St.meld. nr. 7 (2005-2006)

Målbruk i offentleg teneste

Til innhaldsliste

3 Mål og tiltak for arbeidet framover

I målbruksmeldinga frå 2001 varsla regjeringa Bondevik ein ny giv for nynorsk målbruk i staten og skisserte fleire konkrete tiltak, mellom anna etableringa av ei statleg språkkonsulentteneste og eit treårig satsingsprosjekt, jf. St.meld. nr. 9 (2001–2002) kap. 4.2. Siktemålet var at det store fleirtalet av statsorgan ved slutten av prosjektperioden skulle oppfylla målbruksreglane fullt ut. Dette fekk brei tilslutning i Stortinget, men det nemnde satsingsprosjektet er ikkje gjennomført, og det er først no i haust at det er skjedd tilsetjing i den første språkkonsulentstillinga. På budsjettet for 2006 er det lagt inn midlar til to nye stillingar.

I denne meldinga er det da også klart dokumentert at det som har skjedd sidan 2001, knapt kan karakteriserast som nokon ny giv. Unntaket er ein viss auke i nynorskbruken i proposisjonar og meldingar til Stortinget og elles nokre enkeltståande lyspunkt blant statsorgan under departementsnivået. Den gjennomgåande tendensen er likevel stillstand og på fleire område til og med tilbakegang.

Dette stadfestar den erfaringa som ein også har gjort tidlegare, at det er ein klar samanheng mellom dei ressursane som blir lagde ned i det sentrale tilsynsarbeidet, og dei resultat ein kan rekna med å oppnå. Dei mangelfulle resultata frå den siste fireårsperioden viser at det no er nødvendig å henta fram att det offensive tiltaksprogrammet som vart skissert i den førre meldinga, og leggja meir arbeid i å følgja dette aktivt opp på gjennomføringssida.

Regjeringa vil med denne meldinga gi klar beskjed om at reglane om målbruk i staten skal etterlevast. At dette skjer, er eit ansvar for leiarar på alle nivå, på linje med andre embets- og tenesteplikter. Hovudansvaret kviler på den øvste leiaren i kvart enkelt statsorgan. Med tanke på dei kulturpolitisk svært viktige omsyn mållova skal tena, vil regjeringa no streka under at det er nødvendig å få orden på måljamstillingsarbeidet internt i eigen organisasjon.

Å setja eit sterkare søkjelys på leiaransvaret og stilla sterkare krav til innsats i kvart enkelt statsorgan vil vera det eine elementet i det oppryddingsarbeidet som må gjerast i tida framover. Det andre elementet vil vera å få etablert og bygd ut den språkkonsulenttenesta som vart skissert i målbruksmeldinga frå 2001. Dermed kan ein frå sentralt hald på ulike måtar støtta opp under språkarbeidet i dei statsorgana som har god vilje, men som likevel ikkje heilt evnar å få det til på eiga hand.

Den sentrale tilsynsfunksjonen er ein nødvendig føresetnad for å få initiert og koordinert den innsatsen som no må gjerast for å rydda opp i det statlege måljamstillingsarbeidet. Derfor er det avgjerande at det blir sett av nødvendige administrative ressursar til å følgja dette opp. Dette gjeld særleg i Språkrådet, som har tilsynsansvaret for alle statsorgan under departementsnivået.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil på si side halda god kontakt med dei andre departementa. Føresetnaden er at alle desse snarast råd får rydda opp i eige hus, slik at dei også kan stå fram som føredøme for dei underliggjande organa sine. Kultur- og kyrkjedepartementet har no ein god dialog med dei fleste andre departementa, og regjeringa ventar at alle departement legg seg i selen for snarast råd å koma opp i minst 25 pst. nynorsk slik det er fastsett.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil elles ta eit overordna ansvar for å få sett i gang dei tiltak som er nødvendige. Den påbodne rapporteringa til Stortinget som denne meldinga er eit døme på, er i seg sjølv eit viktig verkemiddel i måljamstillingsarbeidet. Det er påtakeleg kor mykje lettare det er å få respons i tilsynsarbeidet når ein kan visa til at tida for den lovpålagde meldinga til Stortinget nærmar seg.

Det er viktig at ein no kjem raskt i gang med eit nødvendig oppryddingsarbeid. Tidsperspektivet må vera så pass nært at det ikkje inviterer til å utsetja initiativ som må takast og tiltak som må gjennomførast. Signalet er at ein må prioritera eit arbeid som tidlegare har vore forsømt. I løpet av eit par år bør ein ha kome så langt at det store fleirtalet av statsorgan kan dokumentera minst 25 pst. nynorsk. I den grad dette ikkje skulle lukkast, vil det måtta vurderast kva for tiltak og justeringar som det elles kan bli nødvendig å setja i verk.

Det aller første Kultur- og kyrkjedepartementet vil ta initiativet til, er å få sett i gang arbeidet med å rydda opp på dei statlege heimesidene på Internett. Den kartlegginga som Språkrådet gjennomførte i august 2005, kan tyda på at det her er enda dårlegare stelt med måljamstillinga enn elles. Samstundes er formidling av offentleg informasjon på Internett vorte ei stadig viktigare kommunikasjonsform mellom det offentlege og det store publikum. Det er derfor særleg viktig at nynorsk er godt synleg i denne informasjonskanalen. I det politiske grunnlagsdokumentet sitt har da også regjeringspartia slått fast at offentlege nettstader skal etterleva mållova.

