St.prp. nr. 14 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002)

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen vil forplikte EFTA-statane til å ta del i finansieringa av delprogrammet. Den økonomiske ramma for gjennomføringa av delprogrammet er på 77 mill euro for perioden 1998-2002. Noreg sin del er på 1,8 % av denne summen. Ved ein kurs på 1 euro = 8,2 kroner, utgjer dette om lag 2,3 millioner kroner årleg.

Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjett kapittel 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m. v. Stortinget er tidlegare orientert om vår deltaking i ALTENER i St.prp. nr. 1 (1996-97) og St.prp. nr. 52 (1996-97).

Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.