St.meld. nr. 48 (1998-99)

Om Sametingets virksomhet 1998

Til innhaldsliste

4 Arbeidet til regjeringa med samepolitiske saker og oppfølginga av merknadene frå Sametinget

4.1 Naturgrunnlaget for samisk kultur

4.1.1 Samerettsutvalet

Justisdepartementet arbeider med å nemne opp att Samerettsutvalet for å greie ut retten til og disponeringa og bruken av naturgode i område utanfor Finnmark fylke. I og med at utvalet skal ta fatt på ei utgreiing om nye geografiske område, der kryssande interesser kan vere til dels annleis enn i Finnmark, er det naturleg å nemne opp heile utvalet på nytt. Det kan også vere naturleg å gjere nokre mindre justeringar av mandatet.

I samband med nyoppnemninga har det vore kontakt mellom Sametinget og Justisdepartementet. Justisdepartementet skal rådføre seg med Sametinget både når det gjeld samansetjinga av utvalet og eventuelle justeringar av mandatet.

4.1.2 Lovproposisjon om ny minerallov

I statsråd 18. februar i år sende Regjeringa Ot prp nr 35 (1998-99) Om lov om leveveg av og drift på mineralressursar (minerallova) til Stortinget m a saman med eit vedlegg om forskrift for område med samiske interesser. Eit eventuelt vidareføringsarbeid av forskrifta for område med samiske interesser kan først skje når Stortinget har ferdigbehandla lovforslaget.

Regjeringa har tilrådd ei særskild forskrift for område med samiske interesser. Forskrifta er omtalt i eit eige vedlegg til minerallova. Det blir her tilrådd ein tidsavgrensa nektingsrett for Sametinget for Finnmark fylke. Dersom ein driftskonsesjon i Finnmark kan føre til store inngrep, skal Sametinget få saka til vurdering. Dersom inngrepet skader naturgrunnlaget for samisk kultur, med næring og samfunnsliv, kan Sametinget med to tredels fleirtal gjere vedtak om mellombels nekting. Nekting går ut på at det for ein periode på eitt år ikkje kan gjerast vedtak om driftskonsesjon. Nekting kan berre skje ein gong for same tiltak.

4.1.3 Rovviltforvaltninga

Det blir i rovviltforvaltninga lagt stor vekt på tiltak som er retta inn mot å dempe konfliktar mellom rovvilt og samiske næringsinteresser. Ved tildeling av kvotar for felling av gaupe og jerv blir lagt det spesielt vekt på reindriftsområde.

For delar av Finnmark, Vesterålen, Lofoten og store øyar i Troms gjeld den målsetjinga at områda bør haldast frie for gaupe. Vidare blir det ikkje lagt til rettes for etablering av ulv i nokon av dei samiske reindriftsområda.

Erstatningar for tap på grunn av rovdyr auka frå 4,7 mill kr i 1994 til 7,5 mill kr i 1995, og vidare til 14,7 mill kr i 1996. Ein del av auken dei siste åra kan likevel forklarast som endringar av utbetalingar i Trøndelagsfylka frå 1995 til 1996. For 1997 vart det av Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruksdepartementet løyvt fem mill kr til ekstraordinære tiltak for å rette opp situasjonen for enkelte driftseiningar i Nord-Trøndelag etter vedvarande tap av rein. Etter same problemstilling er det også fremja krav frå reindriftene i Troms, Nordland, Sør-Trøndelag og Hedmark. I Nordland ligg no erstatningane for tap av rein på om lag 70 pst av slakteinntektene, og kan i vesentleg grad tilskrivast rovdyrerstatningar. På bakgrunn av utviklinga i tapssituasjonen for reindrift dei seinare åra er det sett i verk ei rekkje tiltak:

  • Betre og meir presist oversyn med rovviltstammene av gaupe, jerv, bjørn og ørn. Det er for 1999 løyvt midlar på statsbudsjettet til dette arbeidet, og Direktoratet for Naturforvaltning skal i første halvår leggje fram forslag til program for gjennomføringa.

  • Kartlegging av tidleg kalvedød i ulike område, dvs tap frå fødsel til merking.

  • Skaffe betre data om variasjonar i naturleg dødsrate for ulike distrikt på grunn av endringar i beitekvalitet, beitekapasitet, beitekonfliktar, reintal og driftsform.

  • Ordne med raskare tilbakemeldingar om rovvilttap frå reindriftsforvaltninga til fylkesmennene, og med det redusere tida for behandling og utbetaling når det gjeld erstatningssøknader.

  • Ot prp om lovfesting av retten til erstatning for rovviltskadar på bufe og tamrein skal leggjast fram til behandling i Stortinget.

  • Eksisterande regelverk for erstatning av rein drepen av rovvilt skal reviderast.

  • Det skal arbeidast ut forvaltningsplanar for kvart fylke for rovvilt. Aktuelle førebyggjande tiltak skal gjennomgåast, vurderast og utprøvast for å hindre tap av rein til rovvilt.

  • Å effektivisere tiltak for å ta ut skadedyr som det er gitt fellingsløyve på, skal vurderast.

  • Forsøksnemnder og rovviltutval for kvart fylke skal evaluerast.

