St.prp nr. 1 Tillegg nr. 13 (1998-99)

FOR BUDSJETTERMINEN 1999 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1999 og endring av kap 2309 Tilfeldige utgifter

Til innhaldsliste

2 Utviklinga i fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 1999

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartøystorleikar. Det har vore ein auke i arbeidsgodtgjersla og lønsevna per årsverk frå 1996 til 1997, jf tabell 2.1. Både i småbåt- og storbåtsektoren har lønsevna auka meir enn arbeidsgodtgjersla. Dette gjeld både i sildesektoren og torskesektoren.

Arbeidsgodtgjersla og lønsevna er betydeleg høgare innanfor storbåt enn innanfor småbåt. For storbåt har utviklinga vore positiv både med omsyn til arbeidsgodtgjersle og lønsevne. Arbeidsgodtgjersla har auka med 10,4 pst og lønsevna med 18,9 pst frå 1996 til 1997. For småbåt har det i same perioden vore ein auke på 1,5 pst i arbeidsgodtgjersla, mens lønsevna per årsverk har auka med 12,8 pst.

Tabell 2.1 viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne flåten, og tal for gjennomsnittleg årsløn for ein industriarbeidar i perioden 1993 til 1997.

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne fiskeflåten og gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar 1993-1997

19931994199519961997Endring

1996-97

1000 kroner pr årsverk
Arbeidsgodtgjersle
Storbåt (over 13 m)28432336035639310,4 pst
- torskesektor2653063393103389,0 pst
- sildesektor36437843750656611,9 pst
Småbåt (8-13 m)1171361331351371,5 pst
Lønsevne
Storbåt (over 13 m)22134341340748418,9 pst
- torskesektor21033739031236617,3 pst
- sildesektor27136149571785118,7 pst
Småbåt (8-13 m)8612011711713212,8 pst
Industriarbeidarløn1781831891972043,8 pst

Arbeidsgodtgjersle per årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdreve fartøy heile driftstida til fartøyet det aktuelle året. For enkelte driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk. Lønsevna per årsverk gir uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte. Tala for 1997 byggjer på førebelse tal frå budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar per 15. oktober 1998.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabell 2.2 (tala for 1998 er prognosar).

Tabell 2.2 Fangstkvantum og førstehandsverdi 1993-1998

199319941995199619971998
1 000 tonn rund vekt
Sildefisk mv1 6861 5361 6971 7952 0262047
- lodde5301132820615887
- sild352539687758926827
- makrell224260202136137158
- hestmakrell1289596164750
- kolmule200226261356348540
- augepål/tobis204260382264398380
- anna4843415975
Torskefisk mv728801821837836743
- torsk275373366359401324
- sei188189219222184186
- hyse4474809710678
- lange/brosme473938393036
- reker493839354345
- skjel1087000
- anna1158072857274
Totalt2 4142 3372 5182 6322 8622 790
Verdi i mill kroner
Førstehandsverdi6 2687 3498 1708 5529 16411 000

Både totalt fangstkvantum og førstehandsverdien for 1998 vert høgare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Prognosen for førstehandsverdien i 1998 ligg på om lag 11 mrd kroner.

Det har vore ein høgare vekst i kostnadene i 1998 enn i 1997. Dette skuldast i hovudsak høgare rente og lønsvekst.

Forskarane tilrår betydeleg reduserte kvotar for 1999 i forhold til årets kvotar for viktige fiskeslag som norsk-arktisk torsk, sei og hyse. Dei endelege forhandlingane med Russland om norsk-arktisk torsk vil først vere ferdige 13. - 14. november 1998, mens forhandlingane med EU tidlegast vil vere ferdige 27. november 1998. Kvoten for norsk-vårgytande sild er ferdig forhandla og sett til 741 000 tonn, som er det same kvantumet som i 1998.

Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar til september 1998 13,6 mrd kroner, som inneber ein auke på om lag 21 pst i forhold til same periode i fjor. Eksportert kvantum har gått ned med om lag 2 pst, mens gjennomsnittsprisane har auka med om lag 23 pst.

Det har vore store skilnader i prisutviklinga mellom ulike produktgrupper. Prisane på frosen kvitfiskfilet har gått opp med heile 40 pst. Prisane på klippfisk har også hatt ein markert auke, mens prisane på fersk fisk har gått ned. Sild har hatt ein nedgang på om lag 15 pst både i mengde og verdi. Nedgangen for sild skuldast mellom anna dei økonomiske problema i Russland.

For 1999 knyter det seg stor uvisse til marknader som Russland og landa i Asia.