St.prp nr. 1 Tillegg nr. 7 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2008 (Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og om salderinga av statsbudsjettet for 2008)

Til innhaldsliste

3 Sentrale utviklingstrekk i marknaden

Det har vore ein betydelig oppgang i både dei kortsiktige og langsiktige marknadsrentene i Noreg i 2007. God økonomisk utvikling internasjonalt saman med sterk økonomisk utvikling i Noreg bidrog til at dei langsiktige marknadsrentene auka i første halvår. Uroa i marknaden denne sommaren førde til at etterspurnaden etter statsobligasjonar auka og at dei lange rentene fall. Svakare makroøkonomiske indikatorar, spesielt i USA, bidrog også til fallande langsiktige renter.

Både dei kortsiktige og dei langsiktige rentene er no på eit betydelig høgare nivå enn for eit år sidan. Samstundes må ein hugse på at rentene har stege frå svært låge nivå. På lang sikt må ein rekne med at renta vil liggje rundt den nominelle trendveksten i økonomien. Storleiken på denne er usikker, men det er likevel grunn til å anta at dagens renter ikkje er langt frå eit slikt normalnivå.

Frå sommaren og utover skapte rapportar om større tap enn venta på lån til dei minst kredittverdige kundane i bustadstadslånemarknadene i USA (såkalla «subprime»-lån) stor uro i dei internasjonale finansmarknadene. Dei aktuelle låna var selde som verdipapir av bankane, og uvisse om kven som til slutt sat att med risikoen, svekka tilliten til ei lang rekkje bankar og finansinstitusjonar. Det gjorde at bankane blei lite villige til å låne pengar til kvarandre. Innlånskostnaden for bankane sine kortsiktige lån, pengemarknadsrentene, auka markert samanlikna med den risikofrie renta. Sjølv om norske bankar neppe har direkte eksponering mot subprime-lån, jf. mellom anna Kredittilsynets undersøking i slutten av august, blei dei også ramma av den generelle uvissa som breidde seg i marknaden.

Redusert risikoappetitt førde til auka etterspørsel etter statspapir, som blir sett på som sikre investeringar. Samtidig auka kreditt- og likviditetsrisikopremiane, slik at finansieringskostnaden til bankane steig. Dette innebar ein kraftig auke i skilnaden mellom statsrentene og rentene dei andre låntakarane i finansmarknaden måtte betale.