St.prp. nr. 10 (1998-99)

Om endringar på statsbudsjettet for 1998 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Det er sett i verk eit toårig hovudprosjekt som skal gje ei heilskapleg utgreiing av eit eventuelt nytt felles radionett for nødetatane basert på TETRA-standard. Prosjektet er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Justisdepartementet. Justisdepartementet koordinerer prosjektet, og har det formelle arbeidsgivaransvaret for dei tilsette som arbeider med prosjektet. Utgiftene til Justisdepartementet som følgje av prosjektet er forventa å utgjere om lag 0,8 mill kr i 1998.

Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 400, post 01 med 0,8 mill kr, mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, post 01. Sjå omtale under kap. 440.

Kap. 401 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Noreg sitt tilskot til Schengen-samarbeidet har vist seg å bli mindre enn forventa. Rekneskapstal viser ei forventa mindreutgift på om lag 1,85 mill kr. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 401, post 70 med 1,85 mill kr.

Kap. 410 Herads- og byrettane

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 og forventa utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 21 med 9 mill kr.

Kap. 414 Domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer i hovudsak godtgjersle og tapt arbeidsinntekt til meddommarar, lagrettemedlemmer, vitne og rettsvitne og reiseutgifter til desse.

Posten er regelstyrt og blir påverka av saksmengda. På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414, post 01 med 4 mill kr.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 01 Rettsgebyr

Posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 30 mill kr.

Kap. 430/3430 Kriminalomsorg i anstalt

Post 01 Driftsutgifter og post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta

Kap. 3430, post 02 dekkjer inntekter frå arbeidsdrifta i fengselsstellet. På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 og forventa utvikling ut året ser det ut til å bli ei svikt i inntektene.

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 3430, post 02 med 1,4 mill kr, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 430, post 01.

Kap. 435/3435 Kriminalomsorg i fridom

Post 01 Driftsutgifter og post 03 Andre inntekter

Kap. 3435, post 03 dekkjer i hovudsak inntekter i samband med refundert kost og husleige, og klientavhengige driftstilskot til hybelhusa frå kommunane og frå fengselsstellet ved overføring av innsette som soner etter fengselslova § 12. På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 og forventa utvikling ut året ser det ut til å bli ei svikt i inntektene til hybelhusa.

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 3435, post 03 med 1,1 mill kr, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 435, post 01.

Kap. 440 Politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter

I samband med gjennomføring av nødvendige IT-investeringar i politi- og lensmannsetaten er det sett av eit beløp på 8,5 mill kr under post 01. Desse midlane skal brukast til store nyinnkjøp. Det blir derfor foreslått å overføre 8,5 mill frå kap. 440, post 01 til kap. 440, post 45, sjå omtale under kap. 440, post 45.

I samband med utgreiing av eit nytt felles radionett for nødetatane blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 0,8 mill kr, sjå omtale under kap. 400.

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 9,3 mill kr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer straffesaksutgifter og utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker. Det har pr. 01.09.98 kome om lag 6 000 asylsøkjarar til Noreg. Det vil bli ein monaleg auke i det samla talet på asylsøkjarar for 1998 samanlikna med i 1997.

Rekneskapstal til no i 1998 viser eit høgt forbruk når det gjeld sideutgifter innan asyl- og utlendingsområdet, som til dømes utgifter til tolk, legeteneste og reiser. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 21 med 20 mill kr.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 45 med 8,5 mill kr, sjå omtale under kap. 440, post 01.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å bestille varer i 1998 for inntil 70 mill kr ut over løyvinga som er gitt under kap. 440, post 45. Det er avgjerande at ny IT-infrastruktur er på plass til årtusenskiftet. For å sikre kontinuitet i utplasseringa av IT i politi- og lensmannsetaten blir det foreslått å auke bestillingsfullmakta med 12 mill kr, til 82 mill kr. Sjå forslag til vedtak.

Kap. 3449 Statens innkrevjingssentral

Post 81 Bøter, inndragingar

Statens innkrevjingssentral skal i haust innføre nye rutinar for utleggstrekk. Det er uvisst om dette vil ha negativ innverknad på inntektene. Mellom anna på bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det likevel foreslått å auke løyvinga under kap. 3449, post 81 med 22 mill kr.

Post 84 Gebyr ved for seint innsend rekneskap m.m.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 og forventa utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3449, post 84 med 8 mill kr.

Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 og forventa utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3449, post 85 med 10 mill kr.

Kap. 3450 Sivile tenestepliktige, driftsinntekter

Post 01 Inntekter av arbeid

Inntektene av arbeidet til dei sivile tenestepliktige blir førte på denne posten. Dei samla inntektene i 1998 ser ut til å bli mindre enn det ein tidlegare har rekna med. Dette kjem mellom anna av at fleire mannskap enn venta har blitt avgitt gratis. Det har dessutan vore vanskeleg å fylle opp inntakskulla fordi stadig fleire søkjer om utsetjing av tenesta like før frammøtetidspunktet. I tillegg har det vore fleire fråværsdagar blant mannskapa enn venta.

