St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTåret 2007 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Forsking og utvikling i statsbudsjettet

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

Forsking og utvikling (FoU) er ein føresetnad for velferd og verdiskaping i framtida og er derfor viktig for Regjeringa. Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 10 mrd. kroner til 60 mrd. kroner. Med den renta som er i dag, vil dette gi ei auka avkastning på om lag 440 mill. kroner i 2008. Auka internasjonalisering av norsk forsking, forsking i nordområda, miljø­relvant forsking og høg kvalitet i forskinga er sentrale prioriteringar i 2007.

Hovudsatsingar i forskingspolitikken til Regjeringa

Regjeringa sine hovudmål for politikken på forskingsområdet er i tråd med St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning.

St.meld. nr. 20 (2004–2005) trekkjer fram tre strukturelle område som skal prioriterast i norsk forskingspolitikk. For det første skal internasjonalisering vere eit gjennomgåande perspektiv. For det andre skal grunnforsking vere ei hovudprioritering, med særleg vekt på kvalitet og forsking innanfor matematisk-naturvitskaplege og teknologiske fag. For det tredje skal det satsast på forskingsbasert innovasjon og nyskaping, medrekna forsking for økt innovasjon i offentleg sektor. Meldinga argumenterer også for ei særskilt styrking av forsking innanfor dei fire tematiske områda energi og miljø, mat, hav og helse, samt dei tre teknologiområda informasjons- og kommunikasjonsteknologi, bioteknologi og material- og nanoteknologi.

Regjeringa har som mål å auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg til 3 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP) innan 2010. Dette er eit ambisiøst mål, som legg til grunn ei kraftig offentleg satsing og ein sterk auke i FoU-innsatsen til næringslivet.

Utvikling i offentleg og privat forskingsinnsats

I Noreg vart det brukt 27,3 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid i 2003. Dei samla FoU-utgiftene utgjorde da 1,73 pst. av BNP, mot 2,25 pst. av BNP i heile OECD-området. På grunnlag av ei meir avgrensa statistikkinnsamling er det òg utarbeidd tal for FoU-innsatsen i 2004. Denne undersøkinga viser at dei samla FoU-utgiftene hadde auka til 27,8 mrd. kroner, og at dette utgjorde 1,62 pst. av BNP. Same år var gjennomsnittet for OECD-landa 2,26 pst. av BNP.

Da St.meld. nr. 20 (2004–2005) vart handsama i juni 2005, fatta Stortinget eit oppmodingsvedtak om at «det må foretas evalueringer i de årlige budsjetter av den samlede forskningsinnsatsen og utviklingen av det offentlige og næringslivets andel», jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005).

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå og NIFU STEP tyder på at dei samla FoU-utgiftene i 2005 utgjer 28,8 mrd. kroner. Det er ein nominell auke på 1,5 mrd. kroner frå 2003. Målt i faste priser var dette likevel ein realnedgang på 0,5 pst. Grunna sterk vekst i bruttonasjonalproduktet i åra etter 2003, ser det no ut til at den samla FoU-innsatsen i 2005 utgjorde 1,51 pst. av BNP.

Det finst ikkje offisielle tal for fordelinga mellom offentlege og private midlar til FoU for 2005. Førebelse tal frå SSB tyder på at utgiftene til den forskinga som blir utført i næringslivet har hatt ein realnedgang på 6,4 pst. frå 2003 til 2005. Brorparten av nedgangen kom i 2004. I 2005 har utgiftene til forsking i næringslivet auka igjen, men nivået ser framleis ut til å vere noko lågare enn i 2003.

Berekningar frå NIFU STEP tyder på at dei offentlege FoU-utgiftene har hatt ein realvekst på 3 pst. frå 2003 til 2005. Det inneber at den offentlege finansieringa av FoU utgjer om lag 0,66 pst. av BNP i 2005. Til samanlikning stod offentlege midlar for 0,64 pst. av BNP i 2001. Dei offentlege FoU-utgiftene har såleis auka litt meir enn bruttonasjonalproduktet perioden sett under eitt, medan FoU-utgiftene i næringslivet ikkje har halde tritt med utviklinga i BNP i same periode. Dette tyder på at det vil vere ei hovudutfordring å auke forskingsinnsatsen i næringslivet for å nå målet om å heve samla FoU-innsats til 3 pst. av BNP innan 2010. Regjeringa vil derfor framleis prioritere tiltak som kan utløyse meir privat FoU i åra som kommer.

Medrekna budsjettforslaget for 2007 har denne regjeringa så langt styrkt dei offentlege forskingsløyvingane med om lag 2,3 mrd. kroner. Dette tilsvarer ein nominell auke på 16 pst. Regjeringa legg òg opp til å styrkje den offentlege FoU-innsatsen i åra framover. Fondet for forsking og nyskaping er ei viktig kjelde for offentleg forskingsfinansiering. For å sikre framtidig vekst i dei offentlege forskingsløyvingane foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 10 mrd. kroner til 60 mrd. kroner i 2007. Med den renta som er i dag, vil dette gi ei auka avkastning på om lag 440 mill. kroner i 2008. Under denne Regjeringa vil fondskapitalen med dette vere auka med totalt 24 mrd. kroner.

Figur 5.1 Kapital i Fondet for forsking og nyskaping

Figur 5.1 Kapital i Fondet for forsking og nyskaping

Forsking og utvikling i næringslivet blir også støtta gjennom skattesystemet. Ordninga Skattefunn gir næringslivet skattefrådrag for utgifter til FoU. Skattefunn vart oppretta i 2002 og er vorte eit sentralt verkemiddel for å stimulere til auka FoU i næringslivet. For 2005 har Noregs forskingsråd godkjent om lag 5 100 prosjekt som, dersom dei blir gjennomført i samsvar med søknadene, gir rett til skattefrådrag på om lag 1,6 mrd. kroner. Finansdepartementet reknar skatteutgiften (tapte skatteinntekter) av prosjekt som vart gjennomførde i 2005 til om lag 1,3 mrd. kroner. Skattefunn er eit viktig supplement til løyvingane til næringsretta forsking over statsbudsjettet. Senter for statleg økonomistyring har evaluert økonomistyring og administrering av Skattefunn. Statistisk sentralbyrå evaluerar effekten av ordninga for åra 2002–06. Evalueringa vil vere ferdig i 2007. Skattefunn er nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2006–2007) Skatte-, avgifts- og tollvedtak og St.prp. nr. 1 (2006–2007) forNærings- og handelsdepartementet.

Prioriteringar i 2007-budsjettet

I tråd med St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning foreslår Regjeringa å styrkje løyvingane til grunnforsking, internasjonalisering og forskingsbasert nyskaping og innovasjon. I 2007 foreslår Regjeringa i tillegg å styrkje dei tematiske satsingane frå St.meld. nr. 20 (2004–2005) gjennom å øyremerkje delar av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping til desse satsingane.

Grunnforsking og kvalitet i forsking

Grunnforsking er ei hovudprioritering i forskingspolitikken. Slik forsking gir ny innsikt, utfordrar etablerte oppfatningar og medverkar til kritisk og opplyst samfunnsdebatt. Både direkte og indirekte påverkar grunnforskinga velferda og verdiskapinga i samfunnet. Grunnforsking er til dømes ein føresetnad for å realisere dei tematiske satsingane i forskingspolitikken.

Det er eit sentralt forskingspolitisk mål å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar på alle fagområde. I 2007 foreslår Regjeringa å leggje inn 103,6 mill. kroner som heilårsfinansiering for dei 350 stipendiatstillingane som vart oppretta i statsbudsjettet for 2006. Regjeringa vil gjere opp status for opptrappinga av stipendiatstillingar fram til 2007 og vurdere behova for vidare opptrapping i åra framover. Kunnskapsdepartementet har derfor satt i gang ei utgreiing som skal analysere status og framtidige behov for rekruttering av forskarar fram til 2020. Utgreiinga skal gjennomførast av NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning. Den vidare opptrappinga av stipendiatstillingar vil bli sett i lys av denne utgreiinga.

