St.prp. nr. 22 (2006-2007)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2006 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2005-2006).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruken av desse fullmaktene.

3.1 Fullmakt IX – St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2004-2005) og (2005-2006)

Fullmakt for forenkla handsaming frå styresmaktene si side har blitt nytta ved tre høve i 2006:

Tordis-feltet (Tordis IOR)

Departementet fekk 21. oktober 2005 søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift av Tordis-feltet. Utbygginga omfattar auka utvinning frå Tordis-feltet ved å installere eit anlegg for separasjon av vatn frå olje på havbotnen. Gullfaks C-plattforma vil bli nytta til prosessering og eksport av ressursane. Prosjektet inneber og modifikasjonar på Gullfaks C-plattforma. Første fase av produksjonen starta i oktober 2006.

Rettshavarane i Tordis-feltet er Statoil ASA (operatør), Petoro AS, Norsk Hydro Produksjon a.s, ExxonMobil Exploration & Production Norway AS, Idemitsu Petroleum Norway AS, Total E&P Norge AS og RWE Dea Norge AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til staten er 30 pst.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2,1 mrd. 2005-kroner.

Endra plan for utbygging og drift av Tordis­feltet vart vedteken ved kongeleg resolusjon 16. desember 2005.

Ringhorne Øst

Departementet fekk 13. oktober 2005 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Ringhorne Øst. Utbygginga inneber at fire produksjonsbrønnar som borast frå den eksisterande Ringhorne-innretninga. Dersom det viser seg naudsynt med trykkstøtte, vil det også bli bora to vassinjeksjonsbrønnar inn i Ringhorne Øst-reservoaret frå Ringhorne. Produksjonen føres til Balder-skipet for prosessering. Produksjon frå Ringhorne Øst starta i mars 2006.

Rettshavarane i Ringhorne Øst er ExxonMobil E&P Norway AS (operatør), Norsk Hydro Produksjon a.s., Petoro AS og Statoil ASA. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til staten er 7,8 pst.

De totale investeringane er i plan og utbygging og drift rekna til i overkant av 1 mrd. 2005-kroner. Plan for utbygging og drift for Ringhorne Øst vart vedteken ved kongeleg resolusjon 25. november 2005.

Volund

Staten har ikkje direkte eigardelar i Volund. Departementet fekk 19. september 2005 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Volund. Volund er planlagt som ei undervassutbygging kopla opp mot produksjonsskipet på Alvheim-feltet. Produksjonen er planlagt å ta til i 2009. Rettshavarane i Volund er Marathon Petroleum Noreg AS (operatør) og Lundin Norway AS.

Dei totale investeringane er i plan for utbygning og drift rekna til om lag 2 mrd. 2005-kroner. Plan for utbygging og drift for Volund planleggjas lagt fram ved kongeleg resolusjon i november 2006.

3.2 Fullmakt X – St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2005-2006)

Fullmakt knytt til overdragning av eigedomsrett vart nytta ved eitt høve i 2006:

Tordis og Gullfaks

Avtalane mellom rettshavarane i Tordis-feltet og Gullfaks-feltet om overføring av eigedomsrett til oppgraderingar på Gullfaks C-plattforma i samband med prosjektet Tordis IOR vart godkjende av departementet 17. mars 2006. Rettshavarane i Tordis-feltet investerer i oppgraderingar på Gullfaks C-plattforma for å leggje til rette for lågtrykksproduksjon og auka utvinning frå Tordis-feltet. Investeringane er i endra plan for utbygging og drift for Tordis-feltet rekna til 233 mill. 2005-kroner. Eigedomsretten til oppgraderingane skal overførast til rettshavarane på Gullfaks-feltet. Staten har ein direkte eigardel på 30 pst. i Tordis-feltet og ein eigardel på 30 pst. i Gullfaks-feltet. Investeringa for SDØE er 69,9 mill. 2005-kroner.