St.prp nr. 1 Tillegg nr. 9 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2004 mv.

Til innhaldsliste

4 Om forslag til støttetiltak for 2004

I medhald av Hovedavtalen for fiskenæringa av 3. juni 1964 bad Norges Fiskarlag i brev av 30. oktober 2003 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 2004. Fiskarlaget la fram eit krav på 265 mill. kroner. Kravet for 2003 var på 210 mill. kroner, medan krava for 2002 og 2001 var på 240 mill. kroner.

Norges Fiskarlag viser til at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gitt fiskerinæringa ei spesiell rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast, og legg derfor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle desse målsetjingane. Norges Fiskarlag meiner at forhandlingane må fokusere på verkemiddel for å nå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar, strukturtiltak, sosiale omsyn og fiskerinæringa sitt behov for påreknelege og stabile rammevilkår.

Norges Fiskarlag peiker i kravet på at Regjeringa, i forslaget til statsbudsjett for 2004, ikkje har sett av midlar til strukturfondet som vart etablert i juni 2003. Fiskarlaget legg til grunn at staten i ein avtale for 2004 må setje av eit beløp som minst tilsvarar næringa sitt bidrag. Samtidig understrekar Fiskarlaget at avsetjingar til strukturfondet ikkje kan gå ut over avsetjingar til andre naudsynte tiltak i fiskeriavtalen.

Norges Fiskarlag krev at det vert sett av midlar til dei same tiltaka som i inneverande år, det vil seie garantilott, føringstilskot, tilskot til drift av lineegnesentralar, ordninga med fiskeforsøk og rettleiingsteneste, tiltak i samband med fangst av sjøpattedyr og reservebeløp. Dei krev vidare at det vert sett av midlar til langsiktige tiltak, og har i samband med dette fokusert på strukturtiltak og arbeidet med biprodukt.

Forhandlingane varte frå 3. til 5. november 2003 utan at partane klarte å bli samde. Fiskarlaget hadde då redusert kravet sitt til 200 mill. kroner. Regjeringa legg med dette fram forslag for Stortinget om støttetiltak for fiskerinæringa med ei ramme på 50 mill. kroner for 2004. I tillegg kjem forslag om endringar i løyvingane knytt til strukturtiltak. Desse forslaga er i samsvar med staten sitt endelege tilbod under forhandlingane.

Det formelle grunnlaget for overføringane til fiskerinæringa er Hovedavtalen som vart inngått i 1964 mellom staten og Norges Fiskarlag. Med denne avtalen innleia styresmaktene og Fiskarlaget eit samarbeid med sikte på å auke lønsemda i fiskerinæringa for at fiskarane skulle oppnå ei inntekt minst på line med inntektene i andre yrke, og slik at næringa etter kvart kunne gjerast uavhengig av statlege støttetiltak. Avtalen byggjer på det grunnsynet at ein ved utforminga av støtteordningane skal leggje vekt på tiltak som kan effektivisere fiske, tilverking og omsetning, og som kan fremje ei rasjonell utvikling i næringa sett under eitt.

Store deler av fiskerinæringa har no god lønsemd. Det er i år fastsett ordningar for strukturering som omfattar heile den heilårsdrivne fiskeflåten. Dette legg grunnlaget for ei lønsam utvikling i heile flåten, og det er Regjeringa si vurdering at måla i Hovedavtalen kan seiast å vere oppfylte.

Det er Regjeringa sitt overordna mål å arbeide for ei berekraftig og meir lønsam fiskerinæring. Auka lønsemd i næringa er viktig for å kunne sikre arbeidsplassane og busetjinga.

Regjeringa meiner at ut over løyvinga til strukturtiltak, er 50 mill. kroner nok til å dekkje opp naudsynte løyvingar på kap. 1040 post 70 i 2004.