Som ledd i satsinga på kvalitet i forskinga er det forskingsetiske arbeidet prioritert. Dette området blir foreslått styrkt med til saman 9,5 mill. kroner i 2007. Av dette skal 7,1 mill. kroner gå til å styrkje dei regionale komiteane for medisinsk forskings­etikk. Midlane skal m.a. nyttast til å opprette ein ny komité i region aust, innføring av ein nasjonal fordelingsfunksjon og frikjøpsordningar for leiarane. Kunnskapsdepartementet vil komme attende til korleis forvaltningsansvaret for dei forskingsetiske komiteane skal organiserast, seinast i St.prp. nr. 1 (2007–2008). Regjeringa foreslår å løyve 2,4 mill. kroner gjennom Forskingsrådet til styrking av etikkarbeidet. Auken gjeld dels koordineringsfunksjonen Nasjonal forskingsetisk komité for medisin (NEM) har for dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk, dels oppretting av eit nasjonalt utval for gransking av forskingsfusk, jf. Ot. prp. nr. 58 (2005–2006) Om lov om behandling av etikk og redelighet i forskning. Sjå nærmare omtale i kategori 07.70.

For å styrkje den private finansieringa av forsking, vart det i 2006 innført ei ordning med offentleg gåveforsterking av gåver frå privatpersonar og verksemder til grunnforsking. Frå 2007 vil ordninga også omfatte gåver frå andre private givarar, mellom anna ideelle organisasjonar. Utvidinga er venta å særleg styrkje medisinsk forsking med hovudvekt på kreftforsking. Regjeringa foreslår å auke dei øyremerkte løyvingane til ordninga med 30 mill. kroner frå 2007.

Internasjonalisering

Internasjonalisering av norsk forsking er viktig for kvaliteten i forskinga og er eit gjennomgåande perspektiv i norsk forskingspolitikk.

Deltakinga i EUs rammeprogram for forsking er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. EU har starta førebuingane til eit sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling (2007–13). Noreg har delteke med fleire inn­spel til prosessen med utforminga av det nye programmet. Regjeringa ønskjer at Noreg skal ta del i det nye rammeprogrammet og foreslår å løyve 184 mill. kroner til kontingent til det nye programmet. Løyvinga tek atterhald om vedtak i Stortinget og EØS-komiteen. Sjå nærmare omtale under kap. 288, post 73.

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere leiande i utviklinga av kunnskap i og for nordområda. Størsteparten av løyvingane til nordområderelevant forsking går gjennom Forskingsrådet, som har utvikla ein eigen strategi for forsking i og for nordområda. Eit sentralt tiltak innanfor nordom­rådesatsinga er Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08. Regjeringa foreslår å øyremerkje 80 mill. kroner av den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping til arbeidet med IPY, jf. kap. 286 post 50. Innsatsen i IPY vil kunne gje resultat som vil få mykje å seie for ressurs-, natur- og kulturminneforvaltning og for teknologi- og næringsutvikling. Regjeringa ventar at denne satsinga vil styrkje oppbygginga av grunnleggjande forskingskompetanse ved dei norske miljøa og at norsk polarforskings-infrastruktur blir betre utnytta.

Regjeringa vil vidare styrkje forsking og utvikling i nordområda gjennom satsinga Barents 2020. Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner til dette. Sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Utenriksdepartementet.

Forsking og utvikling innanfor romverksemd er ei av dei større internasjonale satsingane i 2007. Regjeringa foreslår å løyve 469,4 mill. kroner til forsking innanfor romverksemd i 2007. Dette er ein auke frå 310,8 mill. kroner i saldert budsjett 2006. Midlane skal mellom anna nyttast til kontingent til European Space Agency (ESA). 105,4 mill. kroner går til dette. Dei statlege midlane vil utløyse ei rekkje kontraktar og oppdrag for norske høgteknologiske verksemder.

