St.prp nr. 1 Tillegg nr. 9 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2004 mv.

Til innhaldsliste

2 Utviklinga i fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 2004

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartøystorleikar. Etter ein generell oppgang fram til 1998 var det ein nedgang i arbeidsgodtgjersla og lønsevna per årsverk frå 1998 til 1999, jf. tabell 2.1. Frå 1999 til 2000 auka arbeidsgodtgjersla for fartøy over 13 meter i sildesektoren og for fartøy under 13 meter. For fartøy under 13 meter har også lønsevna auka frå 1999 til 2000. Frå 2000 til 2001 har både arbeidsgodtgjersla og lønsevna auka innan alle gruppene. Lønsevna har generelt hatt ei større endring enn arbeidsgodtgjersla. For fartøy under 13 meter kan ikkje tala for 2001 og 2002 samanliknast, medan det for fartøy over 13 meter ser ut til å bli ein nedgang i både lønsevne og arbeidsgodtgjersle frå 2001 til 2002.

Tabell 2.1 viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne flåten, og tal for gjennomsnittleg årsløn for ein industriarbeidar i perioden 1997 til 2002.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabell 2.2.

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne fiskeflåten og gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar 1997-2002

1997199819992000200120021Endring i prosent 2001-2002
1 000 kroner per årsverk
Arbeidsgodtgjersle2
Fartøy over 13 m393454431419525506-3,6
- torskesektor338409396363414398-3,8
- sildesektor566582527554784721-7,9
Fartøy 8-13 m.1372051952142172623
Lønsevne4
Fartøy over 13 m484543476401639579-9,4
- torskesektor366497426335406363-10,7
- sildesektor85181260956011911013-15,0
Fartøy 8-13 m1322161912182232673
Industriarbeidarløn52182302422542662805,0

1 Tala for 2002 byggjer på førebelse tal frå budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar per oktober 2003.

2 Arbeidsgodtgjersle per årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdrive fartøy heile driftstida til fartøyet det aktuelle året. For enkelte driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk.

3 Kriteria for heilårsdrift for fartøy under 21 meter er endra frå 2001 til 2002. Tala kan derfor ikkje samanliknast.

4 Lønsevna per årsverk gir uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte.

4 Tal frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera.

Tabell 2.2 Fangstkvantum og førstehandsverdi 1997-2003

199719981999200020012002120032
1 000 tonn per årsverk
Sildefisk mm.2 0212 1671 9392 0782 0532 0802 203
- lodde1588992375483522295
- sild926831835796581573611
- makrell137158161174181184157
- hestmakrell471347283740
- kolmule348671535553574558840
- augepål/tobis398371238172215202250
- anna73431611310
Torskefisk mm.836670696612626663664
- torsk401262257219209229201
- sei184194198169170204235
- hyse106545347525561
- lange/brosme30454339333436
- reker43606366667156
- skjel0000111
- anna72558272956974
Totalt2 8572 8372 6352 6902 6792 7432 867
Verdi i mill. kroner
Førstehandsverdi9 16410 5409 9449 71511 43711 1359 592

1 Førebelse tal.

2 Prognosar.

Totalt fangstkvantum i 2003 vert litt høgare, medan førstehandsverdien vert lågare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Prognosen for førstehandsverdien i 2003 ligg på om lag 9,6 mrd. kroner.

Forhandlingar mellom Noreg og Russland om norsk-arktisk torsk vert gjennomført i perioden 10.-14. november 2003. Forhandlingane med EU er venta ferdige i desember. Kvoten for norsk vårgytande sild for 2004 er heller ikkje ferdigforhandla, og medverkar derfor også til at inntektssida er usikker. Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar til september 2003 i alt 10,2 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 20 pst. i forhold til same periode i fjor. Eksportert kvantum er nær uendra, medan prisutviklinga har ført til ein verdinedgang på 19,6 pst. i perioden. For alle dei viktigaste artane har prisane falle, men auka kvanta har for nokre artar til ein viss grad kompensert for prisfallet. Det er særleg eksportverdien av sild og makrell, men også av torsk, som har vorte redusert i perioden januar til september 2003 samanlikna med same periode året før.

Totalt ser den økonomiske situasjonen i 2003 ut til å verte noko dårlegare for fiskerinæringa enn det som vart lagt til grunn under forhandlingane for 2003. Sjølv om prognosane for 2004 er usikre, peikar dei mot eit år med noko betre resultat enn i 2003.