St.meld. nr. 5 (2008-2009)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2007

Til innhaldsliste

3 Fornyings- og administrasjonsdepartementets merknader til Personvernnemndas årsmelding for 2007

Fleire av dei klagesakene Personvernnemnda handsama i 2007 var av prinsipiell art. Dette gjeld mellom anna saker om rekkjevidda av personopplysningslova § 7 og spørsmål om bruk av fingeravtrykk som ledd i identitetskontroll. Nemndas oppgåve er i utgangspunktet berre å ta stilling i konkrete enkeltsaker. Departementet vil likevel peike på at avgjerder i denne typen prinsipielle saker lett får verknad ut over den konkrete saka, og at det vil kunne oppstå eit rettleiingsbehov.

Personvernnemnda peiker i si årsmelding på utfordringar knytte til personopplysningslova § 7, som regulerer forholdet mellom personopplysningslova og ytringsfridom. Dette er eit vanskeleg område sett i lys av den omfattande publiseringa av skriftleg materiale som føregår på nett, noko som etter nemndas vurdering gir grunn til rettspolitisk ettertanke. Både ytringsfridomen og retten til vern om privatlivet er konvensjonsverna menneskerettar. Fornyings- og administrasjonsdepartementet viser her til at òg Personvernkommisjonen i sitt arbeid har merksemd retta mot denne typen problemstillingar. Regjeringa vil vurdere ev. tiltak på dette området i samband med den pågåande etterkontrollen av personopplysningslova og oppfølging av personvernkommisjonens rapport.

Bruk av biometriske kjenneteikn i identifikasjonssamanheng blir stadig meir populært. Talet på klagesaker (PVN-2006-08 til PVN-2006-11) om temaet stadfester dette. Nemnda har i meldingsåret gjort fleire prinsipielle vurderingar av kor nødvendig det er å bruke biometriske data for å oppnå tilfredsstillande identifikasjon i høve til føremålet med bruken. Både Datatilsynet og Personvernnemnda har lagt seg på ei streng tolking av regelverket. Nemnda stiller i ei av sine avgjerder, Tysvær kommune (2006-07, avgjord i 2006), spørsmål ved om det er rett at bruk av fødselsnummer og bruk av biometriske data skal regulerast likt, slik tilfellet er i dag når det blir vurdert slik at begge delar fell inn under personopplysningslova § 12. Nemnda støttar Datatilsynets forslag om særleg regulering av bruk av biometriske metodar, og ei prioritering av dette området i det pågåande arbeidet med etterkontroll av personopplysningslova. Regjeringa deler tilsynsmyndigheita si vurdering av situasjonen, og det er derfor sett i gang eit særskilt utgreiingsarbeid om biometri som ledd i etterkontrollen med personopplysningslova.

Ny samansetjing av personvernnemnda

Nemnda peiker i si årsmelding på at den stadig oftare møter problemstillingar av generell forvaltningsrettsleg karakter i sakshandsaminga. Kompetanse på dette området er derfor viktig for nemnda, særleg når nemnda no pga reguleringa av funksjonstida for medlemmene, står framføre fleire utskiftingar. Departementet vil ta omsyn til mellom anna dette når det skal setjast saman ny nemnd som skal verke frå 1. januar 2009. Nemnda skal elles vere samansett av både juristar og medlemmer med annan kompetanse som set den i stand til å gjere avvegingar av personvernomsyn mot andre sentrale samfunnsomsyn.

Til forsida