  • FOU-tiltak skal vidareførast og utviklast.

Tiltaka for å sikre reindrifta mot utolelege tap må sjåast på bakgrunn av dei folkerettslege pliktene landet har til å ta vare på det materielle grunnlaget for samisk kultur. Hovudansvaret for dei tiltaka som er nemnde ovanfor ligg i Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet. Miljøverndepartementet, Landbruksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil fortsette samarbeidet på dette området med sikte på å rette på dei problema som tapssituasjonen i reindrifta har ført til i det sørsamiske området.

4.2 Næringspolitikk

4.2.1 Reindrift

Reindriftsavtala

Staten ved Landbruksdepartementet og Norske reindriftssamers landsforbund (NRL) vart 26. februar 1999 samde om ei ny reindriftsavtale for driftsåret 1999- 2000. St prp nr 54 (1998-99) Om reindriftsavtala 1999-2000 vart levert 9. april 1999 og ligg no til behandling i Stortinget. Avtala har ei økonomisk ramme på 80 mill kr. Det er ein auke på fem mill kr i forhold til inneverande avtale. Produksjonstilskotet til driftseiningane har auka frå 45 000 kr til 50 000 kr. I tillegg er det sett av 4,5 mill kr til finansiering av kostnader med tiltak som kjem av radioaktiv forureining.

Det er semje mellom partane om at det no skal setjast inn nye og meir forpliktande verkemiddel for å få til ein meir optimal bruk av beita i dei distrikta i Finnmark der misforholdet mellom reintal og beiteressursar er størst. Strategien går ut på at det blir stilt krav til slakting av rein etter kor mange simler som om sommaren 1999 ikkje når dei fastsette vektkrava. Slaktinga skal skje etter planar som ein reknar med blir arbeidde ut for kvart distrikt. Samtidig blir det etablert ei spesiell ordning for å løyse inn driftseiningar i desse distrikta. I distrikt der ein ikkje får til semje om ein slik plan, eller der planane ikkje blir følgde opp, blir driftseiningane pålagde slakting med heimel i reindriftslova. Avtalepartane er også samde om å innføre ei tidlegpensjonsordning for reindrifta etter modell av ordninga for jordbruket. Denne ordninga skal gjere det mogleg for reindriftsutøvarane å gå ut av næringa før dei har rett til alderspensjon frå folketrygda, men ordninga skal også stimulere til tidlegare generasjonsovergangar, og på den måten tilpasse sysselsetjinga betre til inntektsgrunnlaget.

Regjeringa ser det som eit stort framsteg at avtalepartane på denne måten har funne fram til ei felles plattform for det vidare samarbeidet mellom reindriftsstyret og næringsorganisasjonen for reindrifta. Med dette grunnlaget kan ein ta sikte på å løyse dei problema med miljøet, dyrevernet og drifta som delar av reindrifta i Finnmark står midt oppe i.

Situasjonen etter Aursundendommen og oppnemning av eit reindriftslovutval

Norske reindriftssamers landsforbund sette 5. desember 1997 fram eit krav om at det måtte klarleggjast nærmare korleis situasjonen i dei sørsamiske områda etter dommen i Høgsterett i Aursundensaka blir følgt opp av styresmaktene, og at det måtte setjast ned ein reindriftslovkommisjon for ein generell gjennomgang av reindriftslovgivinga.

Etter at det kom inn søknad frå Riast/Hylling reinbeitedistrikt om ekspropriasjon av beiterett for rein i området nord for Aursunden, nemnde Landbruksdepartementet 4. november 1998 opp eit utval på tre medlemmer som på vegner av staten skal prøve å forhandle fram ei langvarig beiteavtale på "akseptable vilkår både for grunneigarar, staten og reineigarar". Tidsperspektivet for arbeidet i utvalet er førebels sett til årsskiftet 1999- 2000.

Den 5. november 1998 nemnde Landbruksdepartementet opp eit utval på 11 medlemmer som skal gå gjennom reindriftslova av 9. juni 1978 med sikte på å endre dei reglane som gjeld

  • styringa og forvaltninga av reindrifta

  • dei interne forholda i reindrifta, også rettsstillinga til den enkelte reineigaren

Innstillinga frå utvalet reknar ein med skal liggje føre seinast ved utgangen av år 2000.

Kvinneretta tiltak i reindrifta

Få samiske kvinner er formelt etablerte i primærnæringane, og det kan sjå ut som om kvinner er til overs i dei tradisjonelle samiske næringane, med unntak av samisk husflid, duodji. Det er etablert ei særskild stilling som kvinnekonsulent ved reindriftsforvaltninga i Alta. Konsulenten skal arbeide særskilt med kvinne- og familieretta tiltak i reindrifta. Arbeidet med å initiere prosessar som sikrar at generelle næringstiltak tek tilstrekkelege kvinne- og familieomsyn har prioritet ved sida av arbeidet med å prøve å utvikle kvinnerelaterte tilleggsnæringar. Landbruksdepartementet har sett av 0,5 mill kr i 1999 til denne stillinga. Kommunal- og regionaldepartementet har i 1999 sett av ein mill kr til kvinne- og familieretta tiltak. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Landbruksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet som skal arbeide ut forslag til disponering av desse midlane. Dette arbeidet skal skje i nært samarbeid med kvinnekonsulenten i Reindriftsforvaltninga.

