St.prp. nr. 11 (2008-2009)

Ei styrkt bustøtte

Til innhaldsliste

3 Framlegg til nye reglar for bustøtta

3.1 Innleiing

I dette kapitlet blir det gjort framlegg om nytt føremål, nye reglar for kven som skal kunne få bustøtte, og nye reglar for utrekning av bustøtta. Konsekvensane av dei nye reglane blir omtala i kapittel 4.

Ei oppsummering av framlegget til nye reglar og satsar kjem til slutt i kapitlet.

Dei noverande forskriftene og retningslinjene ligg ved, jamfør vedlegg. Dei noverande reglane og satsane som blir oppgitt i dette kapitlet, var dei som gjaldt per juni 2008.

3.2 Føremål med bustøtta

Føremålet med bustøtteordninga i dag er nedfelt i § 1 i forskrifta:

«Målet med bostøtten er at alders-, uføre- og etterlattepensjonister og barnefamilier, samt andre husstander med svak økonomi, skal kunne anskaffe seg en hensiktsmessig, nøktern bolig og ha mulighet til å bli boende i denne. Videre skal bostøtten utjevne forskjeller i levekår for pensjonistgrupper som følge av forskjellige boutgifter.»

Bustøtta skal bidra til å motarbeide fattigdom. Eit viktig mål med omlegginga av bustøtta er at ho skal likestille arbeidsinntekt og trygd. Det skal ikkje lenger vere nødvendig å vere trygda for å få bustøtte. Det tilseier at føremålet må endrast.

For at bustøtta skal vere eit effektivt verkemiddel i arbeidet mot fattigdom, kan det vere naturleg å rette støtta mot dei som både har låge inntekter og høge buutgifter i høve til inntekta. Dette inneber at dei som har låge buutgifter, skal dekkje desse sjølve. Ei vanleg trygd eller inntekt skal da kunne dekkje låge buutgifter. Dette fører til at bustøtta får ei klårare rolle i høve til andre offentlege ytingar.

Departementet gjer framlegg om følgjande føremål med bustøtta:

«Bustøtta skal sikre dei med låg inntekt og høge buutgifter ein høveleg bustad.»

I den vidare gjennomgangen av dei nye reglane blir føremålet tydelegare.

3.3 Kven som kan få bustøtte

3.3.1 Krav til søkjaren - personavgrensing

Personar over 18 år og som er folkeregistrerte og lovleg busette i Noreg, kan i dag få bustøtte. Dersom søkjaren har barn, kan han vere under 18 år.

Vidare blir det stilt krav om at det er ein person over 65 år eller eit barn under 18 år i husstanden. Om det ikkje er tilfelle, må éin i husstanden ta imot ei offentleg yting for at husstanden skal kunne få bustøtte.

Slike offentlege ytingar kan anten vere langtids- eller korttidsytingar. Langtidsytingar som gir rett til bustøtte, er alders-, uføre- og attlevandepensjon frå folketrygda og annan tilsvarande offentleg pensjon. Dette gjeld krigspensjon, fast yrkesskadeerstatning eller grunn- eller hjelpestønad. Dei som får sosialhjelp over lang tid, kan òg få bustøtte. Korttidsytingar som gir rett til bustøtte, er attføringspengar, rehabiliteringspengar, tidsavgrensa uførestønad, introduksjonsstønad og kvalifiseringsstønad. Tilsvarande ytingar frå eit anna EØS-land gir òg rett til bustøtte.

Kravet om at dei som ikkje har barn, må ta imot ei offentleg yting, fører til at mange aleinebuarar og par utan barn ikkje kan få bustøtte sjølv om dei fyller krava til økonomisk behovsprøving.

Studentar og militært og sivilt tenestepliktige får støtte til bustad gjennom eigne ordningar. Dei får derfor ikkje bustøtte i dag og treng det heller ikkje i framtida.

For nokre deltakarar på introduksjonsprogrammet for flyktningar som nyleg har komme til landet, og for deltakarar på kvalifiseringsprogrammet for arbeidsmarknaden, kan studiet vere ein del av programmet. Det er da urimeleg at dei skal miste bustøtta fordi dei studerer.

Studentar med barn får bustøtte i dag, og det er rimeleg at dei framleis skal få det.

Departementet gjer framlegg om at alle personar over 18 år som er folkeregistrerte og lovleg busette i Noreg, kan få bustøtte. Unntaka er studentar og militært eller sivilt tenestepliktige. Søkjarar under 18 år, studentar som har barn, og dei som studerer som eit ledd i eit program for arbeidskvalifisering, og som ikkje får støtte frå Lånekassa, kan òg få bustøtte.

3.3.2 Krav til utforming av bustaden - bustadavgrensing

3.3.2.1 Hovudregel

Krav til utforming av bustaden skal sikre at òg dei som har svak økonomi, skal kunne bu trygt og godt i ein høveleg bustad.

Det blir stilt krav om ei nedre grense for godkjend kvalitet av bustaden. Krava for kor høg kvalitet bustaden kan ha, blir indirekte gitt gjennom grenser for kor høge buutgifter som tel med ved utrekning av bustøtta, omtala som buutgiftstak.

I dag er det eit krav at bustaden skal vere godkjend for bruk heile året. I hovudregelen skal bustaden vere på minst 40 m2 , ha eigen inngang og eige kjøkken, soverom, opphaldsrom og bad.

Nokre grupper er ikkje omfatta av bustadkrava. Det er dei med alders-, uføre- og attlevandepensjon med ei inntekt lågare enn minstepensjonen pluss 30 prosent, og dei som får introduksjons- eller kvalifiseringsstønad. Heller ikkje dei som bur i omsorgsbustader som er finansierte med oppstartingstilskot frå Husbanken eller i tidlegare husleigeregulerte bustader i Oslo og Trondheim, og som var busette der per 31.12.1999, er omfatta av bustadkrava.

Ein må setje bustadkrava i samanheng med den tidlegare rolla til bustøtta for å hjelpe låntakarar i Husbanken med svak økonomi. I låneordningane til Husbanken er det ikkje lenger noko krav til bustadareal eller krav om at bustaden må ha separat kjøkken og soverom. Desse krava er erstatta med funksjonskrav. Funksjonskrava inneber mellom anna at bustaden skal gi høve til kvile og matlaging, men utan at det må vere eigne rom for desse funksjonane.

Mange bebuarar i mindre bustader utan eige kjøkken og/eller soverom blir i dag haldne utanfor bustøtta på grunn av desse krava. Det omfattar mellom andre dei som bur i moderne bustader med opne kjøkkenløysningar og eittromsbustader. Det er mange slike bustader i Noreg, og mange med svak økonomi bur slik.

Departementet gjer framlegg om å erstatte dei krava til bustadkvalitet som gjeld i dag, med funksjonskrav. Bustaden må vere godkjend for bruk heile året og vere ein sjølvstendig bustad med eigen inngang, med høve til kvile og matlaging og med eige bad og toalett. Unntak gjeld for dei som fekk bustøtte før 1. juli 2009, og som da ikkje var omfatta av bustadkrav.

3.3.2.2 Kommunale, sosiale utleigebustader

I dag kan bebuarar i kommunalt disponerte, sosiale utleigebustader og omsorgsbustader med oppstartingstilskot frå Husbanken få bustøtte, medan bebuarar på institusjonar som er regulerte etter sosialteneste- eller kommunehelsetenestelova, ikkje kan få bustøtte.

