St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 4
Rapportar

7 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status og utvikling i ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar, lærlingar og lærarar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Skolestruktur har òg stor innverknad på kostnadsnivået, men denne er til dels gjenstand for lokale prioriteringar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Den delen av driftsutgiftene i kommunane som går til skolesektoren, har lege på i underkant av 30 pst. i dei siste åra. Tilsvarande tal for fylkeskommunane har lege på om lag 64 pst., men har gått ned til 62,5 pst. frå 2006 til 2007. Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra, både når det gjeld totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utvikling i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av vaksne i grunnopplæringa, skolefritidsordninga og leirskoleordninga. Dei neste tema er lærartettleik og skolestruktur, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev. Mot slutten av kapitlet er spesialundervisning og internasjonale undersøkingar tema.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå, KOSTRA (Kommune–stat-rapportering) og Utdanningsspeilet 2007 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

I dei seinare åra har elevtalet i grunnskolen lege på i underkant av 620 000. I 2006 var det 619 728 elevar i grunnskolen. I 2007 var talet 617 121. På barnetrinnet viser elevtalet ein liten nedgang, medan elevtalet på ungdomstrinnet er stabilt. Om lag 97 pst. av alle elevane som gjekk ut av tiande trinn i grunnskolen våren 2007, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Delen av 16–18-åringane som nyttar seg av retten til vidaregåande opplæring, har lege stabilt på over 90 pst. sidan 1995. Som eit resultat av dei store fødselskulla i byrjinga av nittiåra har det i dei siste åra vore stor auke i talet på elevar i vidaregåande skole, sjå tabellen nedanfor. Talet på elevar i vidaregåande skole hausten 2007 var i alt 187 239 elevar.

Tabell 7.1 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole. Førebelse tal for alle åra.

Steg 1 (Vg1)

Steg 1 (Vg2)

Steg 3 (VKII)

År

Studieførebuande

Yrkesfaglig

Studieførebuande

Yrkesfaglig

Studieførebuande

Yrkesfaglig

I alt

2001–02

29 191

34 733

27 678

26 111

34 285

8 041

160 039

2006–07

35 763

39 380

28 788

35 011

38 317

10 082

187 314

2007–08

35 712

38 907

29 326

33 371

40 036

9 887

187 239

Kjelde: SSB/Utdanningsdirektoratet

Frå og med 2003, da talet på lærlingar var i underkant av 30 000, har talet auka. Tal frå SSB viser at per 1. oktober 2006 var talet på lærlingar 34 439 og talet på lærekandidatar 833. På same tidspunkt i 2007 var tala auka til 37 222 lærlingar og 863 lærekandidatar. Dette er ein auke på om lag åtte pst. frå 2006 til 2007. Det er framleis innanfor byggfag, mekaniske fag og elektrofag det er flest lærlingar.

For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2007.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ynskjer det, jf. opplæringslova § 4A–1.

Om lag 10 000 vaksne får kvart år opplæring på grunnskolenivå. Talet har vore relativt stabilt sidan 2002. Det er om lag like mange vaksne kvinner som menn som får grunnskoleopplæring. Delen av vaksne elevar som har språkleg minoritetsbakgrunn, har auka frå 23 pst. i 2002 til 34 pst. i 2007.

Hausten 2006 fekk 10 620 vaksne grunnskoleopplæring. Det tilsvarande talet for 2007 var 9 738. Av dei som fekk opplæring hausten 2007, fekk 5 610 spesialundervisning, jf. Utdanningsspeilet 2007.

Frå og med hausten 2008 er retten til vidaregåande opplæring for vaksne utvida. Den nye retten inneber at alle som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Tidlegare var det berre vaksne fødde før 1978 som hadde slik rett.

Tal som er henta direkte frå fylkeskommunane, viser at det er om lag 20 000 vaksne som deltek i vidaregåande opplæring.

Dei fleste får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Om lag halvparten av dei vaksne som er i opplæring er realkompetanse vurderte, ifølgje Vox.

Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har førebels manglar. Problema er mellom anna knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterar på ulike måtar. Det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå SSB, Vox, Utdanningsdirektoratet og VIGO styringsgruppe, som arbeider med å betre statistikkgrunnlaget. Gruppa undersøkjer mellom anna kva for nasjonale føringar som er nødvendige for å få til felles saksbehandlings- og registreringssystem i fylkeskommunane.

For nærmare omtale av grunnopplæring for vaksne, sjå programkategori 07.20.

Skolefritidsordninga

Hausten 2007 gjekk i alt 144 000 barn i skolefritidsordning (SFO). Av barna i SFO går 96,1 pst. i kommunale ordningar og 3,6 pst. i private ordningar og resten ved statlege skolar. Delen barn på 1.–4. trinn som går i SFO, var på 60 pst. og har auka noko i det siste året.

GSI-tal for hausten 2007 viser at 54 pst. av barna i SFO hadde plass med lang opphaldstid. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev som var 25 timar per uke i SFO, kr 1 717 per månad i 2006 (KOSTRA). Foreldrebetalinga for ein elev som var i SFO ti timar per veke var i snitt kr 978 per månad.

Leirskoleordninga

I skoleåret 2007–08 planla 65 110 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer 10,5 pst. av elevane i grunnskolen, og er i samsvar med målsetjinga om at alle elevar skal få ta del i eit leirskoleopphald minst ein gong i grunnskolen. Delen elevar som har drege på leirskole, har lege på om lag ti pst. sidan 2001.

Lærartettleik

Lærarårsverk

Ifølgje GSI var det 51 423 lærarårsverk i grunnskolen i 2006. Dette er om lag 600 fleire årsverk enn i 2005. På grunn av endringar i registreringa av årsverk til undervisning i GSI frå 2006 til 2007 er det noko usikkert om den nedgangen i talet på lærarårsverk i grunnskolen frå 2006 til 2007 som går fram av tabellen nedanfor, faktisk er riktig. Utviklinga i talet på lærartimar har i same periode gått opp.

I vidaregåande opplæring har talet på årsverk vore relativt stabilt på i overkant av 22 000 frå 2000 til 2004, for så å gå noko ned i 2005. I 2006 har talet igjen auka noko i forhold til 2005.

Tabell 7.2 Utvikling i lærarårsverk

Skoleår

Lærarårsverk i grunnskolen

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring1

2004–05

50 832

22 332

2005–06

50 801

19 853

2006–07

51 423

20 503

2007–08

50 906

20 618

1 Fylkeskommunale skolar

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem og Statistisk sentralbyrå

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

Indikatoren berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Dette omfattar også timar til spesialundervisning og særskilt norskopplæring for språklege minoritetar. Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Tabell 7.3 Gjennomsnittleg gruppestorleik

1. trinn

Barnetrinn

Ungdomstrinn

I alt

2000–01

12,9

13,0

14,4

13,4

2001–02

12,1

13,0

14,6

13,5

2002–03

12,5

13,2

14,9

13,8

2003–04

13,1

13,2

15,0

13,8

2004–05

13,4

13,4

15,1

13,9

2005–06

13,6

13,6

15,2

14,1

2006–07

12,8

13,5

15,1

14,0

2007–08

12,0

13,3

15,0

13,9

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

I skoleåret 2007–08 var den gjennomsnittlege gruppestorleiken i kommunale grunnskolar utanom spesialskolar på 13,9. Dette er ein nedgang frå året før, da gruppestorleiken var 14,0.

Gruppestorleiken for 1. trinn auka frå 2001–02 til 2005–06 med 1,5. Frå 2005–06 til 2007–08 har gruppestorleiken for 1. trinn gått ned med 1,6. Utviklinga for barnetrinnet har følgt eit tilnærma parallelt løp, men gruppestorleiken har ikkje gått like mykje ned dei siste par åra. På ungdomstrinnet har gruppestorleiken halde seg på eit relativt stabilt nivå i perioden 2001–02 til 2007–08.