4.2.2 Samiske kyst- og fjordområde

Styresmaktene har plikt til etter folkerettslege avtaler og § 110 a i Grunnlova til å leggje til rettes for at den samiske folkegruppa kan verne og utvikle språket sitt, kulturen og samfunnslivet. Det gjeld også for fiskeripolitikken. Innstillinga frå Samisk fiskeriutval gir eit verdifullt tillegg til utviklinga av fiskeripolitikken for dei samiske interessene. I utviklinga av fiskeria i samiske busetjingsområde er det viktig å ha eit langsiktig perspektiv med ein dialog mellom samiske organ, fiskeriorganisasjonane og Fiskeridepartementet. For å få til ei heilskapleg ressursforvaltning må overordna nasjonal forvaltning av fiskeressursane leggjast til grunn. Fiskeridepartementet skal vidareføre samarbeidet med samiske interesser m a i Reguleringsrådet.

Fiskeridepartementet skal med gjeldande reguleringssystem føre vidare ordninga med garanterte torskekvotar for fartøy under 11 meter i gruppe I, og fartøy under ti meter i gruppe II i Nord-Troms og Finnmark, dersom ressurssituasjonen tilseier at det er forsvarleg. Denne ordninga er etablert m a av omsyn til fiskeriinteressene i kyst- og fjordområda med samiske folk. Fiskeristyresmaktene ser det som forsvarleg å leggje betre til rettes for dei som vil drive fiske i kombinasjon med anna verksemd. Fiskeridepartementet har med ei forskrift om føring av manntal for fiskarar, fangstmenn m v vidareført ei høgare maksimumsgrense for inntekt frå anna næringsverksemd for å vere aktivt med i fiske i kommunar som får stønader frå samisk utviklingsfond.

For å halde ved lag grunnlaget for å drive fiske i fjordområda er det nødvendig å sikre at fiskarane kan få levert fangstane sine. Fiskeridepartementet har gitt tilskot til reising av stønadsfond for mottaksstasjonar i Troms og Finnmark. Departementet støttar fiskarane som driv kyst- og fjordfiske med midlar til føring av fisk frå mottaksstasjonar til større foredlingsanlegg. I dei fiskeripolitiske retningslinjene om verkemiddelbruken for fiskeri- og havbruksnæringa forvalta av SND, fylkeskommunane og kommunane, gir Fiskeridepartementet signal om at det skal stimulerast til vertikalt samarbeid mellom flåten, havbruksnæringa og industrien når det gjeld mottak/levering av råstoff. Det blir elles vist til St meld nr 51 (1997-98) Perspektiv på utvikling av norsk fiskerinæring og Innst S nr 93 (1998-99) frå næringskomiteen.

4.2.3 Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark

I 1993 vart det sett i gang eit femårig omstillingsprogram for Indre Finnmark. Bakgrunnen for programmet var at omlegginga av reindrifta førte til eit aukande behov for å skape alternative arbeidsplassar. Omstillingsprogrammet gjaldt kommunane Kautokeino, Karasjok, Porsanger og Tana, og vart avslutta i si opphavlege form ved årsskiftet 1998/99.

Som nemnt i årsmeldinga frå Sametinget vedtok Stortinget i behandlinga av statsbudsjettet for 1999 å føre vidare omstillingsarbeidet i Indre Finnmark. Det er sett av 27 mill kr i 1999 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet til dette arbeidet. Midlane skal kunne nyttast både til ekstraordinær bedriftsstønad/etablerarstønad frå SND/fylkeskommunane, kommunale næringsfond, tilretteleggjande tiltak for næringsutvikling, og dessutan mellombelse stillingar til gjennomføring og oppfølging av omstillingsarbeidet.

Det vart lagt vekt på at det i ein overgangsperiode framleis er bruk for å drive eit ekstraordinært omstillingsarbeid før det kan overførast til det ordinære verkemiddelapparatet. Mellom anna er ein stor del av omstillarane frå reindrifta ikkje ferdige med omstillingsperioden sin før ved utgangen av år 2000. Omstillingsarbeidet blir ført vidare i ein overgangsperiode i åra 1999 og 2000. Arbeidet skal vidareførast på denne måten:

  • Finnmark fylkeskommune har det overordna ansvaret for det vidare omstillingsarbeidet frå og med 1. 1. 1999. Det skal i desse to åra arbeidast ut eit eige regionalt utviklingsprogram for Indre Finnmark der både levekår, næringsutvikling og kompetanseheving i Indre Finnmark høyrer med. Det er etablert eit utviklingsforum der fylkeskommunen, dei fire kommunane og dessutan Sametinget er representerte. Forumet skal ha eit overordna ansvar for samordning og overvaking av utviklinga i Indre Finnmark.

  • På kommunenivå skal samarbeidet med ei særskild interkommunal gruppe halde fram. Arbeidet i denne gruppa er kopla tett opp til utviklingsforumet.

