St.prp. nr. 11 (2000-2001)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2000

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekk i omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Driftsutgifter

Postane 01 er foreslått netto auka med 74,448 mill. kroner. Meirbehover er dekt ved at midler er flytta frå investeringskapilet og ved meirinntekter. At posten har behov for å styrkas skuldast i hovudsak dei høge drivstoffprisane og den høge valutautviklingen på dollar. Følgjande vesentlege endringar er gjort;

Kap 1720 Felles ledelse og kommandoapparat

Kapitlet har eit totalt meirbehov på 86 mill. kroner. Auken skuldast m.a. 32 mill. kroner til finansiering av Combined Air Operation Centre (CAOC), 11,5 mill. kroner i meirbehov ved Forsvarskommando Sør-Norge (FKS), 8,5 mill. kroner i meirbehov ved Militærmisjonen i Brüssel og 34 mill. kroner som er tilført frå andre kapittel for å finansiera ulike tiltak i samanheng med Program ARGUS.

Kap 1725 Fellesinstitusjoner og - utgifter under FO

Kapitlet er foreslått redusert med 166 mill. kroner. Reduksjonen er naudsynt for å dekkje meirbehov på ei rekkje kapitler. Det kan nemnast 32 mill. kroner til å dekkje finansiering av CAOC under kap. 1720, 31 mill. kroner er flytta til materiellinvesteringar, 21 mill. kroner er for å dekkje mindreinntekter under kap. 4725, 20 mill. kroner er tilført ulike kapitler til dekning av utgifter for lærlingar og 10 mill. kroner er tilført kap. 1795 i samanheng med meirforbruk ved LFM Akershus i 1999.

Kap 1731 Hæren

Kapitlet er foreslått redusert med 76 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak dekking av eit meirforbruk i 1999 på 35 mill. kroner, nedtrekk i samanheng med Program ARGUS og tilførsel av midlar til kap. 1760, post 45.

Kap 1732 Sjøforsvaret

Kapitlet er foreslått redusert med 30,5 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak 30 mill. kroner som er flytta til kap. 1760, post 01 i samanheng med prosjektgjennomføringskostnader til Prosjekt 6088 Nye fregatter og 10 mill. kroner som er omdisponert frå kap. 1725 for dekking av meirbehov ved lærlingar og innbetaling i samanheng med førtidspensjonering.

Kap 1733 Luftforsvaret

Kapitlet er netto foreslått tilført 124 mill. kroner. Meirbehovet har i all hovudsak oppstått grunna dei høge drifstoffprisane og kursen på dollar. Midlane vil verta brukte til å kjøpe forhåndslagra drivstoff frå USA og til å etterfylle for tæring på reservedelslagre.

Kap 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Kapitlet er under post 01 foreslått auka med 126 mill. kroner. Auka skuldast ei teknisk omdisponering av midlane frå ei rekkje kapittel for syna faktiske prosjektkostnader under same kapitlet som investeringane vert gjennomført.

Kap 1790 Kystvakten

Kapitlet er foreslått auka med 30 mill. kroenr. Auka skuldast i hovudsak midlar til dekking av auka drivstoffprisar og til drift og vedlikehald av Lynx-helikoptra.

Kap 1792 Norske styrkar i ulandet

Posten er foreslått redusert med 34 mill. kroner. Midlane skuldast mindrebehov på løyvingane til internasjonale operasjonar, og er foreslått ført attende til statskassen.

2.1.2 Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 5,769 mill. kroner.

2.1.3 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er netto foreslått redusert med 20,250 mill. kroner.

Hovudendringar: 26 mill. kroner er omdisponert frå kap. 1760 til styrking av forsvarsgreinene sine driftsbudsjett. 22,75 mill. kroner er tilført posten frå på kap. 4760 post 45 grunna meirinntekter ved sal av materiell og konvensjonalbøter. 100 mill. kroner er tilført frå post 47 i samband med tilbakebetaling av «lån» og finansiering av nedtrekk på 500 mill. kroner ved revidert nasjonalbudsjett. 35 mill. kroner er tilført frå kap. 4792 post 11 grunna meirinntekter ved refusjonar frå FN, beløpet er etterslep i samband med tidlegare norsk deltaking i FN-operasjonar. 39 mill. kr er tilført frå diverse kapittel i samband med program ARGUS. Midla skal nyttast til investeringane Soldat 2000, ABC-analyseverktøy og lett feltradio i HV.

154 mill. kroner er flytta til kap. 1733 post 01 grunna auka drivstoffprisar og kjøp av førehandslagra drivstoff og auka kostnader som følgje av auka dollarkurs. 42,1 mill. kr er foreslått flytta til kap. 1760 post 01 for finansiering av gjennomføringskostnader i samband med fregattprosjektet.