Forskingsbasert innovasjon og nyskaping

Forsking og utvikling speler ei viktig rolle i fornying av næringsliv og offentleg sektor, og er avgjerande for konkurranseevna i næringslivet. For å leggje til rette for auka verdiskaping i framtida, satsar Regjeringa på forsking og innovasjon.

For å styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking i næringslivet vart det i 2006 etablert ei ny ordning kalla Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Etter ein omfattande kvalifiseringsrunde er 14 senter peikte ut innanfor ei rekkje ulike fagområde og næringar. Ordninga har som formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Sentra vil få ei årleg gjennomsnittleg løyving på 10 mill. kroner i inntil åtte år. Ordninga blir finansiert med midlar frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50, og er eit viktig tiltak for auka kvalitet i forskinga. Ordninga vil tre i kraft så snart ho blir godkjend av EFTAs kontrollorgan EFTA Surveillance Authority (ESA).

Løyvingane til forskings- og utviklingskontraktar i Innovasjon Noreg blir vidareført med 245 mill. kroner i 2007. Satsinga skal gje fleire FoU-retta samarbeidsprosjekt med høgt teknologiinnhald innanfor prioriterte område i norsk næringsliv og i offentleg sektor. Dette gjeld mellom anna områda maritim næringsutvikling, industriutvikling knytt til innkjøp i forsvaret og næringsutvikling i helsesektoren.

Løyvingane til programmet Brukarstyrt innovasjonsarena i Noregs forskingsråd aukar i 2007 med 20 mill. kroner gjennom avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. Programmet er eit viktig verkemiddel for å auke forskingsbasert innovasjon i næringslivet.

Regjeringa ønskjer òg å styrkje forskingsinnsatsen som er særleg retta mot dei regionale FoU-miljøa. Satsinga Strategiske høgskoleprosjekt blir styrkt med 10 mill. kroner i 2007. Satsinga skal styrkje kvaliteten på og omfanget av forskingsverksemda ved dei statlege høgskolane. Dette er viktig mellom anna for å styrkje samspelet mellom høgskolane og regionalt næringsliv.

Samferdsledepartementet har bedt Forskingsrådet om å førebu eit fagleg grunnlag for eit nytt forskingsprogram innanfor transportforsking. Forskinga skal særleg vere retta mot intelligente transportsystem (ITS) og behova til næringslivet. Departementet legg opp til å etablere eit forskingsprogram over sju år i regi av Forskingsrådet.

Temasatsingar

I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning blir fire tematiske satsingsområde i forskingspolitikken trekte fram: energi og miljø, mat, hav og helse. I 2007 foreslår Regjeringa å styrkje dei tematiske satsingane med midlar frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50.

Konsekvensane av klimaendringar kan bli større for vår region og Arktis enn det globale snittet. Derfor er målretta klimaforsking for å betre kunnskapen om framtidige klimaendringar og deira konsekvensar i vår region særs viktig. I tillegg trengs forsking på den klimapolitiske sida av energisektoren som inkluderer forsking på klimapolitiske verkemiddel, internasjonale forhandlingar og utforming av internasjonale klimaavtaler i framtida. Regjeringa har som mål å auke klimaforsking og etablere ein nasjonal handlingsplan for klimaforsking. To store klimaforskingsprogram i Noregs forskingsråd blir styrkt gjennom den auka avkastninga frå Forskingsfondet i 2007. 15 mill. kroner skal fordelast om lag likt mellom programma Framtida sine reine energisystem (RENERGI) og Klimaendringar og konsekvensar for Noreg (NORKLIMA). NORKLIMA omfattar forsking på klimasystemet og årsakene til klimaendringar. Vidare samlar programmet forsking på konsekvensar av klimaendringar på natur og samfunn, mellom anna i polarområda. RENERGI dekkjer storparten av den energirelaterte forskinga, med unntak av forskinga på miljøvennlig gasskraftteknologi. Det er ei viktig målsetting for RENERGI-programmet å medverke, gjennom forsking og utvikling, til å skape eit effektivt energisystem utan utslipp av klimagassar. Forskingsprosjekt som kan medverke til eit miljøvennleg energisystem inkluderer mellom anna utvikling av nye retningsliner og tekniske løysingar for å avgrense energibruken og betre energieffektiviteten.

