St.meld. nr. 5 (2008-2009)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2007

Til innhaldsliste

4 Administrasjon og ressursar

Datatilsynets budsjett og rammevilkår

Datatilsynet hadde i 2007 eit budsjett på drygt kr. 25 mill. Vesentlege delar av dette går til å dekkje lønnskostnader. Personvernundersøkinga som vart gjennomført i 2005 viste at det er stor trong for informasjon om personvernregelverk. Òg fokus på personvernspørsmål i media, til dømes identitetstjuveri og datalagringsdirektivet, viser at personvern er eit aktuelt område. Aktiv deltaking i den offentlege debatten for å målbere personvernomsyn, som er ei av dei viktigaste oppgåvene til Datatilsynet, krev ressursar. Departementet har derfor dei siste åra valt å tilføre Datatilsynet midlar for å setje tilsynet i stand til å styrkje sitt informasjonsarbeid om rettar og plikter etter personopplysningslova. Tilsynet vart òg i 2008 tilført ei generell styrking på 1 million. Datatilsynet har fått mykje positiv merksemd om informasjonsarbeidet sitt, særleg arbeidet retta mot barn og unge, og budsjettstyrkinga er oppretthalden òg i inneverande år.

Personvern er ikkje berre ei sak på det nasjonale planet. Særleg problemstillingar knytte til Internett, gir personvernarbeidet internasjonal dimensjon. Samarbeid med tilsynsmyndigheiter i andre land er derfor viktig. Datatilsynet deltek mellom anna i EUs Art. 29-gruppe, som er EUs rådgivande organ i personvernspørsmål. Det er oppretta fleire undergrupper under Art. 29-gruppa, og Datatilsynet er aktiv i fleire av dei. Ein del av tilsynets budsjett er derfor bunde opp i reiseutgifter. Departementet deler Datatilsynets vurdering av at internasjonalt samarbeid er viktig, og støttar tilsynets prioritering i denne samanhengen.

Personvernnemndas budsjett og rammevilkår

Personvernnemndas sekretariat er ei deltidsstilling, og har kontor saman med Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. Nemnda er nøgd med sekretariatsordninga, og departementet meiner at ordninga fungerer godt. Nemnda sitt budsjett er i inneverande år på kr. 1,6 mill.

Det er gjennomført 9 nemndmøte og 11 saker er avgjorde. Saksmengda i Personvernnemnda har vore stabil sidan 2005, men det ser ut til at sakene blir stadig meir kompliserte og prinsipielle. Sjølv om talet på saker er forholdsvis stabilt, kan arbeidsmengda derfor likevel auke. Det er viktig at Personvernnemnda har ei vernebuing for ein auke i talet på saker og/eller arbeidsmengd, slik at ein kan unngå lang sakshandsamingstid.

Ved utgangen av 2008 har leiar og nestleiar pluss to medlemmer av Personvernnemnda fungert i to periodar av fire år. Det er då ikkje høve til å gjenoppnemne desse. Det er viktig at Personvernnemnda gjennom sine arbeidsmetodar sikrar ein viss kontinuitet ved skiftet av leiing. Det kviler i denne samanheng òg eit stort ansvar på sekretariatet.

Stortinget utnemner Personvernnemndas leiar og nestleiar, som begge skal vere juristar. Fornyings- og administrasjonsdepartementet utpeikar deretter dei andre fem medlemmene i nemnda. I arbeidet med å finne nye nemndmedlemmer skal Fornyings- og administrasjonsdepartementet leggje vekt på at nemnda i arbeidet sitt skal vege personvernomsyn og andre samfunnsomsyn mot kvarandre. Nemnda må ha så vel juridisk som teknologisk kompetanse i tillegg til god kompetanse på andre viktige samfunnsområde. I tillegg til faglege kvalifikasjonar, blir det òg lagt vekt på ei viss geografisk spreiing og balanse mellom kjønna når Personvernnemnda vert sett saman. Departementet er godt i gang med det krevjande arbeidet med å finne nye medlemmer til nemnda.

Til forsida