St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (1999-2000)

FOR BUDSJETTERMINEN 2000 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2000 og endring av kapitla 4020 Havforskingsinstituttet, 4021 Drift av forskingsfartøya og 2309 Tilfeldige utgifter

Til innhaldsliste

2 Utviklinga i fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 2000

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartøystorleikar. Det har vore ein betydeleg auke i arbeidsgodtgjersla og lønsevna per årsverk frå 1997 til 1998, med unntak av sildefisket, jf tabell 2.1. Lønsevna har, med unntak av sildesektoren, auka meir enn arbeidsgodtgjersla. Arbeidsgodtgjersla og lønsevna er betydeleg høgare innanfor storbåt enn innanfor småbåt. Arbeidsgodtgjersla innanfor storbåt har auka med 15,6 pst. og lønsevna med 18,4 pst. frå 1997 til 1998. For småbåt har det i same perioden vore ein auke på 45 pst. i arbeidsgodtgjersla, mens lønsevna per årsverk har auka med 60 pst.

Tabell 2.1 viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne flåten, og tal for gjennomsnittleg årsløn for ein industriarbeidar i perioden 1994 til 1998.

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne fiskeflåten og gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar 1994-1998

19941995199619971998Endring 1997-98
1000 kroner per årsverkPst.
Arbeidsgodtgjersle
Storbåt (over 13 m)32336035639345415,6
- torskesektor30633931033841121,6
- sildesektor3784375065665812,7
Småbåt (8-13 m)13613313513719945,0
Lønsevne
Storbåt (over 13 m)34341340748457318,4
- torskesektor33739031236649836,0
- sildesektor361495717851798-6,2
Småbåt (8-13 m)12011711713221160,0
Industriarbeidarløn1831891972042155,5

Note: Arbeidsgodtgjersle per årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdrive fartøy heile driftstida til fartøyet det aktuelle året. For enkelte driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk. Lønsevna per årsverk gir uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte. Tala for 1998 byggjer på førebelse tal frå budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar per oktober 1999.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabell 2.2.

Tabell 2.2 Fangstkvantum og førstehandsverdi 1994-1999

1994199519961997199819991)
1 000 tonn rund vekt
Sildefisk mm.1 5361 6971 7952 02621671972
- lodde1132820615889300
- sild539687758926831801
- makrell260202136137158158
- hestmakrell959616471315
- kolmule226261356348671400
- augepål/tobis260382264398371275
- anna43415973423
Torskefisk mm.801821837836670613
- torsk373366359401262209
- sei189219222184194190
- hyse7480971065434
- lange/brosme393839304544
- reker383935436062
- skjel870000
- anna807285725574
Totalt2 3372 5182 6322 8622 8372585
Verdi i mill. kroner
Førstehandsverdi7 3498 1708 5529 16410 5409 825

1) Prognose.

Både totalt fangstkvantum og førstehandsverdien for 1999 vert høgare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Prognosen for førstehandsverdien i 1999 ligg på om lag 9,8 mrd. kroner. Kostnadsveksten for næringa er framleis låg.

På bakgrunn av vurderingane frå forskarane er det venta ein betydeleg reduksjon i kvotane for 2000 i forhold til årets kvotar for viktige fiskeslag som norsk-arktisk torsk og hyse. Forhandlingane med Russland om norsk-arktisk torsk vil først vere ferdige 19. november 1999, mens forhandlingane med EU tidlegast vil vere ferdige 2. desember 1999. Kvoten for norsk-vårgytande sild er ferdig forhandla og sett til 713 000 tonn for neste år, noko som utgjer ein nedgang på 28 000 tom frå 1999.

Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar til september 1999 10,7 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 5,5 pst i forhold til same periode i fjor. Eksportert kvantum har gått ned med om lag 2,8 pst.

Prisane har gått opp frå 1998 til 1999 i dei fleste produktgruppene i torskesektoren. Prisane i sildesektoren har hatt ein liten auke, men denne har ikkje vore stor nok til å vege opp for reduksjonen i mengde. Prisane for makrell har hatt ei negativ utvikling etter problema i den russiske marknaden i fjor haust.