Elevar per kontaktlærar

I opplæringslova heiter det at kvar elev skal vere tilknytt ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, blant anna kontakten med heimen. Gjennomsnittleg tal på elevar per kontaktlærar vart kraftig redusert frå 2003–04 til 2004–05, og har sidan halde seg på eit relativt stabilt nivå. I skoleåret 2007–08 var det i gjennomsnitt 15,1 elevar per kontaktlærar i grunnskolen. 56 pst. av elevane og 40 pst. av skolane har kontaktlærarar med ansvar for fleire enn 15 elevar.

Skolestruktur

I skoleåret 2007–08 var det 2 941 offentlege kommunale grunnskolar, tre interkommunale grunnskolar og ein statleg grunnskole. I tillegg var det 174 private grunnskolar, 16 av dei i utlandet. Same skoleåret var det 79 spesialskolar i Noreg. Av dei var 45 kommunale, åtte interkommunale, 16 fylkeskommunale, fem statlege og fem private.

Storleiken på grunnskolane varierer frå berre to elevar i nokre få tilfelle til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.

Tabell 7.4 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)

1997

2000

2005

2007

Mindre enn 100 elevar

40

37

36

34

100–299 elevar

42

41

39

49

300 elevar eller meir

19

22

26

26

Åtte pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 38 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 54 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Delen elevar som går på store skolar, auka med ti prosentpoeng i perioden 1997–2006.

Frå skoleåret 2006–07 til 2007–08 vart det lagt ned 42 grunnskolar, medan det vart oppretta 16 skolar. I to av tilfella var nedlegginga eller opprettinga eit resultat av at skolar vart slåtte saman. To av dei offentlege skolane som vart nedlagde, vart erstatta av privatskolar. Dei skolane som vart nedlagde, hadde til saman 2 765 elevar, det vil seie gjennomsnittleg i underkant av 66 elevar per skole. Tilsvarande hadde dei nyoppretta skolane 2 020 elevar, det vil seie om lag 126 elevar per skole.

I 2006 var det registrert 453 vidaregåande skolar. 371 var fylkeskommunale, 77 private og fem statlege. Sidan 2001 har det vorte 43 færre vidaregåande skolar. Talet på private skolar har auka med 17 i same periode.

Kommunal ressursbruk målt i utgifter til grunnopplæringa

Del av kommunale/fylkeskommunale utgifter

Netto driftsutgifter til grunnskoleopplæring i pst. av dei samla netto driftsutgiftene i kommunane har lege stabilt på om lag 30 pst. i dei siste åra. Vidaregåande opplæring er den klart største utgiftsposten i fylkeskommunane. I 2007 var delen av netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring på 62,5 pst., ned frå 64,2 pst. i 2006.

Utgifter per elev

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var kr 72 942 i 2007. Dette er ein auke på 6,4 pst. frå 2006. Prisendringa i kommunalt konsum var i same periode 4,2 pst. Det vil seie at det reelt sett var ein auke i ressursbruken per elev.

Det er ein betydeleg auke i driftsutgifter til undervisningsmateriell frå 2005 til 2007. Hovudårsaka til dette er Kunnskapsløftet og behov for utskifting av læremiddel som følgje av nye læreplanar. Dette er kommunane kompenserte særskilt for.

Tabell 7.5 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, laupande prisar

2003

2004

2006

2007

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

63 469

64 949

68 743

72 942

– Lønnsutgifter per elev

49 119

49 901

54 398

57 023

– Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

588

623

819

901

– Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 279

1 158

1 361

1 777

Vidaregåande opplæring

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

86 288

85 808

92 084

95 224

– Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

52 941

51 946

54 167

55 852

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

106 456

106 334

116 088

120 846

– Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

68 530

68 253

73 345

76 594

1 På grunn av adnra rekneskapsføring i kommunane som følgje av etablering av eigne føretak og interkommunale selskap i 2005, innførde Statistisk sentralbyrå ein ny definisjon av korrigerte brutto driftsutgifter frå 2006. Tala for 2006 og 2007 er derfor ikkje samanliknbare med tal frå tidlegare år.