  • Det er laga ei utgreiing for å vurdere korleis rollefordelinga mellom m a Sametinget og SND har vore og bør vere når det gjeld næringsutviklinga i Indre Finnmark. Denne utgreiinga, og dessutan ei evaluering av dei to siste åra, lagar grunnlaget for å binde og føre vidare arbeidet i det ordinære verkemiddelapparatet. Det er mellom anna nødvendig at ein i større grad enn tidlegare utnyttar den kompetansen som Samisk næringsråd har på næringsutvikling i samiske område.

  • Det underliggjande rådet i Sametinget, Samisk næringsråd, blir i desse to åra styrkt med meir arbeidskraft for å kunne vere aktivt med i utarbeidinga og oppfølginga av det regionale utviklingsprogrammet, og dessutan arbeidet med næringsutvikling i Indre Finnmark. Det er nødvendig at det blir arbeidd meir aktivt med å forme ut mål og strategiar for dei verkemidla som Samisk næringsråd forvaltar.

Tiltak for utdanning og kompetanseheving

Tiltaka i omstillingsprogrammet for utdanning og kompetanseheving blir administrerte av Samordningsutvalet for Finnmark utdanningsregion (SUFUR) som vart etablert i 1988. SUFUR har ordinære løyvingar for dette arbeidet ut 1999. Det går no føre seg drøftingar mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Finnmark fylkeskommune med sikte på å finne løysingar for å overføre SUFUR til fylkeskommunen den 1. januar 2000 for å føre vidare arbeidet med kompetansehevande tiltak i Indre Finnmark.

4.3 Utdanning

4.3.1 Det sørsamiske utdanningsområdet

I St prp nr 1 (1993-94) kom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med eit framlegg om å leggje ned sameskulen for Midt-Noreg i Hattfjelldal frå hausten 1994.

I budsjettinnstilling S nr 12 (1993-94) bad fleirtalet i komiteen om at det vart arbeidd ut ein økonomisk og fagleg rapport for dei sørsamiske grunnskuleinternata med bakgrunn i forslaget om nedlegging frå departementet. På bakgrunn av forslaga i denne rapporten har regjeringa i St prp nr 1 (1998-99) peikt ut tre utviklingsområde for sørsamisk utdanning, nemleg IT, ambulerande lærar og språkblad, som delar av eit heilskapleg fjernundervisningsopplegg.

Opplæringslova, som blir sett i verk den 1.08.99, gir alle samiske elevar individuell rett til opplæring i samisk språk både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring i heile landet. Det kan aktualisere behovet for lett tilgjengeleg fjernundervisning i samisk språk. I samband med kompetanseutviklinga spør ein alt no etter ITaserte opplegg for vaksne som arbeider i mindre lokalsamfunn. På bakgrunn av denne tendensen blir utviklingstiltaka i sørsamisk utdanning også sett i eit landsomfattande perspektiv.

4.3.2 Overføring av sekretariatet for Samisk utdanningsråd til Sametinget

Ved behandlinga av Ot prp nr 46 Om lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringaslutta Stortinget seg til at Samisk utdanningsråd og det tilhøyrande sekretariatet ikkje lenger skal vere det særlege sakkunnige organet for departementet i spørsmål om samisk opplæring. Ressursane og den kompetansen dette organet representerer skal overførast til Sametinget. Sametinget får nye oppgåver når det gjeld å arbeide ut og fastsetje læreplanar (jf Innst O nr 70).

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har etablert ei kontaktgruppe som skal vurdere ulike sider ved overføringa av sekretariatet for Samisk utdanningsråd til Sametinget. I gruppa er det med representantar frå Sametinget, Samisk utdanningsråd, Kommunal- og regionaldepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Det blir teke sikte på ei overføring av oppgåvene og sekretariatet frå 1. 1. 2000.

4.3.3 Det samiske læreplanverket

Som ein del av innføringa av det samiske læreplanverket i forvaltningsområdet for samisk språk, har departementa i samarbeid med Samisk utdanningsråd gjort ferdig rettleiingsmateriell for kommunar og skular. Rettleiingane tek mellom anna for seg korleis språkopplæringa etter det samiske læreplanverket skal organiserast.

Ei rettleiing utarbeidd av representantar for kommunane Kautokeino, Karasjok, Tana, Porsanger, Nesseby og Kåfjord er send ut til kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk. Rettleiinga tek for seg og problematiserer sentrale sider av den lokale tilpassinga av opplæringa i fleirkulturelle lokalsamfunn i forvaltningsområdet.

I innføringsperioden har det vore eit nært samarbeid mellom dei enkelte kommunane i forvaltningområdet, Statens utdanningskontor i Finnmark, Samisk utdanningsråd og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i samband med implementeringa av L97 Samisk.

I innføringsperioden for L 97 Samisk er det lagt eit godt grunnlag for lokal vidareføring og vidareutvikling av det skulebaserte forsøks- og utviklingsarbeidet. Det er også lagt til rettes for eit meir aktivt samarbeid i nettverk for enkeltfag i det samiske læreplanverket mellom høgskular og universitet.

4.3.4 Opplæringslova

Stortinget vedtok ny opplæringslov 9. juni 1998. Lovvedtaket byggjer på Innst O nr 70 (1997-98) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og Ot prp nr 46 (1997-98). Forskriftene til lova har vore ute på høyring. Det blir teke sikte på at forskriftene skal bli sette i verk frå same tidspunkt som opplæringslova.