På grunnlag av dette, og med utgangspunkt i tal for rekneskap og mannskapstal frå siviltenesteadministrasjonane til no i 1998, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3450, post 01 med 6 mill kr.

Kap 462/3462 Registereininga i Brønnøysund

Post 01 Driftsutgifter og post 03 Oppdrag

Kap. 3462, post 03 dekkjer inntekter i samband med refusjon av midlar der Registereininga i Brønnøysund har teke på seg oppdrag for andre, og royalty frå Forvaltningsforlaget. På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 ser det ut til å bli ein auke i inntektene. Dette kjem i hovudsak av at Registereininga i Brønnøysund har inngått ein ny avtale med Forvaltningsforlaget, samstundes som den gamle avtalen gjer inntekter i år.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3462, post 03 med 1,55 mill kr, og ein tilsvarande auke under kap. 462, post 01.

For å nedarbeide restansar i Foretaksregisteret som følgje av AF-streiken tidlegare i år blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 462, post 01 med 0,2 mill kr. Det blir foreslått å dekkje inn dette ved å redusere løyvinga under kap. 465, post 01 med eit tilsvarande beløp. Sjå omtale under kap. 465, post 01.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 462, post 01 med 1,75 mill kr og under kap. 3462, post 03 med 1,55 mill kr.

Kap 465 Regjeringsadvokaten

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap 465, post 01 med 0,2 mill kr, sjå omtale under kap 462, post 01.

Kap 3465 Regjeringsadvokaten

Post 01 Erstatning for utgifter i rettssaker

Kap. 3465, post 01 dekkjer inntekter i samband med sakskostnader som staten blir tilkjend i sivile saker. På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 ser det ut til å bli ein auke i inntektene.

Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap 3465, post 01 med 1,4 mill kr.

Kap 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Frå 01.01.97 tok nye forskrifter for fri rettshjelp til å gjelde, med høgare inntektsgrenser og utviding av ordninga med eigendel. Forbruket under postane har samanheng med i kor stor grad publikum tek i bruk ordninga. Forbruket har til no vore mindre enn forventa, og ordninga har så langt ikkje verka etter føresetnaden. Departementet mottok i september ein rapport frå Statskonsult som evaluerer rettshjelpsordninga. I rapporten kjem det fram at kombinasjonen av fortsatt låge inntektsgrenser, høge eigendelar og ein relativt restriktiv praksis ved dispensasjon og fråfall av eigendelane kan ha vore årsaka til det låge forbruket. Departementet går no gjennom rapporten, og vil etter det vurdere korleis ein skal leggje opp det vidare arbeidet med rettshjelpsordninga.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 01 med 1,7 mill kr.

Post 70 Fri sakførsel

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 70 med 10 mill kr.

Post 71 Fritt rettsråd

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 29 mill kr.

Kap 3470 Fri rettshjelp

Post 01 Eigendelar m.m.

Den nye ordninga med eigendel har så langt ikkje verka etter føresetnaden, og det vil bli ei monaleg mindreinntekt under denne posten i 1998. Inntektene har mellom anna samanheng med i kor stor grad publikum tek i bruk ordninga.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 og forventa inntekter ut året blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3470, post 01 med 18,5 mill kr.

Kap 471 Statens erstatningsansvar

Post 70 Erstatning til valdsofre, overslagsløyving

Løyvinga går til å utbetale erstatningar til valdsofre, og skal mellom anna dekkje tapt arbeidsinntekt, faktiske utgifter og i visse høve tap av forsørgjar.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 70 med 5 mill kr.

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Løyvinga går til å utbetale erstatningar når det oppstår statleg erstatningsansvar. Det har i 1998 kome mange saker til utbetaling etter behandling i domsapparatet.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 23 mill kr.

Kap 475 Bubehandling

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under posten går i hovudsak til å dekkje utgifter i samband med tvangsoppløysing av aksjeselskap og konkurs (konkurslova § 73). Utgiftene er å rekne for regelstyrte, da dei i stor grad har samanheng med talet på konkursar.

På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 475, post 01 med 1,4 mill kr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Justisdepartementet forventar at forbruket under posten knytt til Anders Jahres dødsbu i 1998 vil bli på om lag 10 mill kr. Det vil bli overført midlar til 1999. Ein viser også til omtale av saka i St.prp. nr. 1 (1998-99).

Kap. 481/3481 Direktoratet for sivilt beredskap

Post 01 Driftsutgifter og post 03 Diverse inntekter

Sivilforsvaret har kurs og utleigeverksemd i sine skular og leirar. På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1998 og forventa utvikling ut året ser det ut til at denne verksemda vil gje ei meirinntekt under kap. 3481, post 03.

Justisdepartementet har i 1998 fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 481, post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3481, post 03. Fordi meirinntekten er så stor blir det likevel foreslått å auke løyvinga under både kap. 481, post 01 og kap. 3481, post 03 med 6,3 mill kr.

Til forsida