Kjelde: KOSTRA per 15. juni 2007, Statistisk sentralbyrå

Nokre fylkeskommunar har auka bruken sin av kjøp av tenester frå eigne føretak og interkommunale rekneskap. I KOSTRA-tala for vidaregåande opplæring er det derfor innført ein ny definisjon av korrigerte brutto driftsutgifter frå og med 2006, der fylkeskommunane sine utgifter til kjøp av tenester frå eigne føretak og interkommunale rekneskap er tekne med.

Frå 2006 til 2007 var det ein auke i utgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram på 3,4 pst., mens det for dei yrkesfaglege utdanningsprogram var ein auke på 4,1 pst.

Til tross for ein betydelig elevtalsvekst i vidaregåande opplæring frå 2004 til 2007 tyder det på at fylkeskommunane har klart å halde oppe ressursbruken per elev om lag på same nivå.

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 78 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 59 pst. og 63 pst. på høvesvis studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i 2007. Dette er om lag same nivå som i 2006.

Kommunale forskjellar i ressursbruk

Skoledrift er ikkje like dyrt for alle kommunar. Dette skyldast mellom anna smådriftsulemper som spesielt rammar kommunar med spreidd busetjing. For å kunne samanlikne kommunar er det i figuren nedanfor korrigert for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering.

Figur 7.1 Strukturjusterte kommunale forskjellar i ressursbruk

Figur 7.1 Strukturjusterte kommunale forskjellar i ressursbruk

Kjelde: Hægeland mfl. 2008

Ressursbruken målt i korrigerte brutto driftsutgifter per elev for 2006 i figuren over syner at det var langt færre kommunar (29 pst.) som brukte mindre enn gjennomsnitts-intervallet (kr 70 000–75 000), enn det var kommunar som brukte meir enn gjennomsnittsintervallet (57 pst.). Til tross for stor spreiing i ressursbruken ligg 72 pst. av kommunane innanfor eit kostnadsintervall på mellom kr 60 000 og 90 000.

Det går fram av figuren at ein strukturjustering av kostnadene reduserer spreiinga mellom kommunane. Gjennomsnittet blir derimot endra minimalt (kr 71 274).

Konsekvensen av å foreta ei slik justering er i hovudsak at talet på kommunar med meir enn kr 100 000 i utgifter per elev blir redusert frå 64 til 13. Samstundes aukar talet på kommunar som ligg innanfor eit kostnadsintervall på mellom kr 60 000 og kr 90 000 per elev, frå 72 til 86 pst. Dette tyder på at ein god del av kommunane som bruker høvesvis mykje på drift av grunnskolen, gjer dette på grunn av forhold dei ikkje kan påverke, slik som elevtal og busetjingsmønster.

Variasjonen mellom kommunar i utgifter per elev har vore svært stabil i dei siste fem åra.

For meir omtale av variasjonar i ressursbruken mellom kommunar, sjå Utdanningsspeilet 2007.

Kommunar med særleg låg ressursinnsats

Det er stor forskjell i talet på elevar og reiseavstand mellom dei kommunane som har høgast og lågast driftsutgift per elev. Heile 23 pst. av elevane i landet går på skole i dei 25 kommunane med lågast utgift per elev. Til samanlikning går bare 0,6 pst. av elevane på skole i dei 25 kommunane med høgast utgift per elev.

