St.prp. nr. 18 (2005-2006)

Om endringar på statsbudsjettet for 2005 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

3 Andre saker

Sal av staten sine aksjar i AS Rehabil, Blindes Produkter AS og Industritjeneste AS

Arbeids- og sosialdepartementet eig 100 pst. av aksjane i attføringsverksemdene AS Rehabil og 44, 4 pst. av aksjane i Blindes Produkter AS. Saman med Justis- og politidepartementet eig òg Arbeids- og sosialdepartementet aksjar i Industritjeneste AS. Justis- og politidepartementet eig 46,1 pst. av aksjane. Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og politidepartementet ynskjer no å avhende sine eigarandelar i desse verksemdene. Salet er årsaka i at det er viktig å ha eit klart skilje mellom dei rollane staten har som eigar, tilsynsmyndigheit og sektorpolitisk myndigheit, for å unngå rollekonfliktar. I tillegg til å vere eigar av desse verksemdene, mottek desse tilskot frå Aetat, ein etat underlagt ASD.

Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og politidepartementet ber om at Stortinget samtykkjer i å selje aksjane i dei nemde verksemdene, jf. eige romertalsvedtak i St.prp. nr. 20 (2005-2006).

Spesialeininga for politisaker

Spesialeininga for politisaker blei oppretta 01.01 2005. Løyvinga på kap. 460, post 01 blei i samband med opprettinga auka til 20,793 mill. kr i 2005, mellom anna til dekning av enkelte utgifter for utført arbeid i 2004 av medlemmer av den gamle SEFO-ordninga.

I RNB 2005 blei løyvinga på kap. 460, post 01 auka med 1 mill. kr til dekning av meirutgifter i samband med etablering av elektronisk verktøy for saksbehandling og tilknytning til politiet sine system for saksbehandling.

Utgiftene i 2005 knytta til den gamle SEFO-­ordninga viser seg å være høgare enn venta. Samstundes tek det lenger tid enn forventa å etablere elektronisk verktøy for saksbehandling i Spesialeininga og tilknytning til politiet sine system.

Justis- og politidepartementet foreslår derfor at tilleggsløyvinga på 1 mill. kr som blei vedteke i revidert nasjonalbudsjett 2005 blir nytta til å dekkje meirutgifter i 2005 knytta til den gamle SEFO-ordninga. Departementet er kjent med at Spesialeininga har motteke mange ressurskrevjande saker som gjer det utfordrande å få til hurtigare saksbehandling. Justis- og politidepartementet vil følgje utviklinga til Spesialeininga nøye.

Til forsida