St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (1999-2000)

FOR BUDSJETTERMINEN 2000 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2000 og endring av kapitla 4020 Havforskingsinstituttet, 4021 Drift av forskingsfartøya og 2309 Tilfeldige utgifter

Til innhaldsliste

4 Krav frå Norges Fiskarlag

I medhald av Hovudavtalen for fiskerinæringa av 3. juni 1964 ba Norges Fiskarlag i brev av 29. oktober 1999 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 2000. Fiskarlaget la fram eit krav på 290 mill. kroner. Kravet for 1998 og 1999 var på 200 mill. kroner, mens kravet for kvart av dei tre føregåande åra var på 250 mill. kroner.

Norges Fiskarlag legg vekt på at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gitt fiskerinæringa ei særleg rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast og legg derfor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle målsetjingane.

Fiskarlaget viser til at dei heller ikkje for 2000 ber om inntekts- eller driftsstøtte til næringa og at forhandlingane må fokusere på verkemiddel for å nå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar, sosiale omsyn og fiskarane sine krav om rammevilkår på linje med anna næringsliv.

Norges Fiskarlag understrekar at det er viktig at myndigheitene legg til rette for ein økonomisk politikk som medverkar til å få pris- og kostnadsveksten ned på same nivå som hos våre handelspartnerar.

Fiskarlaget viser i år også til at det er knytt uvisse til rammevilkåra for næringa i 2000, sidan kvotane for 2000 for viktige fiskeslag enno ikkje er fastlagde. Stortingets budsjettrutinar gjer at forhandlingane om ein støtteavtale må vere ferdige før ein har kjennskap til dei endelege kvotane. Norges Fiskarlag peikar på at den forventa nedgangen i kvotane innanfor torskefiskeria gjer at det er behov for kapasitetsreduserande tiltak for flåten. Fiskarlaget påpeikar vidare fiskerinæringa sine utfordringar i forhold til veksande bestandar av sjøpattedyr, mellom anna sel i Austisen og Vesterisen.

Fiskarlaget krev at det vert sett av midlar til dei same tiltaka som i inneverande år, mellom anna garantilott, føringstilskot, tilskot til drift av lineegnesentralar og reservebeløp. Fiskarlaget krev vidare at det vert sett av midlar til langsiktige tiltak for flåten og har i den samanhengen fokusert på kapasitetsreduserande tiltak, oppfølging av arbeidet med biprodukt og ordningar for å sikre framtidig norsk selfangst.