Hægeland har sett på kommunar som er gjengangarar i kategoriane «25 kommunar med lågast utgifter» og «25 kommunar med høgast utgifter» til grunnskole over ein periode på fire år (2003–06). Dei finn at ein stor del av kommunane på 25 på topp/botn er dei same frå år til år. Felles for høgutgiftsgjengangarane er at dei er kommunar med eit gjennomsnittleg tal for elevar i kommunen på 160 og ein stor del av frie inntekter, nær 50 pst. over landsgjennomsnittet. Gjengangarane i dei 25 lågutgiftskommunane hadde i snitt 4 300 elevar og frie inntekter på åtte pst. av landsgjennomsnittet. Nær halvparten av høgutgiftskommunane sine gjengangarar er såkalla kraftkommunar, mens ingen av lågutgiftskommunane er kraftkommunar.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at delen elevar med spesialundervisning i grunnskolen har vore nokså stabil over tid, men har auka noko i dei siste to åra og ligg på 6,3 pst. i 2007–08. Delen elevar med særskild norskopplæring har auka noko i same periode og ligg på 6,5 pst. i 2007–08. Dette skyldast eit auka tal minoritetsspråklege elevar.

Internasjonale samanlikningar

Noreg brukar mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, jf. statistikk som OECD publiserer kvart år tal på ulike indikatorar. Dei siste tala blei publiserte i 2008 og er frå 2005.

Dersom ein ser på utgiftene per elev, ligg Noreg heilt i toppen for både grunnskolen og for vidaregåande opplæring. Samla utgifter per elev for heile grunnopplæringa i Noreg ligg nær 50 pst. over OECD-snittet. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg.

Ein analyse gjennomført av Senter for Økonomisk Forskning ved NTNU (SØF) viser at lærartettleiken i grunnskolen ligg 28 pst. over gjennomsnittet for OECD. Undervisningsplikta til norske lærarar er 7–8 pst. lågare enn gjennomsnittet for OECD. Det betyr at sjølve lærarinnsatsen per elev ligg vel 20 pst. over OECD-gjennomsnittet. Dette betyr ikkje at norske lærarar arbeider mindre enn lærarar i andre land: Lærarane har relativt lang arbeidstid og høy tilstedeværelsesplikt, men mykje av tida er sett av til anna enn undervisning

Lærarlønna kan forklare noko av avviket mellom utgift per elev og lærartettleik, men ikkje heile. Tal frå OECD syner at startlønna for norske lærarar ligg over OECD –gjennomsnittet, men at lønna for lærarar med 15 års erfaring ligg under gjennomsnittet. SØF har òg anslått kostnadane knytt til at Noreg har mange små skoler og kjem fram til at desse kan forklare om lag 5–6 pst. av utgiftene per elev. SØF finn ikkje grunnlag for å seie at integrering av elevar med funksjonshemming kan bidra til å forklare den høge ressursbruken.

8 Fornying og organisasjonsendringar

Nedanfor følgjer omtale av arbeid på Kunnskapsdepartementet sitt område for fornying og organisasjonsendring.

Barnehageområdet

Regjeringa foreslo i Ot.prp. nr. 57 (2007–2008) Om lov om endringer i barnehageloven at statlege øyremerkte barnehagetilskott skal bli innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011. Kommunane får frå same tidspunkt eit heildekkjande ansvar for barnehagesektoren. Prinsipp for og konsekvensar av innlemming for kommunane vil bli omtala i dei kommande kommuneproposisjonane. Forslaget omfattar private, fylkeskommunale og statlege barnehagar (ikkje-kommunale). Reglane for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar må tilpassast ein rammefinansiert barnehagesektor. Ny finansieringsordning vil først tre i kraft ved tidspunktet for innlemming. Innlemming frå 2011 bidreg til å sikre at kommunane har tilstrekkeleg med tid på å førebu seg på rammefinansierings og nytt finansieringssystem for ikkje-kommunale barnehagar. For å sikre dei ikkje-kommunale barnehagane vidare drift legg forslaget opp til at kommunen skal ha ei finansieringsplikt overfor eksisterande ikkje-kommunale barnehagar (etablert innan 31. desember 2010). Vidare blir det foreslått at nyetablerte barnehagar (etablert frå og med 1. januar 2011) ikkje automatisk skal ha rett til finansiering. Det blir foreslått at kommunen blir gitt fridom til å vurdere om desse skal ta imot kommunal finansiering.

