St.prp. nr. 10 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om tiltak på energiområdet

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Den totale ramma for dette fireårige delprogrammet er på 17,6 millionar euro. Ramma for dei to åra som EØS-EFTA-statane skal ta del, er rekna ut til å vere 10,6 millionar euro, dvs. 5,3 millionar euro per år.

Rekna ut frå 2005-nivået (2,11 prosent), vil tilskotet frå EØS-EFTA-statane vere om lag 223 660 euro over to år. Med ein kronekurs på 8,5 vil dette utgjere om lag 1,9 millionar kroner over to år.

Noreg sin del (94,94 prosent) vil vere om lag 1,8 millionar kroner, dvs. om lag 0,9 millionar kroner per år.

Tilskotet frå Noreg vil verte finansiert over budsjettet til Olje- og energidepartementet (budsjettkapittel 1824, post 21).

Deltaking i delprogrammet vil ikkje få nemnande administrative konsekvensar.

Gjennomføring av avgjerda i EØS-komiteen gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.