St.meld. nr. 8 (2006-2007)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2005

Til innhaldsliste

4 Administrasjon og ressursar

Datatilsynets budsjett

Personvernundersøkinga viser at vi står framfor store utfordringar når det gjeld befolkningas og verksemders kunnskapar om personvern. Fokuseringa på ulike personvernsaker i media – slik som for eksempel spørsmål om identitetstjuveri og lagring av trafikkdata – viser at folk engasjerer seg når dei får meir kunnskap om personverntruslar. Det blir lettare å ta standpunkt til konkrete saker der ein kanskje kan kjenne seg att enn i meir teoretiske spørsmål om for eksempel personvern kontra kriminalitetsbekjemping. Datatilsynets budsjett for inneverande år er derfor styrkt, med tanke på å intensivere informasjon om rettar og plikter etter personopplysningsloven til verksemder og befolkninga.

Personvernnemndas budsjett og rammevilkår

Det er ein auke i talet på klagesaker til nemnda frå 2004 til 2005. I 2004 behandla nemnda ferdig seks klagar mens ho i 2005 som tidlegare nemnt ferdigbehandla 15 saker. Som nemnda viser til har dessutan fleire av sakene vore komplekse og prinsipielle. Auken i arbeidsmengda har vore vesentleg. Departementet vart varsla om venta auke allereie tidleg i 2005, og nemndas budsjett for 2005 blei styrkt som følgje av dette.

Ut frå personopplysningsforskrifta skal nemnda ha eit sekretariat som skal «tilrettelegge forholdene for Personvernnemndas arbeid og ellers forberede saker for behandling i nemnda». I og med at kontrakten med det dåverande sekretariatet gjekk ut i 2005, og det ikkje var mogleg å forlenge denne, meinte departementet at det var to formålstenlege organiseringsmåtar for sekretariatet: Nytt anbod i samsvar med innkjøpsregelverket eller tilsetjing. Den sistnemnde blei valt, først og fremst av økonomiske omsyn fordi talet på klagesaker såg ut til å bli verande høgt. Departementet er tilfreds med at nemnda i si årsmelding skriv at den valde løysinga på sikt ser ut til å sikre nemndas arbeidsforhold.

Til forsida