Kompetansepolitikken

Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet har som mål å auke deltakinga i samfunns- og arbeidsliv hos vaksne ved å styrkje og synleggjere kompetansen deira. Grunnleggjande dugleikar og realkompetanse er særskilde innsatsområde. Rolla til Vox er å utvikle, analysere og formidle kunnskap om læring hos vaksne og å forvalte tilskottsordningar for dette formålet.

Kunnskapsdepartementet ønskjer å presisere fordelinga av ansvar og oppgåver mellom Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet og Utdanningsdirektoratet frå og med 2009. Direktoratet skal ha eit tydeligare ansvar for grunnskule- og vidaregåande opplæring for vaksne som fell inn under opplæringslova. Vox skal styrke og fornye sitt arbeid for den delen av vaksnes læring som skjer i arbeidslivet og utanfor det formelle utdanningssystemet. Denne presiseringa av ansvarsdelinga mellom dei to etatane skal bidra til at rettsbasert grunnopplæring for vaksne får ei tydelegare prioritering i den ordinære opplæringa og at tiltaka vurderast i eit heilskapleg perspektiv for alle målgruppene.

Universitet- og høgskolar

Stjernø-utvalet leverte innstillinga si NOU 2008: 3 Sett under ett i februar 2008. Innstillinga har vore på brei høring, og har vore diskutert på mange arenaer i universitets- og høgskolesektoren. Innstillinga foreslår mellom anna strukturelle grep for å samle institusjonar under felles organisatoriske paraplyar. Vidare foreslår utvalet å endre kriteria for universitetsakkreditering. Desse forslaga ville medført større reorganisering av heile sektoren. Kunnskapsdepartementet vil ikkje foreslå å leggje ned eller reorganisere studiestader inn i nye samanslåtte organisasjonar. Departementet vil ikkje motsette seg arbeid med fusjonsplanar der dette blir drive fram av institusjonane sjølve. Dette gjeld mellom anna i Tromsø, der universitetet og høgskolen har vedteke å slå seg saman. Departementet gjer no ein større gjennomgang av finansieringssystemet i universitets- og høgskolesektoren. Dette er ei oppfølging av St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning og Stjernø-utvalet. Arbeidet vil bli presentert i samband med framlegging av forslag til statsbudsjett for 2010.

NOKUT reviderte alle sjukepleiarutdanningane i Noreg hausten 2005. Berre ei vart akkreditert, medan 30 bachelorutdanningar ikkje fekk akkreditering. NOKUT behandla dei siste akkrediteringssakane våren 2008. Alle bachelorutdanningar innanfor sjukepleie er no akkrediterte. Dette er eit gledeleg resultat. Samstundes viser dette at kvalitetsarbeidet i sektoren gir resultat, og at akkrediteringsfunksjonen til NOKUT verkar på ein tilfredsstillande måte.

Høgskolen i Agder vart akkreditert som universitet frå 1. september 2007, og endra då namn til Universitetet i Agder. Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen fekk status som vitskapleg høgskole frå 1. juni 2008. Regjeringa har vedteke at Høgskolen i Tromsø og Universitet i Tromsø etter eige ønske skal slå seg saman frå 1. januar 2009.

Fagskolar

Tidlegare 6A-skolar som blir godkjende som og startar opp med fagskoleutdanning, er lova same økonomiske rammevilkår under fagskolelova som dei hadde under privatskolelova, jf. Innst. O. nr. 89 (2006–2007). Fem skolar har fått godkjent utdanningstilboda sine som fagskoleutdanningar av NOKUT og har meldt til Kunnskapsdepartementet at dei vil aktivere godkjenninga. Dette gjeld Ålesund kunstfagskole, Einar Granum kunstfagskole, Asker kunstfagskole, Kunstfagskolen i Bergen og Nordland kunst- og filmskole. Departementet foreslår derfor å overføre tilskott til desse skolane til kap. 276.

Forskingsinstitutt

Regjeringa vil innføre eit nytt basisfinansieringssystem for forskingsinstitutta frå 1. januar 2009. Hovudmålet med den statlege grunnløyvinga vil vere å gi institutta rom for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. For å kunne få statleg basisfinansiering må instituttet drive forsking på felt som er av interesse for norsk næringsliv, forvaltning eller samfunnsliv. Instituttet må ha ein fagleg og vitskapleg kompetanse som kjem til uttrykk gjennom vitskaplege publikasjonar i anerkjende tidsskrift, samarbeid med universitet og høgskolar og deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid. Kunnskapsdepartementet avgjer, i samråd med dei departementa det vedkjem og etter råd frå Noregs forskingsråd, kva for forskingsinstitutt som skal ta imot basisfinansiering. Sjå nærmare omtale under kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

9 Likestilling i barnehage-, utdannings- og forskingssektoren

Kunnskapsdepartementet har som strategiske likestillingsmål på politikkområdet å arbeide for at likestilling blir ein del av verdigrunnlaget i barnehagen, i utdanningane og i forskinga. Likestillingsarbeid er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, førast vidare i skolen, og må ligge til grunn for ein kultur i Universitets- og høgskoleinstitusjonane og forskinga, som gir begge kjønn like moglegheiter til å avansere i stillingssystemet.

Barnehage-, utdannings- og forskingssektoren

Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010 vart lagd fram våren 2008. Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen vil bli omfatta både av denne planen og Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011. Barnehagane er omtalte under kategori 07.30.

Gjennom handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring vil integrering av likestillingsarbeid på desse områda bli følgd opp av departementet og Utdanningsdirektoratet i samarbeid med berørte aktørar. Det er Utdanningsdirektoratet som er koordinator for handlingsplanen. Kategori 07.20 omtaler tiltak for å få til ei tilpassa opplæring som kan jamne ut forskjellar og gi best mogleg læringsutbytte for alle. Under kap. 226 er det gitt oversikt over tiltak for å utvikle yrkes- og studierettleiinga og for å betre lærings- og oppvekstmiljøet til elevane.

Departementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling mellom anna for å betre arbeidsvilkåra og auke talet på kvinner i høgre akademiske stillingar. Vedlegg 2 gir omtale av kjønnsbalansen i ulike høgre utdanningar.

Departementet ønskjer å setje i verk ei ordning med øyremerking av stillingar til kvinner på stipendiat- og postdoktornivå, i fag der dei er betydeleg underrepresentert. Departementet vil ta kontakt med ESA med sikte på å få til ei ordning som er i samsvar med EØS-avtalen og som samstundes gjer det mogleg å auke kvinneandelen i særleg underrepresenterte fag.

I 2007 oppretta regjeringa ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målrette likestillingsarbeidet. Prisen blei tildelt Noregs tekninsk-naturvitenskaplige universitet og Institutt for marin bioteknologi ved Universitetet i Tromsø. Begge vinnarane fekk prisen for målretta og konkrete handlingsplanar i arbeidet for å betre kjønnsbalansen i akademia. Prisen har vorte ført vidare i 2008.

Kunnskapsdepartementet har takka ja til å vere vertskap for ein nordisk forskingspolitisk konferanse om likestilling i akademia i mars 2009.

Komité for integreringstiltak – kvinner i forsking har støtta institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i den langsiktige og strategiske utviklinga av forskingsmiljøa sidan 2004. Den sitjande komiteen held fram til og med mars 2010. Mandatet for den nye komiteen er utvida til også å omfatte forskingsinstituttsektoren. Avslutningsrapporten frå den første komiteen finst på nettstaden www.kvinneriforskning.no. Arbeidet for å rekruttere fleire kvinner til forsking er omtalt i kategoriane 07.60 og 07.70.

Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga i samfunnet. Derfor har departementet som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn.

64,4 pst. av dei tilsette i departementet er kvinner. Kvinnedelen har stige jamt sidan 2001, da han var på 59 pst. Departementet vil i sitt rekrutteringsarbeid vurdere korleis delen menn kan aukast.

Snittlønna for kvinner låg i januar 2008 på om lag 94,2 pst. av snittlønna for menn. Statistikken for januar 2008 syner at 27,2 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 16,4 pst. av dei mannlege tilsette.

Menn og kvinner er omtrent like ofte heime med sjuke barn. I 2007 var mennene sin del av fråværet knytt til omsorg for sjuke barn på 24,6 pst. Til samanlikning utgjorde mennene ved utgangen av fjoråret 34,5 pst. av dei tilsette i aldersgruppa 25–49 år. Av fråværet knytt til fødselspermisjon sto menn for 17 pst. i fjor. Dette er ein auke frå året før, da det tilsvarande talet var 3,3 pst. Departementet vil i sin lønnspolitikk spesielt vere merksam på om fødsels- og omsorgspermisjonar verkar hindrande med omsyn til lønnsutviklinga.

Det legemelde sjukefråværet var i 2007 på 3,9 pst. for kvinner og 1,7 pst. for menn. Dette mønsteret finn ein gjennomgåande i heile samfunnet.

Både kvinner og menn nyttar seg av tilbodet om heimekontor og fleksible arbeidstidsordningar som mellom anna gjer det enklare å kombinere omsorg for små barn med ein krevjande jobb.

Overtidsbruken i departementet går opp. I 2007 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 23,9 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 38,4.

I januar 2008 var 47,6 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., er han i dag på 44,4 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe den gode kjønnsbalansen på leiarnivå.

10 Miljø

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

I barnehagane og på skolane er formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet ein integrert del av det pedagogiske opplegget. Omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremme menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling. I dette inngår kjærleik til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom menneska og naturen. Natur, miljø og teknikk er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagen, jf. Rammeplan for barnehagen.

I grunnopplæringa er miljølære integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Opplæringa skal gi mest mogleg heilskaplege kunnskapar og forståing, og utvikle evne og vilje til å arbeide for eit samfunn som er i samsvar med naturressursgrunnlaget. Perioden 2005–14 er FNs tiår for utdanning for berekraftig utvikling, og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein nasjonal strategi for perioden 2006–10 som ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa i dei nærmaste åra.

Universiteta og høgskolar er også viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing for miljøet og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning er energi og miljø peikte ut som eitt av fire tematiske satsingsområde i norsk forsking i dei kommande åra. Kunnskapsdepartementet støttar òg oppunder klimaforsking mellom anna gjennom løyvingar frå Fondet for forsking og nyskaping til programmet NORKLIMA under Noregs forskingsråd. I tillegg finansierer departementet forsking innanfor EUs rammeprogram, og store delar av denne er miljørelatert. Departementet har fokus på oppfølginga av klimameldinga og klimaforliket når det gjelder forsking. I revidert nasjonalbudsjett 2008 vart det løyvd 70 mill. kroner ekstra til forsking på fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. I statsbudsjettet for 2009 blir det lagt opp til ei ytterlegare styrking av dette feltet med til saman 300 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å etablere forskingssenter innanfor fornybar energi og karbonfangst og -lagring og til å styrkje relevante forskingsprogram. Midlane vil bli løyvde over budsjetta til fleire departement.

Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til biodata for forskarar og andre interesserte over heile verda. Noregs forskingsråd representerer Noreg i GBIF.

Hausten 2003 vart det oppretta ein eigen nasjonal artsdatabank lokalisert i Trondheim, knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Artsdatabanken starta arbeidet sitt i januar 2005 og er ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar for og omfang av biologisk mangfald i Noreg både når det gjeld naturtypar, artar og populasjonar (genetisk variasjon). Artsdatabanken er til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. I dei første åra skal Artsdatabanken prioritere sårbare og trua artar, trua naturtypar og introduserte problemartar.

Universitetsmusea speler òg ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til deira samlingar. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova. Musea er styrkte i dei siste åra for mellom anna å sikre at samlingane kan bli forsvarleg oppbevart.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar òg ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern om miljøet.