St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 Om fullmakt til å ta opp statslån mv., og om saldering av statsbudsjettet for 2004

Til innhaldsliste

5 Statens lån i utlandet

5.1 Statens utanlandsgjeld og fullmakt til utanlandsopplåning

Det siste store utanlandslånet forfall i januar i år. Statens utanlandsgjeld er dermed redusert til eit lån i Den europeiske investeringsbanken (EIB) på 31 mill. euro. Lånet forfell i mai 2004. Det er knytt to rentebytteavtaler til lånet. Rekna etter valutakursane 30. september 2003 utgjer dette lånet, inkludert dei to rentebytteavtalene, motverdien av 256 mill. norske kroner. For ein oversikt over utviklinga i statens utanlandsgjeld dei siste ti åra, syner ein til figur 3.1.

Departementet hadde fullmakt til å ta opp nye lån i utanlandsk valuta fram til og med 2002. For 2003 bad departementet ikkje om å få fornya denne fullmakta fordi ein ikkje lenger såg behov for å ha høve til å ta opp nye lån i forvaltninga av utanlandsporteføljen, og ein heller ikkje hadde planer om å ta opp utanlandslån av andre grunnar. Av same grunnar ber ikkje departementet om fullmakt til å ta opp nye lån i utanlandsk valuta i 2004.

5.2 Samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar

Frå utgangen av 1994 etablerte Noregs Bank og Finansdepartementet ei samordning av forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Ein del av valutareservane, lik storleiken på statens utanlandsgjeld, kalla «immuniseringsporteføljen», blei skilt ut og plassert med ei samansetting som om lag svara til eksponeringa på gjelda. Rente- og valutakursrisikoen ved statens utanlandsgjeld var dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Bank sine plasseringar.

Etter forfallet av det siste store lånet i januar i år var behovet for denne sikringa svært redusert, og ein fann det ikkje rekningssvarande å halde fram samordninga. Immuniseringsporteføljen blei derfor avvikla ved utgangen av 1. kvartal i år. Den delen av statens innskot i Noregs Bank som var knytt til immuniseringsporteføljen, blei overført til statens ordinære kronekonto i Noregs Bank basert på valutakursane på avviklingstidspunktet.

Berekningar indikerer at frå samordninga blei gjennomført 1. januar 1995 og til den blei avvikla 31. mars 2003, gav immuniseringsporteføljen ei meiravkastning i på om lag prosentpoeng årleg i forhold kostnadane på den motsvarande gjeldsporteføljen. Rente- og valutakurssikringa blei halden innanfor fastlagde rammer gjennom heile perioden.

Til forsida