Gassmaks-programmet for forsking på industriell bruk av naturgass skal starte opp i 2007. Regjeringa vil leggje til rette for økt verdiskaping i naturgasskjeden ved å satse på kompetansebygging og forsking. Naturgass har eit stort potensial for næringsutvikling og nye arbeidsplassar. Det nye forskingsprogrammet vil dekkje utvikling av nye gassprosessar, -produkt og -system. Regjeringa foreslår å løyve totalt 26 mill. kroner til programmet i 2007, jf. kap. 286, post 50, samt kap. 920, post 50 i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Nærings- og handelsdepartementet.

Noreg har føresetnader for å kunne utnytte nokre av dei største og mest produktive kyst- og havområda. Dette inneber at vi har særlege føresetnader for å bli verdsleiande innanfor kunnskapsbasert forvalting og berekraftig utnytting av fornybare marine ressursar. Forskingsprogrammet Norsk mat frå sjø og land (Matprogrammet) i Noregs forskingsråd starta opp i 2006. Programmet dekkjer heile verdikjeda frå primærproduksjon til marknad/forbrukar både for landbruksbaserte og for marine matvarer med unntak av havbruk. Programmet vil få ein auka løyving på 10 mill. kroner i 2007 frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.

To andre store forskingsprogram i Noregs forskingsråd ser òg på dei marine ressursane. Regjeringa foreslår å nytte 10 mill. kroner av den auka fondsavkastninga til desse programma i 2007. HAVBRUK - ein næring i vekst, har som mål å sikre og vidareutvikle det faglege grunnlaget for ein marknadsretta, miljø- og ressursvennleg produksjon av akvatiske organismar i heile verdikjeda fram til marknaden. Dette inkluderer kunnskap for å vidareutvikle oppdrett av laksefisk, og for å utvikle kommersiell produksjon av andre artar. Programmet Havet og kysten (HAVKYST) skal hente inn ny kunnskap om økosystemet i havet, samt utvikle teknologi, metodikk og modellar for økosystembasert forvaltning, også i nordområda. Menneskeleg påverknad mellom anna gjennom utslipp er eit av områda som programmet set søkjelys på.

Det er viktig å få fram teknologi som gjer det mogleg for sjøfarten å sleppe ut mindre NOx. For å styrkje utviklinga av NOx-relatert teknologi, foreslår Regjeringa å auke løyvinga til forskingsprogrammet MAROFF i Forskingsrådet med 20 mill. kroner, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Nærings- og handelsdepartementet.

Systematisk kartlegging og styrking av kunnskapen om havbotnen blir vidareført gjennom MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde). Programmet er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Noregs geologiske undersøking og Statens kartverk Sjø. Det er sett av til saman 23,6 mill. kroner til programmet, likt fordelt på Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Forskingsinstitutta innanfor den blå-grønne sektoren skal omorganiserast, jf. St. prp. nr. 66 (2005–2006). Målet er ei betre arbeidsdeling og eit tettare forskingsfagleg samarbeid mellom dei fiskeri-, havbruks- og landbruksvitskaplege forskingsmiljøa. Det er etablert eit selskap, NOFIMA AS, som arbeider med å etablere grunnlaget for eit nytt holdingselskap, som skal samle dei aktuelle institutta.

Som eit ledd i satsinga på vaksineforsking i 2007, blir det foreslått å løyve 20 mill. kroner over budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet til vaksinerelatert forsking innanfor dyre- og fiskevaksinar.