Opplæringslova erstattar grunnskulelova, lov om vidaregåande opplæring, og fagopplæringslova. I tillegg er det teke med dei delane av vaksenopplæringslova som inneheld reglar om spesialundervisning på grunnskulenivå, og reglar om grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne.

Kapittel 6 i lova handlar om samisk opplæring. Den individuelle retten til opplæring i og på samisk for elevar i samiske distrikt blir ført vidare. Det same gjeld den retten som kommunane i samiske distrikt har til å vedta at samisk skal vere eit pliktig fag i skulen. Departementet har heimel til gi forskrifter om fritak frå opplæring i norsk sidemål for elevar som får særskild språkopplæring. Høyringsutkastet til forskrifter tilrår ein slik regel for samisk i grunnskulen og vidaregåande opplæring.

Utanfor samiske distrikt gir opplæringslova samiske elevar individuell rett til å få opplæring i samisk både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Grunnskulelova knyter i dag denne retten til ei gruppe på minst tre elevar ved ein skule.

M a på bakgrunn av den individuelle retten har departementet i høyringsutkastet sitt til forskrifter med heimel i opplæringslova, tilrådd ei forskrift om alternative former for opplæring i samisk og finsk når opplæringa ikkje kan givast av lærarane ved skulen. Fjernundervisning, intensiv undervisning og spesielle leirskuleopphald er nemnde som døme.

Utanfor samiske distrikt, men uavhengig av samisk bakgrunn, har ei gruppe på minst 10 elevar som vil ha opplæring i og på samisk, rett til å få det, så lenge det er att minst seks elevar i gruppa.

4.4 Barn og unge

Som ei vidareføring av samisk barne- og ungdomsplan har Sametinget sett i gang eit barne- og ungdomsprosjekt. Barne- og familiedepartementet støttar dette prosjektet økonomisk. Departementet hjelper også til med å følgje opp aktuelle tiltak som blir tilrådde i prosjektet.

4.4.1 Samiske barnehagar

Det blir gitt eit særskilt tilskot til samiske barnehagar. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære statstilskotet og skal dekkje dei ekstrautgiftene som eit samisk barnehagetilbod fører med seg. Målet med tilskotsordninga er å sikre at samiske barn i barnehagane får utvikle og styrkje kulturgrunnlaget og det samiske språket sitt. Statistikken for 1997 viser at 44 barnehagar i 13 kommunar tok imot eit slikt tilskot. Departementet sette hausten 1997 i verk ei evaluering av dette tilskotet. Undersøkinga blir ferdig våren 1999.

Det blir arbeidd ut forslag til målformuleringar for tilskotet i eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet og Sametinget.

Samisk utdanningsråd er frå 1994 styrkt med ein særskild fagkonsulent på barnehageområdet. Ein går ut frå at etter overføringa av sekretariatet for Samisk utdanningsråd skal Sametinget fungere som eit rådgivande organ i samiske barnehagespørsmål. For 1998 vart det løyvt 250 000 kr til Samisk utdanningsråd til utviklingsarbeid i barnehagar, medrekna samiske læremiddel. Ein går ut frå at Sametinget framleis skal fungere som rådgivande organ i samiske barnehagespørsmål, og at det administrative samarbeidet mellom Sametinget og andre styresmakter når det gjeld samiske barnehagespørsmål skal halde fram. Evalueringa av innføringa av kontantstønaden skal også gjelde verknadene for dei samiske barnehagetilboda.

Rammeplanen for barnehagar har ein eigen del som gjeld samiske barnehagar. I 1998 var den samiske versjonen av Rammeplanen ferdig.

4.4.2 Barnevern

Barne- og familiedepartementet gav i 1998 midlar til Høgskulen i Sør-Trøndelag til utvikling og utprøving av metoden "familierådslag" i barnevernet. Metoden tek utgangspunkt i eit utvida familieomgrep og i at familien lagar sine eigne løysingsstrategiar for aktuelle problem. Metoden blir også prøvt ut i samarbeid med fem samiske familiar.

Barne- og familiedepartementet omsette i 1998 Lov om barnevernstenester til samisk. Lova er m a send ut til alle kommunar i dei fem nordlegaste fylka.

Barne- og familiedepartementet starta i 1998 arbeidet med å omsetje temahefte til foreldra frå foreldrerettleiingsprogrammet til samisk. Når det gjeld forsøks- og utviklingsarbeid i barnevernet elles, kanaliserte Barne- og familiedepartementet tilskota sine til utviklingssenteret for Barnevernet i Nord-Noreg som driftstilskot. Senteret har konsentrert arbeidet sitt om barnevernstenesta for samiske barn, ungdom og familiar. Intensjonen er at alt rettleiingsmateriellet for foreldra skal omsetjast til samisk.

4.5 Språk

Aktiv bruk av samisk språk står sentralt i den vidare utviklinga av samisk kultur. Det er derfor svært viktig å følgje opp intensjonane og rettane i samelova om meir bruk av samisk språk i dei seks kommunane som tilhøyrer forvaltningsområdet for samisk språk.