Ikkje alle dei kommunale bustadene innfrir bustadkrava etter hovudregelen. Det kan mellom anna vere bukollektiv der kvar bueining ikkje er ein eigen, sjølvstendig bustad med eigen inngang, og der heller ikkje alle har høve til matlaging. Demente og psykisk utviklingshemma kan til dømes bu i slike bukollektiv. Bebuarar i slike bustader kan få bustøtte i dag, og det kan vere rimeleg at dei framleis skal kunne få det. Avgrensinga mot institusjonar bør haldast ved lag.

Departementet gjer framlegg om at unntak frå bustadkravet kan bli gitt for kommunalt disponerte, sosiale utleigebustader som ikkje er regulerte til institusjon etter sosialteneste- eller kommunehelsetenestelova.

3.3.2.3 Krav til finansiering av bustaden

For nokre grupper er det framleis eit krav at bustaden må vere finansiert med eit lån i Husbanken eller Innovasjon Noreg, og at lånet ikkje kan vere nedbetalt. Kravet gjeld for personar med alders-, uføre- og attlevandepensjon som har ei inntekt over minstepensjonen pluss 30 prosent, og for dei som ikkje bur i burettslag eller i kommunale bustader.

Bustøtta har tradisjonelt blitt sett i nært samband med låna til Husbanken. Utvidinga av bustøtta i 1970-åra kom fordi renteauken på husbanklån ikkje skulle råke låntakarar med låg inntekt. Slik skulle òg dei med låg inntekt bli sikra eit eige, høveleg husvære. Kravet om husbankfinansiering skulle òg sikre at bustaden var av god, men nøktern standard. Opphavleg hadde alle mottakarane det same kravet til finansiering. Over tid har kravet blitt lempa på for stadig fleire grupper.

Kravet gjer bustøtta mindre effektiv i arbeidet mot fattigdom. Kravet til finansiering gjer at søkjarane blir handsama ulikt. Kravet fører òg til at kredittinstitusjonar blir handsama ulikt, noko som kan vere i strid med konkurransereglane.

Departementet tilrår at kravet om finansiering av bustaden blir fjerna, og at endringa skal gjelde for alle.

3.4 Utrekning av bustøtta

3.4.1 Innleiing

I dette kapitlet blir det tilrådd nye reglar for utrekning av bustøtta.

Formelen for utrekning av utbetalt bustøtte er slik:

Utbetalt bustøtte = Dekningsprosent * (Buutgifter - Eigendel)

Det finst reglar for kva buutgifter som blir godkjende. Storleiken på dei godkjende utgiftene blir avgrensa av eit tak og eit golv. Eigendelen er den delen av buutgiftene som søkjaren må dekkje sjølv. Kor stor eigendelen blir, er avhengig av inntekt, formue og talet på personar i husstanden. Dekningsprosenten avgjer kor stor del av differansen mellom buutgiftene og eigendelen som blir utbetalt. Kapitelet blir avslutta med ein omtale av grensa for minste utbetaling.

Figur 3.1 Framlegg om utrekning av bustøtta for ein person utanfor pressområda. Kroner per år.

Figur 3.1 Framlegg om utrekning av bustøtta for ein person utanfor pressområda. Kroner per år.

3.4.2 Buutgifter

3.4.2.1 Hovudregel for å få dekt driftskostnader etter disposisjonsform

I dag varierer reglane for kva som blir lagt til grunn for dei godkjende buutgiftene, alt etter korleis bustaden er disponert, det vil seie om bustaden er sjølveigd, om han er ein del av eit burettslag, eller om han er leigd.

For leigde bustader blir faktisk leige lagd til grunn, og for bustader i burettslag blir faktiske felleskostnader lagde til grunn. Husbanken fastset reglar for kva utgifter som kan inngå i husleiga og felleskostnadene.

For alle sjølveigarar gjeld andre reglar for å få dekt utgifter til drift, vedlikehald og offentlege avgifter. Her blir utgiftene delvis utrekna og delvis dekte etter faktiske kostnader.

Det inneber at dei som bur i sameige med felleskostnader, får utrekna utgiftene til drift, vedlikehald og offentlege avgifter, jamvel om slike kostnader blir dekte over felleskostnaden. For dei som bur i burettslag, blir slike utgifter dekte som faktiske utgifter. Det strir mot prinsippet om lik handsaming at felleskostnaden ikkje blir brukt for dei som bur i sameige. Samtidig er det lite treffsikkert og effektivt å rekne ut desse kostnadene når faktisk kostnad er kjend.

Departementet tilrår å endre hovudregelen slik at sjølveigarar som har felleskostnader, får desse kostnadene lagde til grunn for utrekninga av bustøtte.

3.4.2.2 Utgifter til drift for sjølveigarar utan felleskostnad

I dag blir utgifter til drift, vedlikehald og forsikring for sjølveigarar dekte med ein sjablong. Sjablongen varierer etter storleiken og alderen på bustaden. Kommunale avgifter blir òg dekte med ein sjablong. Sjablongen blir fastsett for kvar kommune, etter nivået på dei kommunale avgiftene. Denne sjablongen varierer òg etter storleiken på bustaden. Eventuell skatt på eigedom og festeavgift inngår med faktiske kostnader.

Som omtala i førre avsnitt tilrår departementet å la felleskostnadene inngå i dei godkjende buutgiftene for sjølveigarar som har felleskostnader. Om tilrådinga blir teken til følgje, kjem ikkje mottakarar i sameige lenger til å få utrekna utgifter til mellom anna drift. Da vil det i hovudsak berre vere eine- og tomannsbustader som framleis får dekt kostnadene til drift med ein sjablong. Storleiken til bustadene vil da vere meir lik kvarandre. Argumenta for å variere sjablongane etter storleiken på bustaden blir dermed svekka. Målet om enkle reglar tilseier òg at ein bør redusere talet på sjablongar.

Sjablongen for utgifter til vedlikehald aukar med alderen på bustaden. Men røynsle tilseier at utgifter til mindre vedlikehald varierer lite med alderen på bustaden. Større vedlikehald blir som oftast finansiert med lån. Det blir tilrådd at låneutgifter til kjøp og nødvendig vedlikehald av bustaden framleis skal inngå i dei godkjende buutgiftene. Det er heller ikkje sikkert at sjablongane som skal dekkje kostnader til vedlikehald av eldre bustader, faktisk blir brukte til føremålet. Dette er argument for å ikkje variere sjablongen etter alderen på bustaden.

Sjablongen for kommunale avgifter varierer i dag mellom kommunane og etter storleiken på bustaden. Nivået på dei kommunale avgiftene varierer relativt mykje frå kommune til kommune. Det er rimeleg at sjablongen framleis tek omsyn til det. Men som det vart påpeikt over, vil bustadene som kjem inn under denne regelen i framtida, variere lite i storleik. Målet om enkle reglar tilseier da at heller ikkje denne sjablongen treng å ta omsyn til storleiken på bustaden.

Skatt på eigedom og festeavgifter varierer mykje frå bustad til bustad. Å dekkje utgiftene med ein sjablong er da lite treffsikkert. Desse utgiftene bør derfor bli dekte med faktiske kostnader, som i dag.

Departementet tilrår å dekkje utgifter til drift, vedlikehald og forsikring for sjølveigarar som ikkje har felleskostnader, med ein fast sjablong for alle. Det blir tilrådd at denne sjablongen blir sett til 12 000 kroner per år ved innføringa av ny bustøtteordning. Det blir tilrådd at kommunale avgifter blir dekte med ein sjablong for kvar kommune. Det blir tilrådd at skatt på eigedom og festeavgift inngår med faktiske kostnader.

3.4.2.3 Utgifter til oppvarming

I dag får personar med alders-, uføre- og attlevandepensjon og ei inntekt lågare enn minstepensjonen pluss 30 prosent, dekt utgifter til lys og varme med ein sjablong. Sjablongen varierer i storleik etter talet på personar i husstanden og etter klimasone. Sjablongen varierer mellom vel 3 600 kroner per år for ein som bur aleine i den varmaste klimasona, til 10 800 kroner per år for ein husstand med fem eller fleire personar i den kaldaste klimasona, jamfør tabell 3.1. Sjablongen inngår ikkje i dei utgiftene som blir avgrensa av taket på buutgiftene.

For ein del mottakarar blir utgifter til oppvarming dekte over husleiga eller felleskostnaden. I dag kan mottakarane derfor få dekt utgifter til oppvarming to gonger, både over husleiga eller felleskostnaden og som sjablong. Departementet tykkjer dette er urimeleg og gjer derfor framlegg om at sjablongen for oppvarming går til dei som ikkje får dekt denne kostnaden på annan måte.

Inndelinga i klimasoner kan verke vilkårleg og blir da lite treffsikker. Omsynet til enkle reglar tilseier at sjablongen ikkje skal ta omsyn til klimasoner.

Sjablongen aukar i storleik med fleire personar i husstanden. Dette er naturleg sidan store husstandar treng større bustader og derfor har høgare utgifter til oppvarming. Husstandar med éin og to personar utgjer 97 prosent av dei som har sjablong til oppvarming i dag. Større husstandar får auka bustøtte som følgje av andre endringar. Målet om enklare reglar tilseier da at det berre blir gitt éin fast sjablong for alle.

I dag har dei som får sjablong til oppvarming, eit høgare effektivt tak for buutgiftene enn andre fordi sjablongen for utgifter til oppvarming blir dekt over taket. Det strir mot målet om lik handsaming og enkle reglar. Det er vanskeleg å gi nokon god grunn til at det bør vere slik. Det blir no tilrådd å auke taket for buutgiftene. Auken er noko høgare enn verdien av den sjablongen dei fleste av desse husstandane har i dag. Dei vil derfor ikkje få nokon samla reduksjon i det faktiske taket dersom sjablongen går inn som andre godkjende kostnader.

Sjablongen er i dag avgrensa til personar med alders-, uføre- og attlevandepensjon som har ei inntekt lågare enn minstepensjonen, pluss 30 prosent. Med omsyn til målet om enkle reglar kan det vere rimeleg å fjerne grensa for inntekt slik at sjablongen blir gitt til alle med alders-, uføre- og attlevandepensjon som elles fyller krava for å få bustøtte.

Departementet tilrår at utgifter til oppvarming av bustaden blir dekte med ein sjablong for alle med alders-, uføre- og attlevandepensjon som ikkje får denne utgifta dekt over husleiga eller felleskostnaden. Sjablongen skal vere lik for alle og inngå i utrekninga av bustøtta som andre godkjende buutgifter. Det blir tilrådd at sjablongen blir sett til 6 000 kroner per år når den nye bustøtteordninga blir innført.

Tabell 3.1 Sjablong til oppvarming etter talet på personar i husstanden og klimasone. Desember 2007

Klimasone1 person2 personar3 personar4 personar5 el fl personarI alt
1Talet på mottakarar10 185377132682710 789
Sats pr år. Kr5 8506 6607 4709 00010 800
2Talet på mottakarar30 3631 58053126527433 013
Sats pr år. Kr4 4205 0325 6446 8008 160
3Talet på mottakarar18 4146762371348119 542
Sats pr år. Kr3 6404 1444 6485 6006 720
Talet på mottakarar58 9622 63390046738263 344

3.4.2.4 Finansieringskostnader for lån til bustad

For sjølveigarar og for dei som bur i burettslag, blir renter og avdrag på bustadlån i dag godkjende som buutgifter. Lånet kan vere gitt til bygging, kjøp og utbetring av bustad. Utgifter til lån i Husbanken og Innovasjon Noreg blir rekna ut frå faktisk restgjeld og gjeldande rente- og avdragsvilkår. For andre bustadlån blir renter og avdrag utrekna.

Bustøtta har tradisjonelt blitt sett i nært samband med husbanklån. Da var det naturleg at renter og avdrag på låna blei rekna med i bustøtta.

Å eige bustaden sin sjølv, anten som sjølveigar eller i burettslag, gir over tid lågare bukostnader enn å leige. Av dei med dei dårlegaste levekåra i landet er det fleire som leiger enn hjå resten av folket. Dei som eig bustaden sin, får i motsetnad til dei som leiger, høve til å opparbeide bustadkapital. Barn av eigarar arvar i regelen meir enn barn av leigarar. Å hjelpe folk til å opparbeide bustadkapital er derfor eit vesentleg bidrag for å hjelpe vaksne og barn ut av fattigdom.

Bustøtta bør derfor framleis medverke til at folk etablerer seg i bustad som dei eig. Ved å la utgifter til bustadlån inngå i dei godkjende buutgiftene får vanskelegstilte støtte til å etablere seg i bustad som dei eig, og hjelp til å halde på bustaden.

Enkelte kan velje kor store avdrag dei vil betale på bustadlånet. Det kan òg vere uvisse knytt til om eit lån med pant i bustaden faktisk er nytta til kjøp eller utbetring av bustaden. Desse innvendingane er argument for å halde avdrag utanfor utrekninga av bustøtta. Det er òg slik at mange husstandar med låg inntekt ikkje har høve til å avgjere sjølve om dei vil betale avdrag eller ikkje. Utgifta blir da nødvendig. Gjennom kontroll kan ein sikre at lånet har blitt brukt til bustadføremål, og at bustøtta faktisk blir brukt til å betale renter og avdrag på lånet.

Departementet tilrår at utgifter til renter, avdrag og vanlege gebyr på bustadlån framleis skal inngå i dei godkjende buutgiftene. Samtidig vil departementet skjerpe inn kontrollen for å sikre at låna faktisk er blitt brukte til bustadføremål, og at låneutgiftene faktisk blir betalte.

3.4.2.5 Frådrag for skattefri utleige av rom i eigen bustad

I dag blir dei godkjende buutgiftene reduserte for skattefri utleige av rom i eigen bustad. Frådraget blir bestemt etter talet på rom i bustaden og etter talet på utleigde rom. Frådraget for kvart utleigd rom i ein bustad med 2 rom er 35 prosent, i ein bustad med 3 rom 30 prosent, i ein bustad med 4 rom 25 prosent og i ein bustad med 5 eller fleire rom 20 prosent.

Det kan verke lite treffsikkert å bruke ein sjablong for å rekne ut denne inntekta. Da kan det vere betre å leggje dei faktiske leigeinntektene til inntekta til søkjarane.

Departementet tilrår å endre reglane slik at inntekter frå skattefri utleige blir lagde til inntekta.

3.4.3 Taket for buutgifter - høgste godkjende buutgift

3.4.3.1 Taket for buutgifter etter storleik på husstanden og type søkjar

Taket for buutgiftene varierer i dag etter talet på personar i husstanden. Nokre søkjarar får dessutan eit tak som om dei var éin person meir i husstanden.

Taket for dei årleg godkjende buutgiftene er for husstandar med 1-2 personar 55 000 kroner, med 3 personar 59 500 kroner, med 4 personar 64 000 kroner og med 5 personar eller fleire 68 500 kroner.

Taket for dei godkjende buutgiftene har lege fast over fleire år samtidig med at prisane på bustader og for leige av husvære, har stige. I første kvartal av 2008 hadde 38 prosent av dei som tok imot bustøtte, buutgifter over taka. Det er derfor ønskjeleg å auke taka.

I dag har uførepensjonistar og bebuarar som bur i husstandar med særleg høge utgifter på grunn av tilpassingar til ei funksjonshemming, eit høgare tak for buutgiftene. Ut frå målet om lik handsaming av søkjarane er det vanskeleg å argumentere for at uførepensjonistar skal ha eit høgare tak enn andre mottakarar. Det er rimeleg at dei som må ha ein større eller spesialtilpassa bustad for å kunne leve som andre, for eksempel dei som bruker rullestol, framleis skal ha eit høgare tak enn andre.

På dette grunnlaget tilrår departementet å heve taket for husstandar med 1 person til 61 000 kroner, med 2 personar til 64 000 kroner, med 3 personar til 67 000 kroner og med 4 og fleire personar til 70 000 kroner per år. Husstandar som kan dokumentere særleg høge buutgifter på grunn av at bustaden er blitt tilpassa ein funksjonshemma, kan søkje om å få godkjent høgare utgifter.

3.4.3.2 Geografiske variasjonar i taket

Høgare tak for buutgifter i pressområda skal kompensere for høgare bustadprisar.

Taket er 25 000 kroner høgare i Oslo, 20 000 kroner høgare i Bergen, Trondheim og Stavanger og 15 000 kroner høgare i Kristiansand, Drammen, Tromsø og Fredrikstad enn i resten av landet.

Bustad- og leigeprisane er høgare i dei store byane enn i resten av landet og høgst i dei største byane. Nabokommunar til dei store byane kan òg ha like høge bustadprisar som i byane. Desse omsyna talar for å endre dei reglane som gjeld i dag.

Statistikk over prisar på selde bustader, leigeprisar og talet på mottakarar som får bustøtte med buutgifter over tak, viser at det er kommunar rundt Oslo og Stavanger som kjem dårlegast ut samanlikna med dei taka som gjeld i dag. Fredrikstad og Drammen kjem svært godt ut.

Det kan òg verke som om taka i storbyane har blitt sett noko høgt i høve til resten av landet. Statistikk over prisar i ulike delar av landet gir ikkje grunn til å ha så store skilnader som i dag. Om tillegget blir redusert med 5 000 kroner, får dei fleste husstandane i pressområda likevel høgare faktiske tak enn i dag, fordi det blir tilrådd å auke taka for alle.

Departementet tilrår å setje taket i Oslo 20 000 kroner høgare enn i resten av landet, i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum 15 000 kroner høgare og i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes blir det tilrådd å setje taket 10 000 kroner høgare enn i resten av landet. Det blir tilrådd å setje taket i Drammen og Fredrikstad som for resten av landet.

3.4.4 Golvet for buutgiftene - minste godkjende buutgift

Dersom dei godkjende buutgiftene til ein søkjar er lågare enn minste godkjende buutgift, òg omtala som golvet, får han ikkje bustøtte. Golvet varierer etter type søkjar.

For barnefamiliar, dei som tek imot attføringspengar, rehabiliteringspengar, tidsavgrensa uførestønad, grunnstønad, hjelpestønad eller yrkeskadeerstatning eller tilsvarande, er golvet for dei godkjende buutgiftene for husstandar med 1-2 personar 16 800 kroner, med 3 personar 19 400 kroner, med 4 personar 21 100 kroner og for husstandar med 5 eller fleire personar 22 800 kroner per år.

For husstandar med ein person over 65 år eller med ein mottakar av alders-, uføre- eller attlevandepensjon eller tilvarande, er golvet for godkjende buutgifter for husstandar med 1 person på 14 400 kroner, med 2 personar 17 000 kroner, med 3 personar 18 700 kroner og for 4 personar eller fleire 20 400 kroner.

Det systemet som gjeld i dag, er komplisert og handsamar mottakarane ulikt.

Eigendelen er eit uttrykk for dei buutgiftene som mottakarane må betale sjølve. Minste eigendel representerer eit minimumsnivå for dei buutgiftene som kan gå inn i utrekninga av bustøtte. Minste eigendel og golvet for buutgiftene er dermed overlappande omgrep.

Golvet for ein søkjar med attføringspengar som bur aleine er 16 800 kroner, medan minste eigendel er 13 530 kroner. Det gir ein differanse på 3 270 kroner. Søkjarar med buutgifter mellom minste eigendel og golvet for buutgifter får ikkje utbetalt bustøtte fordi dei ikkje kjem over den tilrådde grensa for minste utbetalte støtte. Golvet for buutgifter har dermed ikkje nokon praktisk funksjon og kan bli fjerna utan at nokon merkar skilnad.

Departementet tilrår å fjerne golvet for buutgiftene som omgrep i bustøtta.

3.4.5 Eigendel for buutgiftene

3.4.5.1 Minste eigendel

Ved utrekning av bustøtte kjem det til frådrag ein eigendel av buutgiftene som husstanden må dekkje sjølv. Særlege reglar gjeld for unge uføre og blir omtala i kapittel 3.4.6.

Eigendelen for buutgifter har ei nedre grense. Den minste eigendelen varierer i dag etter talet på personar i husstanden og etter type søkjar. Det er to hovudgrupper av søkjarar: barnefamiliar med fleire og pensjonistar med fleire.

For barnefamiliar og husstandar der minst éin får attføringspengar, rehabiliteringspengar, tidsavgrensa uførestønad, grunnstønad, hjelpestønad, yrkesskadeerstatning eller sosialhjelp, gjeld denne regelen. Den minste eigendelen for denne gruppa er 16,5 prosent av ei årleg inntekt på 82 000 kroner for husstandar med 1-2 personar (13 530 kr), 97 000 kroner for husstandar med 3 personar (16 005 kr), 107 000 kroner for 4 personar (17 655 kr) og 117 000 kroner for husstandar med 5 personar eller fleire (19 305 kr).

Denne regelen gjeld for husstandar der minst éin er over 65 år eller éin får alders-, uføre- eller attlevandepensjon. Den minste eigendelen for denne gruppa er 16,5 prosent av ei årleg inntekt på 82 000 kroner for husstandar med 1 person (13 530 kr), 97 000 kroner for husstandar med 2 personar (16 005 kr), 107 000 kroner for 3 personar (17 655 kr) og 117 000 kroner for husstandar med 4 personar eller fleire (19 305 kr).

Den minste eigendelen er i dag høgare for husstandar med fleire personar enn for ein som bur aleine. Det er vanskeleg å forsvare at eigendelen skal vekse med talet på personar i husstanden. Store husstandar har ikkje betre økonomi enn små einingar, snarare tvert om. Det er heller inga god forklaring på kvifor det er ulike reglar for gruppa med barnefamiliar med fleire og gruppa med pensjonistar med fleire.

Buutgifter som er lågare enn minste eigendel, må mottakarane dekkje sjølve. I tillegg må grensa for minste utbetaling bli teken med i vurderinga. Det blir tilrådd å setje grensa til 3 600 kroner per år, eller 300 kroner i månaden. Sett i høve til dei nivåa for minste eigendel som er i dag, inkludert pris- og inntektsvekst, så kan ein minste eigendel på 15 000 kroner per år vere eit rimeleg framlegg. Den reelle grensa for å få bustøtte blir da vel 20 000 kroner per år, eller nærmare 1 700 kroner per månad. Dei som har lågare buutgifter enn desse, må dekkje dei sjølve.

Departementet tilrår å endre reglane slik at minste eigendel blir lik for alle utan omsyn til talet på personar i husstanden eller type søkjar. Det blir tilrådd at minste eigendel blir sett til 15 000 kroner per år når den nye bustøtteordninga blir innført.

3.4.5.2 Hovudregel for utrekning av eigendel

Eigendelen over nivået for den minste eigendelen blir bestemt som ein prosentsats av inntekta. Eigendelen aukar dermed med inntekta, jamfør figur 3.1.

Eigendelen er 16,5 prosent av inntekta når den årlege inntekta til husstanden er under 112 001 kroner og mottakaren bur aleine, når inntekta er under 130 001 kroner og 2 bur saman, når inntekta er under 133 001 kroner og 3 bur saman, og når inntekta er under 144 001 kroner og 4 bur saman. Deretter veks grensa med 10 000 kroner for kvar ekstra person i husstanden. For inntekter på desse nivåa og høgare veks satsen for eigendelen med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner inntekta aukar.

Utrekninga av eigendelen for store husstandar kan bli synlegare og enklare ved å nytte personvekter. Kvar person får ei vekt. Det kan vere aktuelt å gi barn og vaksne ulike vekter. I samband med buutgifter er det ikkje gitt kva som er det mest korrekte. Målet om enkle reglar tilseier at det bør vere like vekter for vaksne og barn. Ein skala for personvektene der første person har vekta éin, og dei påfølgande har vekta 0,1, gir større husstandar lågare eigendel enn i dag. Ein familie på fire vil da få ei personvekt på 1,3 (1,0 + 0,1 + 0,1 + 0,1).

Grensene for innslag av prosentsatsane har ikkje vore oppjusterte i takt med inntektsveksten. Det kan derfor vere rimeleg å auke desse grensene. Departementet legg til grunn å auke punktet der prosentsatsen for eigendelen slår inn frå 82 000 til 90 000 kroner (k1 i figur 3.1). Grensa for progressiv opptrapping av prosentsatsen kan da tilsvarande bli heva frå 112 000 til 131 000 kroner per år (k2 i figur 3.1). 131 000 kroner tilsvarer den likna inntekta ein minstepensjonist utan anna inntekt, gjeld eller annan formue får for inntektsåret 2008. Det er denne inntekta som blir lagd til grunn for utrekninga av bustøtta frå 1. juli 2009. Dette sikrar at minstepensjonistar utan anna inntekt eller med liten formue ikkje når nivået for progressiv opptrapping av satsen for utrekning av eigendelen.

Desse betringane gir rom for å setje prosentsatsen opp att til 17,0, som han var på tidlegare.

Formelen som blir brukt for å rekne ut eigendelen, kan òg bli endra. I dag blir eigendelen rekna som ein prosentsats av heile inntekta, når ho overstig grensa for den minste eigendelen. I staden kan den minste eigendelen bli lagd til grunn. Til denne kan ein så leggje til ein prosentsats av den delen av inntekta som går over inntektsgrensa.

Departementet tilrår å endre hovudregelen for utrekning av eigendel. For inntekter opp til 90 000 kroner per år blir eigendelen lik den minste eigendelen, som for tida er 15 000 kroner per år. For inntekter over dette nivået blir eigendelen lik den minste eigendelen pluss ein prosentsats av den delen av inntekta som overstig 90 000 kroner. Satsen er føreslegen til 17,0 prosent opp til ei inntekt på 131 001 kroner.

For inntekter over 131 000 kroner veks eigendelen progressivt ved at det blir lagt til eit toppledd. Dette leddet er ein prosentsats av heile inntekta. Frå 131 001 kroner er satsen 0,3 prosent. Han aukar deretter med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner inntekta aukar over dette nivået.

Vidare blir det tilrådd at inntekta som blir brukt i utrekninga, blir korrigert for storleiken på husstanden. Det blir gjort ved at inntekta til husstanden blir dividert på summen av personvektene for husstanden. Den første personen i husstanden har vekta éin, medan dei påfølgande personane har vekta 0,1.

3.4.6 Særreglar for unge uføre

3.4.6.1 Innleiing

Folketrygdlova har forskrifter om unge uføre i §§ 3-21 og 3-22 som fastset at unge uføre er personar som på grunn av alvorleg sjukdom, skade eller lyte blir uføre før dei har fylt 26 år. Sjølve uføretidspunktet må vere før ein har fylt 26 år. Retten til uførepensjon kan ein få fleire år etter dette.

Dei særlege reglane om bustøtte for unge uføre gjeld berre mottakarar som har ordinær uførepensjon. Reglane gjeld ikkje personar som har korttidsyting etter reglane for unge uføre, som til dømes tidsavgrensa uførestønad, rehabiliteringspengar eller attføringspengar. Særreglane for unge uføre fell bort når dei får alderspensjon.

Ein person som er fødd ufør, eller som blir ufør i ung alder, har ikkje dei same høva til opptening av poeng i folketrygda som andre som kan ta lønt arbeid. For å bøte på dette får unge uføre ein garantert minste tilleggspensjon. Såleis har for tida unge uføre ein årleg garantert minste tilleggspensjon på om lag 174 000 kroner når dei bur aleine. Pensjonistar på ordinær minstepensjon får om lag 136 000 kroner.

Tabell 3.2 Unge uføre som fekk bustøtte i april 2008.

Talet på mottakararLikna inntekt for husstanden i gjennomsnitt. KrTalet på personar i husstanden i gjennomsnitt
Unge uføre i alt16 811157 4141,13
Regelgruppe 116 198154 7151,05
Regelgruppe 2613228 7313,38

3.4.6.2 Særreglar for unge uføre

Dei unge uføre er i dag omfatta av to sett med reglar i bustøtta:

  1. for alle unge, uføre aleinebuarar med eller utan barn og for alle husstandar med inntekt over garantert minste tilleggspensjon pluss 30 prosent

  2. for husstandar med fleire vaksne personar med ei inntekt lågare enn garantert minste tilleggspensjon pluss 30 prosent

Reglar for gruppe 1

Husstanden får lagd til grunn eit tak for godkjende buutgifter og ein skala for utrekning av eigendel som om det var to personar meir i husstanden.

