St.meld. nr. 48 (2008-2009)

Om verksemda i Avinor AS

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

I samband med denne meldinga legg Samferdselsdepartementet fram følgjande tiltakspakke for Avinor i 2009:

  • Regjeringa vil fremje ein proposisjon med framlegg om eit ekstraordinært tilskot til Avinor på 150 millionar kroner i 2009 knytt til gjennom­føring av særskilde tryggleikstiltak, jf. St.prp. nr. 91 (2008–2009).

  • Det blir ikkje teke ut utbyte frå Avinor i 2009 for rekneskapsåret 2008. Ordinært utbyte i 2009 etter den utbytemodellen som gjeld i dag, ville ha vore 367,7 millionar kroner.

  • Avdragsfritak i 2009 for statslånet som finansierte Gardermoen-utbygginga, tilsvarande 388,8 millionar kroner, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009) og Innst. S. nr. 355 (2008–2009).

Tiltakspakka skal medverke til at dei investeringane som Avinor har varsla vil bli utsette, kan gjennomførast. Samferdselsdepartementet vil sjå til at tiltakspakka blir gjennomførd i tråd med reglane for statsstøtte i EØS-avtala.

I tråd med den nye utbytepolitikken som blir presentert i denne meldinga, legg Samferdselsdepartementet til grunn ei forventning om at utbytet frå Avinor skal utgjere 50 prosent av overskotet etter skatt dei neste tre til fem åra. Samanlikna med dagens utbytemodell fører dette til at utbytet blir redusert med om lag 250 millionar kroner i femårsperioden 2010–2014.

Samferdselsdepartementet opptrer som takststyresmakt overfor Avinor. Selskapet står overfor store investerings- og finansieringsutfordringar dei neste åra. Dette kan tale for at avgiftsnivået bør aukast i tida framover. I samband med at Samferdselsdepartementet skal fastsetje takstregulativet til Avinor for 2010 seinare i 2009, har departementet bede Avinor om å utarbeide eitt framlegg der takstnivået følgjer konsumprisindeksen neste år, og eit anna framlegg der ein legg opp til å auke inntektene til Avinor gjennon å auke avgiftene. Samferdselsdepartementet vil kome attende med resultata av vurderinga si når takstregulativet til Avinor for 2010 blir lagt fram.

Utviklinga i flytrafikken og økonomien i Avinor er usikker, og Samferdselsdepartementet vil følgje situasjonen i Avinor nøye i tida framover.

Elles ligg det ikkje andre framlegg i meldinga som vil få økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida