St.prp nr. 1 Tillegg nr. 10 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Endringar på statsbudsjettet 2001, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond - harmonisering av utlånsordningane under tidlegare Statens landbruksbank

Til innhaldsliste

3 Forslag til endring

Eit felles system for innlån for ordninga med landbrukslån og andre låneordningar i SND vil redusere dei administrative kostnadene i SND. Regjeringa foreslår derfor at ordninga i dag med trekk i statskassa blir erstatta med innlån frå statskassa frå og med 2001, tilsvarande dei andre låneordningane i SND.

Regjeringa foreslår at noverande portefølje av landbrukslån blir administrert av SND og får dei same rentevilkåra som til ei kvar tid gjeld i Husbanken. Noverande kundar vil med dette ikkje kome dårlegare ut enn til no. Komande utgifter til administrasjon, låneprovisjon til staten, tapsavsettingar og rentesubsidiar for noverande portefølje vil som tidlegare bli dekt over statsbudsjettet. Utgifter til administrasjon for noverande portefølje blir dekt over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett kap. 2420, post 70, medan tapsavsettingar og rentesubsidiar blir dekt over Landbruksdepartementet sitt budsjett kap 2411, post 50 og 71.

I St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 3 (1999-2000) blir det sagt at «en harmonisering med SNDs lavrisikolåneordning som det er mest nærliggende å sammenligne med, vil forutsette en noe høyere rente enn dagens». Regjeringa legg fram forslag om at tilbodet om nye lån til bustad- og næringsformål i landbruket frå og med 2001 blir gitt innafor lågrisikolåneordninga i SND med same vilkår for lån til landbruksformål som for andre næringslån, mellom anna lån til fiskeriformål. Dette vil sikre ei samordning av låneordningane og samstundes gjere det mogleg for SND å sjå landbruk og anna næringsverksemd meir i samanheng.

Lågrisikolåneordninga i SND er sjølvfinansierande og utan subsidieelement. Tap og administrasjon blir dekt gjennom rentemarginen, og det blir betalt utbytte til staten av verksemda. Ei slik samanslåing av nye lån til landbruksformål vil derfor innebere at komande kostnader for staten blir redusert gjennom at tilskot til administrasjon, tap og rentesubsidier som til no er løyvd over statsbudsjettet, fell bort. Omlegginga inneber at rentenivået for bustad- og næringslån til landbruksformål vil ligge om lag 0,6 prosentpoeng over utlånsrenta i Husbanken. Det er i dag ingen føresegner som er i vegen for at kundar i landbruket kan søke om bustadlån i Husbanken. Nye kundar frå landbruket kan derfor velge om dei vil søke SND eller Husbanken om bustadlån. Tidlegare SLB har gitt byggelån, og dette tilbodet foreslår ein blir ført vidare i SND. Husbanken gir ikkje denne typen lån, og kundar som søker over til Husbanken, vil derfor ikkje få dette tilbodet. Kundar med høg belåning vil truleg ikkje få dårlegare vilkår for næringslåna dersom bustad- og næringslåna er delt mellom Husbanken og SND i høve til om begge låna blir gitt gjennom SND.