St.prp. nr. 14 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002)

Til innhaldsliste

2 Nærare om ALTENER

ALTENER har følgjande særskilde mål:

  • å medverka til å skapa dei naudsynte vilkåra for å gjennomføra ein handlingsplan for forny- bare energikjelder innanfor Fellesskapet, særleg dei rettslege, sosioøkonomiske og administrative vilkåra, mellom anna nye marknadsinstrument og marknadsmekanismar,

  • å stimulera til private og offentlege investeringar i produksjon og bruk av energi frå fornybare energikjelder.

Tanken med desse to målsetjingane er at EU skal nå måla sine om reduserte CO2-utslepp, verta mindre avhengig av importert energi, få til auka sysselsetjing og fremja lokal og regional utvikling. Middel for å nå desse måla er mellom anna utvikling av sektor - og marknadsstrategiar, forsøk for utvikling av nye fornybare energikjelder, tiltak for informasjon, utdanning og opplæring på dette feltet, i tillegg til overvakings- og evalueringstiltak. Vinklinga i programmet fell godt saman med den norske aktiviteten på området og vil vera eit godt tillegg til aktivitetane innan forsking og vårt arbeid for å fremja bruk av fornybare energikjelder.