Sametinget ved Samisk språkråd har ansvaret for å dele ut statlege midlar til samisk tolketeneste og tospråksbruk i desse kommunane. Samisk språkråd arbeider ut ein årleg rapport til Sametinget om situasjonen for samisk språk i Noreg.

Språkreglane i samelova høyrer med til ansvarsområdet for Kulturdepartementet. Undersøkingar som Samisk språkråd har gjennomført, viser at dei krava som språkreglane i samelova stiller, ikkje i tilstrekkeleg grad blir følgde opp i praksis. Kulturdepartementet er kjend med denne situasjonen, og vurderer derfor tiltak som kan medverke til at intensjonane med språkreglane blir følgde. Det ligg føre ei sak om tolking av paragrafar i språklova som er til vurdering i Lovavdelinga i Justisdepartementet.

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) Alta, i oppdrag å gjennomføre ei undersøking om korleis publikum ser på den tospråklege servicen i etatar med nær publikumskontakt. Brukarundersøkinga skal ta for seg tenester på legekontor, sosialkontor, teknisk etat, likningsetaten og arbeidsmarknadsetaten. Undersøkinga er ei samfinansiering av Sosial- og helsedepartementet, Kulturdepartementet, Administrasjonsdepartementet, Finansdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Det er sett ned ei referansegruppe med medlemmer frå Sametinget, Samisk språkråd, Fylkesmannen i Finnmark og Kommunal- og regionaldepartementet i tillegg til tre personleg oppnemnde medlemmer. Arbeidet skal gjerast ferdig i 1999, og resultatet bør vere ein god indikator på kvar ressursane bør setjast inn for å betre situasjonen når det gjeld tospråkleg forvaltning.

4.6 Informasjon på samisk

Kvart departement og kvar etat har eit sjølvstendig ansvar for å forme ut informasjon om eigne saksområde, også på samisk der informasjonen har ei samisk målgruppe. Slik informasjon har også eit sentralt språkleg aspekt, nemleg terminologiutvikling. På somme fagfelt finst det enno ikkje gode samiske termar, og det er derfor viktig at Samisk språkråd blir konsultert i arbeidet med å omsetje brosjyrar, skjema, rundskriv og vedtak. Samisk språkråd er eit organ for Sametinget og andre offentlege organ i spørsmål om samisk språk i Noreg. Samisk språkråd har ansvaret for å utvikle og verne samisk språk i Noreg. Det går m a ut på å utvikle samisk terminologi, fastsetje skrivemåten for samiske ord, og rettleie og informere om samiske språkspørsmål.

Kommunal- og regionaldepartementet vil ta initiativ til at statlege etatar går gjennom eigne rutinar når det gjeld å bruke samisk i forvaltninga.

4.7 Kultur

4.7.1 Arbeidet med stortingsmelding om museum, bibliotek og arkiv

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om arkiv, bibliotek og museum for Stortinget hausten 1999. I denne meldinga blir m a tiltak for samisk arkiv-, museums- og bibliotekssektor omtalte. I arbeidet med stortingsmeldinga har Kulturdepartementet hatt kontakt med representantar for Sametinget.

4.7.2 Kontaktutvalet for samiske kulturspørsmål

Kontaktutvalet for samiske kulturspørsmål hadde to møte i 1998. Utvalet rår ikkje over økonomiske midlar og har heller ikkje avgjerdsmakt, men vart etablert som kontaktorgan mellom Samisk kulturråd, dei sentrale styresmaktene og Norsk kulturråd. Målet er m a å samarbeide om langsiktige prioriteringar i den samiske kulturpolitikken og følgje opp konkrete saker. Resultatet av arbeidet i utvalet kan vanskeleg kvantifiserast, men det gir informasjon og skaper eit grunnlag for betre oppfølging av enkeltsaker. For Kulturdepartementet er kontaktutvalet eit nyttig forum i samarbeidet med Samisk kulturråd.

4.7.3 Samisk tusenårsstad

Sametinget har tilrådd Austsamisk museumsanlegg/kultursenter i Neiden som samisk tusenårsstad. I Innst S nr 246 (1997-98) om tusenårsmarkeringa går fleirtalet i komiteen ut frå at det blir etablert eit samarbeid med Sametinget som representantar for urfolket i Noreg, slik at interessene til samane blir tekne vare på i tusenårsmarkeringa. Komiteen viser til at samane er urfolket i Noreg, og finn det naturleg at det blir etablert ein nasjonal samisk tusenårsstad. Kulturdepartementet vil ta kontakt med aktuelle samarbeidspartar for å klarleggje omfanget på tusenårsstaden, investeringsramme, kostnadsfordeling mellom dei regionale partane, Sametinget og departementet, organisering, driftsutgifter og ansvaret for finansieringa av desse, framdriftsplan og behov for tilskot i år 2000. Kulturdepartementet tek sikte på å kome attende til saka i budsjettproposisjonen for år 2000.

4.8 Samiske helse- og sosialspørsmål

Sosial- og helsedepartementet løyvde i 1998 om lag fire mill kr til ulike prosjekt i samband med oppfølginga av NOU 1995:6 Plan for helse- og sosialtenester for det samiske folket i Noreg. Ein stor del av midlane gjekk til utvikling og gjennomføring av opplæringstiltak for helse- og sosialpersonell i samisk språk og kulturforståing.

