St.prp nr. 1 Tillegg nr. 13 (1998-99)

FOR BUDSJETTERMINEN 1999 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 1999 og endring av kap 2309 Tilfeldige utgifter

Til innhaldsliste

4 Krav frå Norges Fiskarlag

I medhald av Hovudavtalen for fiskerinæringa av 3. juni 1964 ba Norges Fiskarlag i brev av 27. oktober 1998 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 1999. I brev av 2. november 1998 la Fiskarlaget fram eit krav på 200 mill kroner. Kravet for 1998 var også på 200 mill kroner, mens kravet for kvart av dei tre føregåande åra var på 250 mill kroner.

Fiskarlaget viser til at det er stor uvisse knytt til rammevilkåra for næringa i 1999, både når det gjeld nasjonale og internasjonale forhold. Kvotane for 1999 for viktige fiskeslag er enno ikkje fastlagde, og Fiskarlaget tek atterhald om dette i forhold til berekningane for 1999.

Stortingets budsjettrutinar, som vart endra i 1997, gjer at forhandlingane om ein støtteavtale må vere ferdige tidlegare enn før, og før ein har kjennskap til dei endelege kvotane.

Norges Fiskarlag er bekymra over at Noreg er i ferd med å etablere seg med generelt høgare løns- og prisvekst enn våre handelspartnarar, og at at dette medverkar til å svekke konkurranseevna til fiskerinæringa.

I forhandlingane om ein støtteavtale for 1999 kom ein inn på utsiktene for fangstkvantum, fiske-prisar og kostnadsutvikling. Partane har om lag same overslag på forventa utvikling for desse faktorane.

Norges Fiskarlag legg vekt på at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gitt fiskerinæringa ei spesiell rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast og legg derfor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle desse målsetjingane.

Fiskarlaget viser til at dei heller ikkje for 1999 ber om inntekts- eller driftsstøtte til næringa og at forhandlingane må fokusere på verkemiddel for å nå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar, sosiale omsyn og fiskarane sine krav om rammevilkår på linje med anna næringsliv.

Fiskarlaget krev at det blir sett av midlar til dei same kortsiktige tiltaka som i inneverande år, mellom anna garantilott, føringstilskot, tilskot til drift av lineegnesentralar, selfangst og reservebeløp. Fiskarlaget krev vidare at det blir sett av midlar til langsiktige tiltak til flåten og har i denne samanhengen fokusert på rammevilkåra til fiskerinæringa i forhold til verkemiddelapparatet til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond.