St.prp. nr. 14 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerda i EØS-komiteen inneheld tre artiklar (sjå vedlegg 1).

Artikkel 1 slår fast at artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala vert endra til å omfatte EFTA-statane si deltaking i ALTENER-programmet og i programaktivitetane.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelda frå 15. desember 2000, forutsett godkjenning.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.