St.prp. nr. 11 (2004-2005)

Om endring av løyvingar mv. for 2004 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar

I ein dom 6 august 2004 i Salten tingrett blei Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab ASA (OVDS) dømt for grovt bedrageri mot staten etter straffelova. Dommen gjeld for mykje utbetalt tilskot til riksvegferjedrifta for åra 1995-2002. I tillegg er det inngått avtale med OVDS om erstatning for åra 1992-94. OVDS skal betale til saman 103,6 mill. kr til staten i 2004.

Misleghaldet til OVDS i perioden 1992-2002 har ført til at vegbudsjettet har blitt svekt ved at riksvegferjedrifta blei tilført meir midlar enn nødvendig. Dette har spesielt gått ut over budsjettet for drift og vedlikehald. Departementet foreslår at 75,6 mill. kr av erstatninga frå OVDS blir ført tilbake til kap. 1320, post 23. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med 75,6 mill. kr, frå 5 754 700 000 kr til 5 830 300 000 kr.

Post 30 Riksveginvesteringar

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med 3,2 mill. kr, frå 4 543 900 000 kr til 4 540 700 000, jf. omtalen under kap. 1320, post 35.

Post 35 Vegutbygging i Bjørvika

For å sikre nødvendig framdrift i planlegginga for bygging av ny senketunnel i Bjørvika foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 35 Vegutbygging i Bjørvika, med 3,2 mill. kr, frå 30,2 mill. kr til 33,4 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1320, post 30.

Kap. 1322 Svinesundsforbindelsen AS

Post 92 Opptrekksrenter

Løyvinga til opptrekksrenter for kvart år er eit overslag basert på kalkulert rente i samsvar med trekk på låneramma og inngått låneavtale mellom staten v/Samferdselsdepartementet og Svinesundsforbindelsen AS. Rentenivået er no lågare enn då budsjettet for 2004 blei vedteke. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1322, post 92 Opptrekksrenter, med 17 mill. kr, frå 30 mill. kr til 13 mill. kr.

Kap. 4321 Mesta AS

Post 80 Utbyte

I budsjettet for 2004 er det løyvd eit ubyte på 160 mill. kr på kap. 4321, post 80 Utbyte. Det kan maksimalt takast ut 132 mill. kr i utbyte frå Mesta for rekneskapsåret 2003, jf. §§ 8-1 og 8-2 i aksjelova. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 4321, post 80 Utbyte, med 28 mill. kr, frå 160 mill. kr til 132 mill. kr.