Ein del av bodskapen i meldinga frå 2001 var at ein skulle byggja ut det tradisjonelle tilsynsarbeidet med positive støttetiltak slik at dette i mindre grad fekk karakter av kontrollverksemd. Det var særleg den påtenkte språkkonsulenttenesta ein her hadde i tankane. Målet for arbeidet framover må vera å gjera denne konsulentfunksjonen til ein integrert del av tilsynsarbeidet, slik at nødvendig kontroll og rapportkrav kan kombinerast med tilbod om hjelp og støtte.

Det er elles grunn til å streka under at den statlege språkkonsulenttenesta skal ha eit todelt formål, og at det å fremja språkleg jamstilling berre er det eine av desse.

Det andre formålet vil vera å fremja godt språk i staten anten det er tale om bokmål eller nynorsk. Godt språk vil mellom anna seia at språket er korrekt, formålstenleg, klart og velforma, og at ein til vanleg brukar norske ord framfor engelske importord og andre framandord. Å arbeida med språket for å oppfylla slike krav er særleg viktig i statsorgan som har brei publikumskontakt. Men idealet om eit korrekt og forståeleg språk er noko ein bør streva etter å leva opp til også i andre skrive- og kommunikasjonssituasjonar.

Ei overordna retningslinje for den statlege språkkonsulenttenesta må vera at ho kan leggja til rette for kompetanseoverføring. Det skal ikkje vera ei teneste som berre utfører oppgåver for eit statsorgan utan at organet sjølv lærer av arbeidet som blir gjort.

Språkkonsulenttenesta må også innrettast slik at ho byggjer opp under positive språkhaldningar, at ho formidlar ei forståing av den kulturrikdomen som ligg i det at vi har to norske målformer. Språket i staten skal ikkje berre vere formålstenleg som effektiv kommunikasjon. Det har òg ein kulturdimensjon ved seg, og det offentlege språket bør helst vera eit føredøme for resten av samfunnet, både når det gjeld fordeling mellom bokmål og nynorsk, og når det gjeld den språklege kvaliteten elles.

Språkkonsulenttenesta må òg sjåast i eit språkstyrkingsperspektiv. Ho skal på lengre sikt vera med på å styrkja norsk språk som det samfunnsberande skriftspråket i Noreg.

Sjølv om det blir viktig å leggja vekt på positive tiltak i tilsynsarbeidet i tida framover, kjem ein ikkje utanom at det også må stillast krav. Det har i fleire meldingar vore peikt på kor avgjerande viktig det er at ein har faste interne rutinar for korleis vekslinga mellom bokmål og nynorsk skal skje. Slike rutinar må fastsetjast og forankrast på høgste nivå i organisasjonen, dei må vera konkrete og operasjonelle, og dei må kombinerast med eit oppfølgingssystem som gjer at i dei fungerer også i praksis. Det generelle inntrykket i dag er at dei rutinar som finst, er for uforpliktande.

Det synest også nødvendig å få eit klart heimelsgrunnlag for å krevja at det blir fastsett for­måls­tenlege vekslings- og rapporteringsrutinar. I innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen til den førre meldinga uttalte medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet følgjande: «Dersom det etter prosjektperioden på 3 år ikkje er ein monaleg framgang i arbeidet med å auke andelen nynorsk i statsorgana, bør det vurderast å forskriftsfeste interne instruksar i alle statsorgan for korleis målbrukslova skal oppfyllast.» Departementet finn no at tida er inne til å følgja opp dette framlegget.

I den førre meldinga vart det også peikt på at særleg Språkrådet har vanskar med å få inn dei årlege målbrukrapportane i tide, og at det blir brukt mykje ressursar på å purra opp dei som forsømer seg. Ikkje sjeldan er rapporteringa heller ufullstendig og uklar. Som det er dokumentert i denne meldinga, er det også kvart år ein god del statsorgan som ikkje sender inn rapport i det heile. Departementet meiner derfor at tida no er inne til også å ta inn i forskrifta til mållova at statsorgan har plikt til innan ein viss frist kvart år å senda inn rapport om eigen målbruk.

Departementet tek sikte på så snart denne meldinga er behandla i Stortinget å senda på høyring eit utkast til forskriftsføresegner om fastsetjing av interne rapporterings- og vekslingsrutinar og om innsending av årleg målbruksrapport.

Dersom ikkje intensivert innsats og dei andre skisserte tiltaka i denne meldinga gir snarlege og tilfredsstillande resultat, vil regjeringa vurdera om det kan vera tenleg å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje viser vilje til å etterleva målbruksreglane.

Det har lenge vore uavklart kor langt verkeområdet for mållova strekkjer seg når det gjeld statstilknytte verksemder som ikkje er ein organisatorisk del av forvaltninga. Departementet vil sjå nærmare på dette spørsmålet og koma tilbake til saka i annan samanheng.