St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om endring av Kultur- og kyrkjedepartementets budsjettforslag for 2003

Til innhaldsliste

5 Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål

5.1 Forslag om auka løyving til namnekonsulenttenesta for kvenske stadnamn

Fram til utgangen av 2001 var det ei felles konsulentteneste for samiske og kvenske stadnamn, med felles sekretær. Løyvinga til den samiske delen vart overført til Sametinget frå 2002. Den resterande løyvinga til konsulentteneste for kvenske stadnamn dekkjer berre utgiftene til 20 pst. stilling. Dette er for lite til å driva sekretær- og konsulentverksemd, innsamlings- og registreringsarbeid og oppbygging av arkiv for desse namna. Det vert difor fremja forslag om å auke løyvinga for namnekonsulenttenesta for kvenske stadnamn med 0,2 mill. kroner slik at tenesta kan utvidast til 50 pst. stilling.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at forslaget til løyving i 2003 under kap. 326, post 01 vert auka med 0,2 mill. kroner 224,9 mill. kroner.

Til forsida