St.meld. nr. 8 (2006-2007)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2005

Til innhaldsliste

3 Fornyings- og administrasjonsdepartementets merknader til Personvernnemndas årsmeldingar for 2005

Personvernnemnda blei konstituert i 2001 og fyller derfor 5 år i år. I stortingsmeldinga om Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2001 skriv departementet at «Arbeids- og administrasjonsdepartementet har tro på at Personvernnemnda gjennom sin klagesaksbehandling og aktiv publisering av vedtak vil kunne bidra til en økt bevisstgjering av personvernspørsmål i Norge.» Departementet viser til at fleire av dei sakene som Personvernnemnda har hatt til behandling har skapt medieoppslag. Dette gjeld bl.a. PVN-2005-09 Det Mosaiske Trossamfund der spørsmålet om anonym ferdsel på offentleg stad stod sentralt og PVN-2005-1 om Datatilsynets avvising av å påleggje eit advokatfirma å slette lydbandopptak som var gjorde utan å informere den andre parten. Det har òg vore stor interesse for saka om det skal vere tillete å overvake offentleg kommunikasjon (buss og tog) utover overvaking i førarplassen og mot inngangspartiet.

I stortingsmeldinga om Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2002 skreiv departementet at «Som det fremkommer av nemndas årsmelding, er inntrykket at klagesakene først og fremst angår praktiske forhold, og til dels også forhold som ikke har prinsipiell karakter, men som oppleves som viktig for klageren.» I nemndas årsmelding for 2005 kjem det fram at fleire av sakene har vore komplekse og prinsipielle. Personvernnemnda har gjennom si klagebehandling følgjeleg blitt ein viktigare premissleverandør i utviklinga av personvernregelverket. Nemnda sine avgjerder skapar presendens for korleis Datatilsynets og andre bruker lova. Men som nemnda sjølv viser til kan dei berre ta stilling til konkrete saker. Nemnda viser til at det på fleire område er behov for ein sektorovergripande debatt. Departementet støttar Personvernnemnda i dette.

I 2005 ferdigbehandla nemnda ni av 17 innkomne saker. Av dei ni sakene blei fem saker heilt eller delvis tatt til følgje. I tillegg blei seks saker frå året før behandla ferdig. Det har vore ein markant auke i talet på klagesaker til nemnda i den tida nemnda har vore i funksjon. I det første verkeåret ferdigbehandla nemnda éi klagesak.

Sjølv om Personvernnemnda som forvaltningsorgan behandlar fleire saker og oftare blir omtalt i media no enn tidlegare, er nemnda framleis ikkje godt kjend hos verksemdene. Berre fire prosent av dei spurde i verksemdsundersøkinga sa dei hadde god kjennskap til Personvernnemnda og nemndas oppgåver. 62 prosent hadde liten kjennskap. Det at nemnda som klageorgan er lite kjend, har mindre praktisk å seie fordi klagane går via Datatilsynet. Som eit verkemiddel i personvernpolitikken kunne det likevel vere ønskjeleg med noko større kjennskap fordi etableringa av ei eiga nemnd etter departementets vurdering er med på vise kor viktig det er å ta personvernspørsmål alvorleg. Departementet går ut frå at omtalane av samfunnsaktuelle saker i media den siste tida vil vere med på å heve kunnskapen om nemnda og arbeidet ho gjer.

Til forsida