • økonomiske vilkår, sosiale ordningar og tilbod om kompetanseutvikling for dei som lagar samiske læremiddel.

  • stønader til samiske forlag bør aukast til fire mill kr. Sametinget vil i den samanhengen også ta initiativet til å få ei klarare rollefordeling mellom Samisk læremiddelsenter og samiske forlag når det gjeld produksjon av læremiddel.

  • retningslinjer for stønader frå SND til samiske forlag. I samsvar med gjeldande forskrifter og rundskriv er bedrifter som tek imot faste offentlege stønader stengde ute frå å ta imot stønader frå dei distriktspolitiske verkemidla for bedrifter som SND forvaltar. Derfor må retningslinjene endrast slik at bedrifter blir fritekne frå denne regelen når dei tek imot faste offentlege stønader for å fremje samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Vedlegg: Organiseringa av Sametinget Organiseringa av det politiske systemet

Sametinget i plenum

Møteleiinga i Sametinget

Sametingsrådet

Dei ulike organa har denne funksjonsfordelinga:

Sametinget i plenum

Sametinget i plenum er det øvste organet i Sametinget. Plenum er suveren i å regulere arbeidet sitt innanfor dei rammene som er fastlagde i lov av 12. juni 1987 nr 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold. Sametinget i plenum fastset forretningsordenen og grunnreglar for tinget, og regulerer arbeidet til dei underliggjande fagråda. Sametinget gjekk gjennom organiseringa si i sak 35/98 Organiseringa av Sametinget og fastsette grunnreglar og forretningsordenen.

Møteleiinga i Sametinget

Val av møteleiing og funksjonen til møteleiinga er regulert i grunnreglane til Sametinget § 2-2 og forretningsordenen til Sametinget §§ 16 og 17. Møteleiinga skal mellom anna kalle inn og leie plenumsmøtet i Sametinget, peike ut deltakarane frå Sametinget til parlamentariske møte og konferansar, og avgjere søknader om permisjon.

Sametingsrådet

I Sametingsrådet sit presidenten, visepresidenten og 3 medlemmer. Rådet står for leiing og drift av arbeidet i Sametinget. Rådet er fleirtalsvalt mellom dei faste representantane i Sametinget. Dei administrative oppgåvene til Sametingsrådet er å dele ut midlar til dei samiske organisasjonane og tilskotet til gruppesekretærane i Sametinget, og dessutan "Andre tilskot" (post 70.6).

Organiseringa av dei underliggjande råda i Sametinget

Dei underliggjande råda i Sametinget er innførte i statsbudsjettet kapittel 0540. For å handtere den daglege forvaltninga av desse ordningane har Sametinget nemnt opp underliggjande råd med eigne administrasjonar for å ta vare på desse funksjonane. Sametinget fastset både driftsbudsjett og arbeidsoppgåver for dei enkelte råda.

Rådsstrukturen

Sametinget har etablert desse underliggjande forvaltningsorgana:

  • Samisk næringsråd

  • Samisk kulturråd

  • Samisk språkråd

  • Samisk kulturminneråd

Dei ulike råda blir tildelte forvaltningsoppgåver samtidig som dei fungerer som fagpolitiske rådgivingsorgan.

Administrasjonar og lokalisering for råda

Kvart av råda er etablerte med eigne administrasjonar. Administrasjonane er lokaliserte slik:

  • Samisk næringsråd Kárásjohka/Karasjok (samlokalisert med hovudadministrasjonen til Sametinget)

  • Samisk kulturråd Tysfjord

  • Samisk språkråd Guovdageaidnu/Kautokeino

  • Samisk kulturminneråd Unjárga/Nesseby (hovudadministrasjon)

Samisk kulturminneråd har eit eige distriktsapparat. I Snåsa er det etablert eit kontor med forvaltningsansvar for det sørsamiske området. Distriktskontoret i Tromsø har ansvaret for Troms og Nordland fylke. Kontoret i Unjárga/Nesseby har forvaltningsansvaret for Finnmark fylke.

Samisk næringsråd:

  • Samisk utviklingsfond

  • Tilskot til næringskombinasjonar

  • Tilskot til duodji

Samisk kulturråd:

  • Samisk kulturfond

  • Tilskot til samiske kultursentra

  • Tilskot til samiske kulturorganisasjonar

  • Tilskot til samiske barns oppvekstvilkår

  • Tilskot til samiske forlag

Samisk språkråd:

  • Samisk tolketeneste og tospråksbruk (tilskot til kommunar og fylkeskommunar)

  • Utdanningsstipend til samisk ungdom

Samisk kulturminneråd:

  • Forvaltning av samiske kulturminne

Med unntak av Samisk kulturminneråd er Sametingsrådet klageinstans for forvaltningsvedtak vedtekne i dei underliggjande råda. Riksantikvaren er klageinstans for enkeltvedtak som er avgjorde av kulturminnerådet.

Til forsida