Helseforsking er òg eit viktig satsingsområde for Regjeringa og totalt 20 mill. kroner blir løyvd til dette i 2007 frå den økte avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286, post 50.

Regjeringa vil frå 2007 setje i gang ei ny og samla satsing på forsking om årsakene til sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet. 10 mill. kroner av fondsavkastninga skal øyremerkjast dette. Satsinga blir sett i verk i regi av Noregs forskingsråd og skal stimulere til forskingssamarbeid på tvers av eksisterande faggrenser for å løfte sjukefråværsforskinga eit steg vidare. Eit av dei sentrale måla med satsinga er å sikre forskingsbasert kunnskap om effektive verkemiddel for å førebyggje sjukefråvær og uførleik, og for å nå målet om eit inkluderande arbeidsliv. Den nye forskingssatsinga vil gå over ti år.

Stamcelleforsking har eit stort potensial innan regenerativ medisin, kreftdiagnose/terapi med vidare. Det er viktig å styrkje grunnforsking og klinisk forsking med sikte på å kunne behandle alvorleg sjuke menneske. Regjeringa ønskjer at det skal kunne forskast på stamceller frå overtallige befrukta egg, og eit forslag til endring i bioteknologilova om dette har vore på høyring.

Innanfor tildelinga til helsesatsinga frå Fondet for forsking og nyskaping ligg òg ei styrking av global helse-delen av forskingsprogrammet Global helse- og vaksinasjonsforsking (GLOBVAC) i Noregs forskingsråd. Forskinga på global helse og vaksinasjonar skal medverke til at offentlege og private forskingsinstitusjonar i Noreg gjer meir for å forske på sjukdommar som særleg råker folk i utviklingslanda. Vaksina­sjonsforsking er òg eit satsingsområde i 2007. Det vil bli løyvd 50 mill. kroner til forsking på humane vaksinar i 2007 over budsjettet til Utanriksdepartementet, kap. 165 post 70. Forskinga vil i hovudsak bli forvalta av Noregs forskingsråd. Forskinga er meint å stimulere forskingssamarbeidet mellom nord og sør, og eit viktig område er kapasitetsutvikling knytt til vaksinasjonsforsking i utviklingsland.

Reforma av arbeids- og velferdsforvaltinga, NAV-reforma, starta opp i 2006. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil i samarbeid med Noregs forskingsråd evaluere reforma parallelt med at ho blir gjennomført. Inntil 7 mill. kroner vil bli nytta til dette årleg frå og med 2007. Sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Som ledd i stortingsmeldinga Mestring, muligheter og mening. Utfordring for framtidas omsorg, som blir lagt fram for Stortinget hausten 2006, vil Regjeringa auke forsking på omsorgstenester og levekåra og helsa til dei eldre, med særleg vekt på demens. Regjeringa foreslår å etablere regionale forskings- og utviklingssentre som blir knytt til høgskolemiljøa som utdannar personell til helse- og sosialtenesta. Sentra skal i samarbeid med kommunar og fagmiljø medverke til forskingsformidling og kompetanseheving i pleie- og omsorgssektoren, og auke fag- og metodeutvikling i utdanninga. Helse- og omsorgstenesteprogrammet vil bli styrkt med 5 mill. kroner. Regjeringa foreslår vidare ein auke på 3 mill. kroner til eit rusforskingsprogram i Forskingsrådet, som ein del av Opptrappingsplanen for rusomsorgen. Sjå omtale av satsingane i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Overslag over FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Offentleg finansiering av norsk forsking byggjer på sektorprinsippet. Det inneber at kvart departement er ansvarleg for forsking på sin sektor. Alle departementa gir løyvingar til forsking. Kvart år utarbeider NIFU STEP ein statsbudsjettanalyse. Analysen viser at om lag 120 kapittel i statsbudsjettet i større eller mindre grad blir nytta til å finansiere forsking. Med utgangspunkt i data frå NIFU STEP, som seier kor stor del av løyvingane som blir nytta til FoU, er det mogleg å gi eit overslag over dei samla FoU-utgiftene på statsbudsjettet.

Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2007 er om lag 16,3 mrd. kroner, jf. tabell 5.1.

Tabell 5.1 Overslag over løyvingane til forsking over statsbudsjettet (i mill. kroner)

Departement

Saldert budsjett 20061

Forslag 2007

Endring 2006–07 (i pst.)

Utanriksdepartementet

481

54714

Kunnskapsdepartementet

8 398

8 7554

Kultur- og kyrkjedepartementet

91

988

Justis- og politidepartementet

34

3915

Kommunal- og regionaldepartementet

145

16212

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

161

1663

Helse- og omsorgsdepartementet

1 072

1 1204

Barne- og likestillingsdepartementet

55

74352

Nærings- og handelsdepartementet

1 333

1 49912

Fiskeri- og kystdepartementet

660

6935

Landbruks- og matdepartementet

490

5186

Samferdsledepartementet

222

2356

Miljøverndepartementet

432

4484

Fornyings- og administrasjonsdepartementet3

68

2062034

Finansdepartementet

79

835

Forsvarsdepartementet

895

885-1

Olje- og energidepartementet

531

500-6

Statsbankane

265

261-2

Totalt

15 412

16 2896

1 Kjelde: Statsbudsjettanalysen, NIFU STEP.

2 Tala er ikkje heilt samanliknbare. Auken er noko mindre enn det som går fram.

3 Sentralt innbetalte innskot i Statens pensjonskasse, 24 mill. kroner i 2006, er ikkje medrekna.

4 Det blir berekna FoU-delar av løyvingar til bygg som blir nytta til forskingsformål. Auken på Fornyings- og administrasjonsdepartementet skriv seg fra auka byggjeløyvingar i universitets- og høgskolesektoren.

Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld meir detaljert omtale av dei forskjellige forskingssatsingane.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet er ein viktig reiskap for å gjennomføre forskingspolitikken. I 2007 blir vel 33 pst. av statlege løyvingar til forsking, eller til saman om lag 5,1 mrd. kroner, kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Løyvingane frå departementa til Forskingsrådet omfattar både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg kjem ein stor del av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.

Kunnskapsdepartementet er forvaltningsdepartement for Forskingsrådet, men rådet får løyvingar frå alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Desse løyvingane er øyremerkte spesielle forskingsprogram og institutt. Det er stor skilnad på storleiken på løyvingane frå dei ulike departementa. Tabell 5.2 viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i 2007-budsjettet.

Tabell 5.2 Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane (i 1 000 kr)

Kap./post

Departement

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

285/52 og 55

Kunnskapsdepartementet

1 312 000

1 310 534

920/50

Nærings- og handelsdepartementet

1 066 000

1 080 000

1830/50

Olje- og energidepartementet

477 100

438 500

1023/50

Fiskeri- og kystdepartementet

253 000

270 100

1137/50

Landbruks- og matdepartementet

151 266

151 266

1410/51 og 53

Miljøverndepartementet

131 018

130 318

701/50

Helse- og omsorgsdepartementet

153 964

174 215

1301/501

Samferdsledepartementet2

118 700

146 300

286/50

Fondet for forsking og nyskaping

707 760

939 560

Sum

4 370 808

4 640 793

1  Ein mindre del av løyvinga på posten gjeld forsking utanom Norges forskingsråd.

2  Størstedelen av auken skriv seg frå at nokre midlar er flytte frå kap. 1301 post 70, som ei teknisk endring.

Som tabellen viser aukar løyvingane til Forskingsrådet frå dei største bidragsytande departementa i statsbudsjettet for 2007 samanlikna med 2006. Størsteparten av auken gjeld avkastninga frå Forskingsfondet. Sjå også nærmare omtale av Noregs forskingsråd under kategori 07.70.