Ei referansegruppe oppnemnd av Sametinget på oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet hjelpte til med råd om søknadsbehandlinga, og leverte innspel til St meld nr 21 (1998-99) Om rehabilitering. Referansegruppa har med det gjort ferdig det oppdraget ho vart oppnemnd for. Sosial- og helsedepartementet vil framleis invitere Sametinget til å kome med samepolitiske innspel til stortingsmeldingar og andre viktige saker. Sosial- og helsedepartementet tek likevel til etterretning at Sametinget førebels ikkje vil setje ned eit eige fagråd for helse- og sosialsaker.

Sosial- og helsedepartementet arrangerte i samarbeid med Sametinget våren 1998 ein stor konferanse om samiske perspektiv på høgare utdanning i helse- og sosialsektoren. Det er arbeidd ut ein rapport frå konferansen. Den desentraliserte samiskspråklege sjukepleiarklassa ved høgskulen i Finnmark som er lokalisert til Kautokeino, vart utvida til 15 plassar ved starten på skuleåret 1998-99. Det første avgangskullet vart uteksaminert våren 1998. Erfaringane frå dette tiltaket er svært positive.

Sosial- og helsedepartementet har i samarbeid med Barne- og familiedepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Sametinget starta arbeidet med ein plan slik at regjeringa kan følgje opp NOU 1995:6. Planen blir levert før utgangen av 1999.

For 1999 er 4,4 mill kr overførte til Sametinget som no har overteke forvaltninga av tilskotsordninga i samband med NOU 1995:6. Sametinget har fastsett retningslinjene. Ei ny saksbehandlarstilling i administrasjonen til Sametinget gir Sametinget ein sjanse til å byggje opp kompetanse i sektoren, m a med tettare kontakt med samiske fagmiljø. Parallelt med arbeidet med ein handlingsplan vil Sosial- og helsedepartementet arbeide for betre å ta vare på nasjonale samordningsoppgåver for det samiske folket. Det kan dreie seg om informasjon, tolking, høgare utdanning/undervisning og FOU-arbeid. Sosial- og helsedepartementet har i denne samanhengen bedt om ei utgreiing om organiseringa av forsking og undervisning i samiske helse- og sosialforhold frå Universitetet i Tromsø.

Andre sentrale oppgåver er å sikre god samhandling mellom forvaltningsnivåa innbyrdes og mellom desse og Sametinget, og utvikle rådgivingsarbeidet som tilsynsstyresmaktene skal gjere for kommunar og fylkeskommunar i eit samisk perspektiv.

Sosial- og helsedepartementet ser også at det er bruk for å gjere NOU 1995:6 og oppfølginga betre kjend i det sørsamiske området. Det gjeld både for det samiske folket sjølv og lokale helsestyresmakter.

4.9 Likestilling

Kommunal- og regionaldepartementet skal i 1999 oppgradere arbeidet med kvinner og likestilling på det samepolitiske feltet. Der det er forsvarleg, blir relevante spørsmål om likestilling og kjønnsroller tekne opp i Statssekretærutvalet for samiske spørsmål, Samordningsutvalet for samiske spørsmål og i Statssekretærutvalet for likestilling.

Dette arbeidet må ein sjå i samanheng med utkastet frå Sametinget til Handlingsplan for likestilling med satsingsområde og mål for 1998- 2001 og korleis Sametinget følgjer opp planen. I planen er kvinner og reindrift og samisk husflid omtalte som viktige føresetnader for at kvinnene skal kunne medverke til sterke samiske lokalsamfunn.

4.10 Prostitusjon

I årsmeldinga frå Sametinget (punkt 2.2.15.2) tilrår Sametinget at kjøp av seksuelle tenester blir gjorde straffskuldige.

Regjeringa ser alvorleg på prostitusjonsproblemet i Finnmark fylke, som særleg er lokalisert til Tana kommune. Regjeringa uttaler at sjølv om verken kjøp eller sal av seksuelle tenester er straffskuldige i dag, så kan bakmennene straffast. Også utleige av lokale til prostitusjonsverksemd er ei kriminell handling.

I slutten av april i år vart det halde eit møte mellom statssekretærane i Justisdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Fylkesordføraren i Finnmark, varaordføraren i Tana kommune og representantane for helsestyresmaktene i Finnmark og Tana. På møtet vart det drøft ei rekkje problemstillingar kring prostitusjonsverksemda i Tana. På bakgrunn av dette møtet blir det sett i gang tiltak for å betre situasjonen. M a blir det sett inn meir politi. Ein vurderer også å endre visumreglane.

Spørsmålet om ein bør kriminalisere kjøp av seksuelle tenester er drøft i utgreiinga frå Seksuallovbrotutvalet NOU 1997:23 som er til vurdering i Justisdepartementet. Utvalet meiner at ei kriminalisering kan ha ein positiv effekt som hjelp til å redusere omfanget av open prostitusjon. Utvalet meiner likevel at ei kriminalisering truleg kan føre til at prostitusjonen går føre seg meir i det skjulte. Det kan leggje forholda til rettes for at rolla til bakmennene i forhold til dei prostituerte blir styrkt, noko som igjen kan føre til at dei prostituerte blir meir tilbakehaldne med å melde valdsepisodar eller søkje lege eller anna hjelp. Slik blir det vanskelegare å nå fram til dei prostituerte med ulike hjelpetiltak. Justisdepartementet tek sikte på å fremje ein proposisjon for Stortinget hausten 1999 på bakgrunn av utgreiinga frå Seksuallovbrotutvalet.

