St.prp. nr. 27 (2006-2007)

Om endring av løyvingar mv. for 2006 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.

Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.

Post 71 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma

Forsøket med arbeids- og utdanningsreiser er eit samarbeidsprosjekt mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet. To modellar blir prøvde ut i forsøket. I om lag halvparten av fylkeskommunane er transporten organisert av køyrekontora (som er ein del av dei regionale helseforetaka). Denne delen av forsøket ligg under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. For resten av landet er tilbodet etablert som ei utviding av den fylkeskommunale transporttenesta for funksjonshemma (tt). Samferdselsdepartementet har ansvar for denne delen av forsøket.

For den delen av forsøket som ligg under Arbeids- og inkluderingsdepartementet har det kome til mange nye brukarar. For 2006 har ikkje Arbeids- og inkluderingsdepartementet midlar til dette på sitt budsjett. Tilleggsbehovet er på om lag 1 mill. kr. Status for den delen av forsøket som ligg under Samferdselsdepartementet er slik at løyvinga kan setjast ned. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil foreslå å auke løyvinga over kap 605, post 01 Modernisering og utviklingsarbeid, med 1 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår at løyvinga over kap 1301, post 71 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma, blir redusert med 1 mill. kr.