Grunna dei høge drivstoffprisane og den høge valutakursen på dollar, har det vore naudsynt med store overføringar til driftsbudsjettet, særskilt til Luftforsvaret sitt kapittel. Planlagte materiellinvesteringar har og vorte dyrare grunna den høge dollarkursen. Alt dette har ført til at Forsvaret har måtta skyva i tid på materiellprosjekt.

2.1.4 Post 47 Nye bygg og anlegg

Posten er foreslått redusert med 119,5 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak at 100 mill. kroner er flytta til post 45 for å styrkja materiellinvesteringar etter nedtrekket på 500 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett, og i samband med oppdekking av mindreinntekter på kap. 4760, post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter.

2.1.5 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 200 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak at framdrifta på fleire av NATO sine investeringsprogram i Noreg er forseinka. Dette gjeld særskilt prosjekt SINDRE I som omfattar oppgradering av tre luftvarslingsradarar. Årsaken til forseinkingane er at oppgradering av eksisterande utstyr har vist seg å vere teknisk svært komplisert og ressurskrevjande .

2.1.6 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått redusert med 15,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast færre førtidspensjoneringar enn det var føresett.

2.1.7 Post 60 overføringar til kommunar

Posten er foreslått auka med 1,853 mill. kroner. I samband med overføringane frå 1999 til 2000 vart det inndrege 1, 853 mill. kroner frå kap. 1795 post 60 då posten ikkje fekk stikkordet «kan overførast». Stikkordet står i Forsvarsdepartement sin eigen proposisjon, men vart ved ein inkurie utegløymt frå Blå bok 1999. Midlane var forutsett løyvde som eit tilskot til Kråkvåg i 2000 og er difor søkt løyvde på nytt til kap. 1795 post 60.

2.1.8 Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 0,75 mill. kroner. Reduksjonen skuldast retur av dividende og ingen utbetaling av garantiansvar.

2.1.9 Post 72 Overføringar til andre

Posten er foresått auka med 0,06 mill. kroner til dekking av tilskudd til Theta-museet i Bergen.

2.1.10 Post 74 Avgongsstimularande tiltak

Posten er foreslått redusert med 6,129 mill. kroner. Dette skuldast lavare utgifter ved avgangsstimulerande tiltak enn venta.

2.1.11 Post 75 Fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 33, 390 mill. kroner. Dette skuldast at Noreg sitt tilskot til NATO sitt investeringsprogram blir lavare enn budsjettert fordi investeringstakten i alliansen totalt sett har blitt lågare enn det låg an til. Noreg sin del av investeringsprogrammet blir dermed også lågare.

2.1.12 Post 78 Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

Posten er foreslått redusert med 0,613 mill. kroner. Midlane vil verta tilbakeført til statskassen som følgje av eit meirforbruk i 1999.

2.1.13 Post 90 Lån til private

Posten er foreslått redusert med 1 mill. kroner. Reduksjonen skuldast at det ikkje har vore utbetalingar av forskot så langt i året.

2.1.14 Post 92 Lån til private

Posten er foreslått løyvd med 6 mill. kroner. Forsvarsdepartementet vart i samband med handsaminga av St. prp. nr. 58 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 238 (1999-2000) gjeve fullmakt til å yta eit rentefritt lån på 6 mill. kroner til Stiftelsen norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum.

2.2 Inntekter

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 13,8 mill. kroner.

Dette skuldast meirinntekter ved Forsvarets tele og datateneste ved refusjon frå UD for utgifter i samanheng med støtte Kosovo Verification Mission og meirinntekter ved Institutt for Forsvarsstudier.

2.2.2 Post 11 Salsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 36,9 mill. kroner.

Dette skuldast i hovudsak meirinntekter ved refusjonar frå FN. Beløpet er etterslep i samband med tidlegare norsk deltaking i FN-operasjonar.

2.2.3 Post 15 Refusjon frå arbeidsmarknadstiltak

Posten er foreslått redusert med 34,4 mill. kroner.

Reduksjonen kjem som følgje av at det ikkje skal budsjetterast på refusjonspostane 15-18.

2.2.4 Post 17 Refusjon lærlingar

Posten er foreslått redusert med 2,34 mill. kroner.

Reduksjonen kjem som følgje av at det ikkje skal budsjetterast på refusjonspostane 15-18.

2.2.5 Post 45 Store nyskaffingar - inntekter

Posten er foreslått auka med 22,75 mill. kroner.

Dette skuldast meirinntekter ved sal av materiell og konvensjonalbøter. kap. 1760 post 45 er auka tilsvarande.

2.2.6 Post 48 Fellesfinansierte byggje og anleggsinntekter

Posten er foreslått redusert med 260,599 mill. kroner. Dette skuldast mindreinntekter i samband med refusjonar frå NATO til dekking av utgifter til investeringsprogrammet i Noreg.

2.2.7 Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 0,308 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast lavt rentenivå.

2.2.8 Post 90 Lån til bustadformål

Posten er foreslått redusert med 1,334 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast lavere innbetaling av lån/innløysing av lån enn forventa.

Til forsida