4.11 Samisk kulturminnevern

4.11.1 Samisk kulturminneråd

Prøveordninga for Samisk kulturminneråd er evaluert og gjord permanent frå 1. januar 1999 slik at ho går inn i det ordinære forvaltningsapparatet for den regionale kulturminneforvaltninga. I budsjettet for 1999 er det dessutan løyvt midlar til å etablere ei ny stilling i Samisk kulturminneråd for å starte opp eit fjerde distriktskontor i Nordland. Med dette tiltaket er organiseringa av Samisk kulturminneforvaltning fullført i tråd med forslaget frå Sametinget frå 1991. Når det gjeld vidareutvikling og framtidig ressurstilgang til Samisk kulturminneråd, må det vurderast i samband med den årlege budsjettbehandlinga.

Riksantikvaren har frå Samisk kulturminneråd teke imot forslag om kulturmiljøfreding av skoltebyen i Neiden. Forslaget blir behandla og skal prioriterast i 1999 for å bli gjort ferdig i samarbeid med Miljøverndepartementet.

4.11.2 Lokal Agenda 21

Det vart gjort ei samarbeidsavtale den 24. februar 1999 mellom Sametinget og Miljøverndepartementet om å etablere eit samisk knutepunkt for Lokal Agenda 21. Det er gitt lovnad om midlar på 600 000 kr til å etablere og utvikle knutepunktet i 1999 i tråd med avtala. Intensjonen er at ordninga med samisk knutepunkt for Lokal Agenda 21 skal gjelde i tre år, dvs ut år 2001.

4.12 Det nordiske samarbeidet

Det nordiske samarbeidet om samiske forhold blir stadig utvikla. Etter tilråding frå ei arbeidsgruppe med representantar frå regjeringane i Noreg, Sverige og Finland, og frå dei tre sametinga, vedtok dei nordiske samarbeidsministrane 5. mars 1999 å etablere eit fast, uformelt samarbeid mellom dei ansvarlege ministrane for dei tre landa for samiske spørsmål og dei tre sametinga. Det blir arbeidd med å etablere eit forum for samarbeid mellom dei tre nordiske sameministrane alt i 1999. To viktige saker som skal takast opp i det nye forumet er arbeidet med ein nordisk samekonvensjon, og spørsmål i samband med Samisk parlamentarisk råd som dei tre nordiske sametinga er i ferd med å etablere.

Utkast til avtale om samarbeid mellom sametinga gjennom Samisk parlamentarisk råd ligg ved meldinga (vedlegg 1). Avtala er godkjend av sametinga i Finland og Noreg, men vil først bli undertegna når alle de tre nordiske sametinga har godkjend avtala. Sametinget i Noreg har nemnt opp sine representantar i rådet. Samisk parlamentarisk råd skal medverke til samordning av den samepolitiske behandlinga av saker som gjeld samar i fleire statar eller samane som eitt folk. Rådet skal på same måten medverke til utviklinga av andre praktiske samarbeidsformer mellom sametinga. Rådet skal representere samane i Noreg, Sverige og Finland i nordiske og andre internasjonale samanhengar, og elles i andre samanhengar der ein finn det nødvendig. Stortinget har i Innst nr 145 (1997-98) uttalt seg positivt til etableringa av Samisk parlamentarisk råd.

4.13 Samane i utanrikspolitisk samanheng

Urfolksspørsmål er ein sentral del av det norske internasjonale engasjementet for å fremje menneskerettane. Noreg har teke på seg ei rekkje plikter i samband med internasjonale konvensjonar og andre instrument som Noreg har ratifisert. Pliktene etter ILO-konvensjonen nr 169 står her sentralt.

Regjeringa er aktivt med i arbeidet med urfolksresolusjonen til FN, og har som mål å arbeide for ein resolusjon som kan medverke til eit styrkt rettsleg vern for urfolka i verda. I arbeidet med urfolksresolusjonen har Regjeringa eit nært samarbeid med Sametinget, og Sametinget har heile tida vore representert i den norske delegasjonen til forhandlingane i FN. Både her og i andre samanhengar er samarbeidet med Sametinget ein viktig føresetnad for å forme ut den internasjonale urfolkspolitikken.

Regjeringa støttar også arbeidet med å etablere eit permanent forum for urfolk i FN. Menneskerettskommisjonen vedtok i mai 1998 å nemne opp ei førebels arbeidsgruppe som skal vurdere mandatet til forumet, samansetjinga og plassen i FN-systemet. Noreg er aktivt med i arbeidsgruppa, som hadde det første møtet sitt i 1999.

Frå norsk side følgjer ein også opp det internasjonale tiåret for urfolk 1995- 2005 i regi av FN, der målet er å finne løysingar på problem som urfolk står framfor på område som menneskerettar, miljø, utvikling, utdanning og helse.

Til forsida