St.prp nr. 1 Tillegg nr. 5 (1999-2000)

FOR BUDSJETTERMINEN 2000 Om endringar i Kulturdepartementets budsjettforslag for 2000 under enkelte kapittel

Til innhaldsliste

2 Kap. 322 Biletkunst, kunsthandverk og design Kap. 328 museums- og andre kulturvernformål

Endra tilskot til Nordnorsk Kunstmuseum og Nynorsk Kultursentrum

Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø må flytte ut av noverande lokale. Statsbygg arbeider med å tilpasse den gamle politistasjonen til nye lokale for museet. Framlegget om statleg tilskot til Nordnorsk Kunstmuseum i St.prp. nr. 1 (1999-2000) tok høgde for auka husleige og flyttekostnader i 2000. I brev motteke 1. november 1999 melder Statsbygg at det vil ta monaleg meir tid enn tidlegare lagt til grunn før dei nye lokala kan takast i bruk, dvs. at museet ikkje vil kunne flytte inn før hausten 2001. Museet vil venteleg måtte ty til mellombels løysingar i 2000 med tilhøyrande meirutgifter. Kulturdepartementet legg likevel til grunn at det i denne situasjonen vil vere rett å redusere tilskotet til Nordnorsk Kunstmuseum med 1,4 mill. kroner samanlikna med framlegget i St.prp. nr. 1 (1999-2000).

Nynorsk Kultursentrum skal frå 1. juli 2000 ta i bruk nybygget i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Det er i St.prp. nr. 1 (1999-2000) tilrådd ein auke i det statlege driftstilskotet til institusjonen. For å styrkje driftsgrunnlaget for institusjonen gjer departementet framlegg om ein auke på 1,4 mill. kroner. Kulturdepartementet viser i denne samanhengen til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (1995-96) og Budsjett-innst. S. nr. 2 (1995-96).

På denne bakgrunn foreslår Kulturdepartementet ein reduksjon av tilskotet til Nordnorsk Kunstmuseum med 1,4 mill. kroner og ein tilsvarande auke av tilskotet til Nynorsk Kultursentrum samanlikna med framlegget i St.prp. nr. 1 (1999-2000).

Til forsida