Taket for dei godkjende buutgiftene blir da 59 500 kroner per år for ein som bur aleine, 64 000 kroner når to bur saman og 68 500 kroner når tre eller fleire bur saman.

For dei som har ei inntekt som er lågare enn minste tilleggspensjon pluss 30 prosent, kjem i tillegg regelen om at sjablongen til oppvarming ikkje blir avgrensa av taket. Det reelle taket for dei samla buutgiftene blir derfor høgare, tilsvarande verdien av sjablongen.

Minste eigendel er 17 665 kroner per år (16,5 prosent av 107 000 kr) for ein som bur aleine, og 19 305 kroner (16,5 prosent av 117 000 kr) når to eller fleire bur saman.

For årlege inntekter over 107 000 kroner for ein som bur aleine, og over 117 000 kroner når fleire bur saman, er eigendelen ein prosentsats av inntekta. Prosentsatsen er 16,5 for inntekter inntil 133 001 kroner for ein som bur aleine, og inntil 144 001 kroner når to bur saman. Deretter veks grensa med 10 000 kroner for kvar ekstra person i husstanden. For inntekter over desse nivåa veks prosentsatsen for eigendelen med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner inntekta aukar per år.

Reglar for gruppe 2

Denne gruppa har betre vilkår for utrekning av eigendel enn andre.

Minste eigendel er 19 305 kroner (16,5 prosent av 117 000 kr) og gjeld for inntekter under 117 000 kroner per år. Minste eigendel er lik for alle husstandar, uavhengig av talet på personar som bur saman.

For årlege inntekter over 117 000 kroner er eigendelen ein prosentsats av inntekta. Prosentsatsen er 16,5 for inntekter inntil 144 001 kroner når to bur saman, for inntekter inntil 185 001 når tre bur saman, og for inntekter inntil 228 001 kroner når fire eller fleire bur saman. For inntekter over desse nivåa veks prosentsatsen for eigendelen med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner inntekta aukar.

I tillegg blir inntekta justert ned før eigendelen blir rekna ut. For kvar ung ufør over 20 år blir det trekt 37 515 kroner frå årsinntekta, og for kvart barn under 20 år blir det trekt 24 864 kroner.

I tillegg kjem regelen om at sjablongen til oppvarming ikkje blir avgrensa av taket. Det reelle taket for dei samla buutgiftene blir derfor høgare enn for andre, tilsvarande verdien av sjablongen.

3.4.6.3 Vurderingar og tilrådingar

Ut frå eit mål om lik handsaming av dei som får bustøtte, skulle særreglane for unge uføre ha vore avvikla. Ytingane dei får, ligg godt over det andre med same inntekt eller pensjon får. Å redusere satsane for unge uføre ned til dei satsane som i dag gjeld for andre, ville redusere utbetalingane av bustøtte svært mykje. Det er ikkje ønskjeleg med slike endringar.

Unge uføre får noko høgare trygd enn andre med same opptening fordi dei ikkje har høve til å tene seg opp poeng i folketrygda som andre. Det kan vere rimeleg at denne meirytinga ikkje skal føre til urimeleg avkorting i bustøtta. Desse omsyna tilseier at unge uføre framleis bør få høgare ytingar i bustøtta enn andre med same inntekt. I tråd med framlegget for andre pensjonistar kan det vere rimeleg at heller ikkje unge uføre skal få ein høgare sats på eigendelen enn 17,0 prosent av inntekta på det lågaste nivået for pensjonen. Da må innslagspunktet for den progressive delen av eigendelen vere lik den likna inntekta ein ung ufør utan anna inntekt, gjeld eller anna formue, har. Frå juli 2009 kjem dette til å tilsvare ei likna inntekt på om lag 169 000 kroner.

Unge uføre har eigne reglar for å fastsetje eigendelen. Dei har samtidig eigne og høgare satsar for minste eigendel. Dette strir mot måla om lik handsaming og enkle reglar. Det kan derfor vere rimeleg at unge uføre får utrekna eigendelen etter dei same reglane som andre. Eigendelen kjem da til å bli lågare enn i dag.

Sidan eigendelen blir redusert, og taket blir høgare for alle, kan taket for unge uføre bli som for andre utan at det råkar spesielt mange. Det gir enklare reglar. Dei som kan dokumentere høgare buutgifter på grunn av nedsett funksjonsevne, kan få eit høgare tak, som nemnt tidlegare.

Om framlegga til endringar i utrekninga av eigendel for unge uføre blir tekne til følgje, er det ikkje lenger nødvendig å halde fram med to ulike sett med reglar for dei to gruppene av unge uføre. Inndelinga i dei to regelgruppene har heller ikkje lenger nokon god grunn. Med eitt sett av reglar for unge uføre blir alle dei unge uføre handsama likt, og reglane blir langt enklare.

Sidan ei så stor forenkling av reglane kan redusere utbetalinga for nokre mottakarar, kan det vere rimeleg å gi dei som fekk bustøtte før omlegginga, ein kompensasjon for eventuelle tap. Kompensasjonen bør vere avgrensa til reduserte utbetalingar av bustøtte på grunn av omlegging av særreglane for unge uføre, knytte til utrekning av eigendel og tak for buutgiftene.

Departementet tilrår at unge uføre framleis skal ha høgare ytingar enn andre. Det blir gjort framlegg om at unge uføre skal ha eit innslagspunkt for den progressive delen av eigendelen på 169 000 kroner frå 1. juli 2009. For dei som fekk bustøtte før omlegginga, blir det tilrådd ei kompensasjonsordning som skal sikre dei mot lågare utbetalingar av bustøtte på grunn av omlegginga av særreglane for utrekning av eigendel og tak for buutgiftene.

Figur 3.2 Framlegg om utrekning av bustøtta for ein ung ufør samanlikna med andre aleinebuarar utanfor pressområda. Kroner per år.

Figur 3.2 Framlegg om utrekning av bustøtta for ein ung ufør samanlikna med andre aleinebuarar utanfor pressområda. Kroner per år.

3.4.7 Inntekt

3.4.7.1 Val av omgrep for inntekt

I dag blir det høgste beløpet av personinntekt og allmenn inntekt nytta ved utrekning av bustøtta. Om allmenn inntekt blir nytta, blir eit beløp som tilsvarer minstefrådraget, lagt til inntekta. Siste avslutta skattelikning blir lagd til grunn for utrekninga.

Inntektsomgrepet i bustøtta har blitt utgreidd av Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR 2006: Inntektsbegrepet i bostøtten. Barlindhaug og Fjærli). Målet med utgreiinga var å sikre at inntektsomgrepet som blir nytta, er mest mogleg presist, legitimt og brukande slik at det speglar dei økonomiske evnene til husstandane. Ut frå desse måla tilrådde NIBR å gå over til å nytte disponibel inntekt etter skatt. Ulempa med dette omgrepet er at det ikkje kan bli henta frå likninga. Å nytte dette omgrepet ville dermed krevje langt meir administrasjon og gi større avvik i tid mellom inntektsperioden og perioden for utrekning av bustøtta.

Å nytte registerdata frå skattelikninga gir høg presisjon og låge administrative kostnader. Frå skattelikninga kan det bli henta ut personinntekt og allmenn inntekt. For hovudtyngda av mottakarane er det små skilnader mellom desse to omgrepa. Skilnaden er størst for dei som har renteutgifter eller kapitalinntekter. For dei som har lån og renteutgifter, vil allmenn inntekt vere lågare enn personinntekta. For dei som har kapitalinntekter, vil allmenn inntekt vere høgare enn personinntekta.

Departementet tilrår å halde fram med den hovudregelen som gjeld i dag. Det høgste beløpet av personinntekt og allmenn inntekt frå den siste likninga kjem til å bli brukt ved utrekning av bustøtta.

3.4.7.2 Inntektene til barn

I dag blir inntektene frå alle i husstanden tekne med i utrekninga av bustøtte, òg inntektene til barna. Ungdommar som til dømes går med avisa etter skoletid, får inntekta frå dette arbeidet lagd til inntekta for resten av husstanden. Dermed kan utbetalinga av bustøtte bli avkorta og i verste fall falle heilt bort. Det kan verke urimeleg. Barn i familiar med svak økonomi kan bli ytterlegare stigmatiserte. Eit fribeløp for inntektene til barn som bur heime kan her vere ei løysing. Eit beløp på 30 000 kroner per barn per år blir vurdert som rimeleg.

Departementet tilrår å innføre eit fribeløp for inntekt på 30 000 kroner per barn per år for barn som bur heime.

3.4.8 Formue

3.4.8.1 Innleiing

Bustøtta er ei strengt behovsprøvd ordning. Formue inngår derfor i utrekninga av støtta. Det blir gjort ved å plusse på ein del av formuen på inntekta. Nettoformue frå likninga blir nytta. I nettoformuen inngår både finans- og realformue, det vil seie både bankinnskot, verdipapir og bustadformue, medan all gjeld blir trekt ifrå.

I dag blir 6 prosent av nettoformuen over 200 000 kroner for ein som bur aleine, og over 250 000 kroner når to eller fleire bur saman, lagt til inntekta. Dette gjeld både for dei som eig og for dei som leiger.

Tabell 3.3 syner at mottakarane av bustøtte samla hadde 6,8 mrd. kroner i netto formue i februar 2008. Det er i hovudsak eldre over 65 år og uføre under 65 år utan barn som har formue. Desse to søkjargruppene har til saman ein netto formue på om lag 6,3 mrd. kroner.

I gjennomsnitt har alle mottakarar av bustøtte ein netto formue på 67 514 kroner. Av dei 58 prosentane av bustøttemottakarane som har netto formue, er gjennomsnittleg nettoformue om lag 116 400 kroner. Størst gjennomsnittleg formue har eldre over 65 år.

Formuen fordeler seg slik at 42 prosent av mottakarane ikkje har netto formue, 46 prosent har netto formue under fribeløpa, og 12 prosent har formue som er større enn fribeløpa. Det er den siste gruppa som får avkorting i bustøtta i dag.

Den likna verdien på bustader er i gjennomsnitt om lag 20 prosent av marknadsverdien for bustaden. Likningsverdien kan vere så høg som 30 prosent, men det er heller ikkje uvanleg med likningsverdiar på 5-10 prosent av marknadsverdien. Dei som eig bustader, har derfor ein faktisk formue som er langt større enn det som kjem fram ved å nytte likningsverdien på bustadene og fritidsbustadene deira.

Kor stor avkortinga av bustøtta mot formue blir, er avhengig av kor høg inntekta er, og kor stor formuen er. For låge inntekter gir ein netto formue rett over fribeløpa låge utslag i bustøtta. Dei eldre, som har størst formue, har òg relativt høge inntekter frå pensjon. Fordi dei med høg pensjon har progressiv sats for eigendel, blir avkortinga for formue høg.

Det er grenser for kor stor formue ein mottakar kan ha og framleis få bustøtte. Med dei reglane som gjeld i dag, kan søkjarar med minstepensjon ha ein netto formue på opp mot 1 mill. kroner og likevel få bustøtte.

Tabell 3.3 Formuen til mottakarar av bustøtte. Februar 2008

Talet på mottakarar i altNetto formue i alt. KrNetto formue i gjennomsnitt for alle. Kr
Alle mottakarar101 5136 853 551 75767 514
Eldre over 65 år34 5884 537 238 930131 180
Uføre under 65 år m/barn2 21145 929 68320 773
Uføre under 65 år u/barn30 0561 800 854 99159 917
Einslege forsørgjarar16 413226 780 08313 817
Andre barnefamiliar5 87893 828 51515 963
Andre med rett til støtte11 22699 620 2398 874
Andre pensjonistar1 14149 299 31643 207

3.4.8.2 Vurderingar og tilrådingar

I dag blir eigarar og leigarar handsama likt. Likna verdi av eigen bustad blir handsama likt med anna likna formue.

Bustøtta skal stimulere til at mottakarane etablerer seg i bustad, og til at dei kan bli buande i eigne bustader. Det tilseier at verdien av eigen bustad ikkje skal gi avkorting i bustøtta. Ved å nytte faktisk likningsverdi av eigen bustad i staden for sjablongar blir verdien av eigen bustad halden utanfor. For å avgrense ordninga mot for dyre bustader kan det vere rett å setje eit tak på fri likna verdi på bustaden. Ei utfordring er da at likningsverdien for bustader varierer mykje mellom bustader med lik marknadsverdi. Målet om enkle reglar og lik handsaming av søkjarane tilseier at det blir nytta eitt tak for alle bustader i heile landet. Taket kan da bli sett til likningsverdien for ein høveleg bustad i den dyraste prissona. Departementet legg til grunn at eit tak på 500 000 kroner kan sikre at dei fleste bustadene til målgruppa for bustøtte blir haldne utanfor utrekninga. Da omgår ein dei store skilnadene i likningsverdiane på bustader. Dei som bur i bustader med høgare likningsverdi, kan òg få støtte, men da vil den delen av verdien på bustaden som er høgare enn taket, inngå i utrekninga.

Leigarar har i dag fri formue på 200 000 kroner om dei bur aleine, og 250 000 kroner om dei bur fleire saman. Sidan den reelle verdien av bustader er høgare enn den likna verdien, kan det vere rimeleg å auke fribeløpet for dei som leiger. Det vil samtidig gi lågare samla avkorting for dei med lita formue. Departementet legg til grunn ei fri formue for alle som leiger, på 250 000 kroner.

Bustøtta skal vere ei strengt behovsprøvd ordning. Når ein søkjar med minstepensjon kan ha ein netto formue på nær 1 mill. kroner og likevel få bustøtte, kan det tilseie at ein bør skjerpe reglane. Departementet legg derfor til grunn ein auke i satsen for den del av formuen som er over fribeløpa, og som blir lagt til inntekta, frå 6 til 16 prosent.

Departementet tilrår at leigetakarar får netto likna formue inntil 250 000 kroner som eit fribeløp som blir halde utanfor utrekninga av bustøtta. For dei som eig bustaden sin, blir den likna verdien av eigen bustad opp til 500 000 kroner halden utanfor. Ut over desse fribeløpa blir 16 prosent av likna netto formue lagt til inntekta.

3.4.9 Dekningsprosenten

Den delen av differansen mellom godkjende buutgifter og eigendelen som blir utbetalt i bustøtte, blir kalla dekningsprosenten. Resten må mottakarane betale sjølve. At mottakarane må betale nokre av buutgiftene sjølve, skal motivere dei til å halde bustadutgiftene på eit rimeleg nivå.

I dag er dekningsprosenten i hovudregelen 70. Unntak gjeld for søkjarar som bur i kommunale og kommunalt formidla leigebustader. Dei har ein dekningsprosent på 80.

Målet om lik handsaming tilseier ein lik dekningsprosent for alle bustader utan omsyn til om dei er kommunale eller private. Å setje dekningsprosenten opp til 80 for alle ville blitt svært dyrt. Å redusere han til 70 for kommunale utleigebustader ville gitt store reduksjonar i bustøtta for leigarane. Kommunane ville òg ha tapt mykje på ei slik endring. Det kunne ha ført til at kommunane hadde blitt mindre motiverte til å skaffe fleire kommunale utleigebustader. Det er ikkje ønskjeleg.

Departementet tilrår å halde fram med det systemet og dei satsane for dekningsprosenten som gjeld i dag.

3.4.10 Grensa for minste utbetaling

I dag er grensa for minste utbetaling av bustøtte 167 kroner per månad, eller 2 000 kroner per år.

Bustøtta må vere av ein viss storleik om ho skal bidra til auka bustadkonsum. Ved å auke beløpet for minste utbetalte bustøtte, kan midlar bli omfordelte frå dei som har låge buutgifter, til dei som har høge buutgifter. Støtta må òg vere så stor at ho står i samsvar med kostnadene til administrasjon.

Departementet tilrår på dette grunnlaget å auke grensa for minste utbetaling til 300 kroner per månad, noko som svarar til 3 600 kroner per år.

Boks 3.1 Framlegg om nye reglar for bustøtta - oppsummering

1. Føremål

Bustøtta skal sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.

2. Krav til søkjar og bustad

Alle som er over 18 år, og som er folkeregistrerte og lovleg busette i Noreg, kan få bustøtte, med unntak av studentar og militært eller sivilt tenestepliktige.

Om søkjaren har barn, kan han få bustøtte jamvel om han er under 18 år.

Dei som studerer som eit ledd i eit offentleg, godkjent program for kvalifisering til arbeidsmarknaden, og som ikkje får stønad frå Statens lånekasse for utdanning, kan òg få bustøtte.

Bustaden må vere godkjend for heilårsbruk, vere ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og kunne gi høve til kvile og matlaging. Bustaden må ha eige bad og toalett.

Bebuarar i kommunalt disponerte, sosiale utleigebustader som ikkje er regulerte til institusjon, kan få unntak frå bustadkravet.

3. Utrekning av bustøtte

Bustøtta er ein del, 70 eller 80 prosent, av differansen mellom dei godkjende buutgiftene og eigendelen. Støtta blir rekna ut etter følgjande formel:

Bustøtte = Dekningsprosent * (Godkjende buutgifter - Eigendel)

4. Buutgifter

4.1 Godkjende buutgifter

For leigarar blir husleiga lagd til grunn for dei godkjende buutgiftene. For dei som bur i burettslag, og sjølveigarar som bur i sameige med felleskostnader, blir felleskostnaden lagd til grunn. Det blir fastsett nærmare reglar for kva utgifter i husleiga og felleskostnadene som kan gå inn i dei godkjende buutgiftene.

For sjølveigarar som ikkje har felleskostnader, blir utgifter til drift, vedlikehald og forsikring dekte med ein sjablong. Denne sjablongen er for tida 12 000 kroner per år. Kommunale avgifter blir dekte med ein sjablong som varierer frå kommune til kommune, men som er lik for alle i same kommune. Skatt på eigedom og festeavgift inngår med faktiske kostnader.

For dei med alders-, uføre- og attlevandepensjon blir utgifter til oppvarming av bustaden dekte med ein sjablong for dei som ikkje får denne utgifta dekt over husleiga eller felleskostnaden. Sjablongen er for tida 6 000 kroner per år.

Utgifter til renter, avdrag og vanlege gebyr på bustadlån inngår i dei godkjende buutgiftene.

4.2 Taket for buutgiftene

For husstandar med 1 person er taket 61 000 kroner, med 2 personar 64 000 kroner, med 3 personar 67 000 kroner og med 4 eller fleire personar 70 000 kroner per år.

I Oslo er taket 20 000 kroner høgare enn i resten av landet. I Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum er taket 15 000 kroner høgare enn i resten av landet, og i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes er taket 10 000 kroner høgare enn i resten av landet.

Husstandar som har ekstra høge buutgifter fordi bustaden er tilpassa ein bebuar med nedsett funksjonsevne, kan søkje om å få auka taket for buutgiftene.

5. Eigendel

5.1 Utrekning av eigendel

Minste eigendel er 15 000 kroner per år og gjeld for inntekter opp til 90 000 kroner per år. For inntekter over 90 000 kroner er eigendelen bestemt ved minste eigendel pluss 17,0 prosent av den del inntekta som overstig 90 000 kroner per år.

For inntekter over 131 000 kroner veks eigendelen progressivt ved at det blir lagt til eit toppledd. Dette leddet er ein prosentsats av heile inntekta. Frå 131 001 kroner er satsen 0,3 prosent. Han aukar deretter med 0,3 prosentpoeng for kvar 1 000 kroner inntekta aukar over dette nivået.

For unge uføre slår det progressive leddet inn ved ei inntekt på 169 001 kroner per år.

Inntekta blir korrigert etter storleiken på husstanden. Det blir gjort ved at inntekta blir dividert på summen av personvektene til husstanden. Første person i husstanden har vekta éin, medan vekta til dei påfølgjande personane er 0,1.

5.2 Inntekt

Det høgste beløpet av personinntekt og allmenn inntekt frå siste avslutta skattelikning blir nytta i utrekninga av bustøtta. Om allmenn inntekt blir nytta, skal eit beløp tilsvarande minstefrådraget i skattelikninga bli lagt til inntekta.

Barn under 18 år som bur heime, kan tene inntil 30 000 kroner per år utan at inntekta blir rekna med i bustøtta.

Ein del av formuen til husstanden ut over eit fribeløp blir lagd til inntekta. For leigarar blir netto likna formue inntil 250 000 kroner halde utanfor utrekninga av bustøtta. For dei som eig bustaden sin, blir den likna verdien av eigen bustad opp til 500 000 kroner halden utanfor. Ut over desse fribeløpa blir 16 prosent av likna nettoformue lagt til inntekta.

Ved skattefri utleige av delar av eigen bustad skal leigeinntektene bli lagde til inntekta.

6. Dekningsprosent

Dekningsprosenten er 70 prosent for private bustader og 80 prosent for kommunalt disponerte bustader.

7. Minste utbetaling

Grensa for minste utbetaling er 300 kroner per månad, som svarar til 3 600 kroner per år.

8. Særlege reglar for dei som fekk bustøtte før omlegginga

Unntak frå bustadkravet gjeld for dei som fekk bustøtte i same bustad før 1. juli 2009, og som ikkje var omfatta av bustadkrav før dette tidspunktet.

Unge uføre som fekk bustøtte før 1. juli 2009, skal ikkje få mindre utbetalt etter omlegginga som følgje av at særreglane deira for buutgiftstak og eigendel blir endra.

Til forsida