St.prp. nr. 27 (2006-2007)

Om endring av løyvingar mv. for 2006 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport

Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter

Avtalen med flyselskapa inneheld ein klausul om at gjeldande kontraktar kan reforhandlast dersom rammevilkåra blir endra. Som følgje av avgiftsendringar i 2006, m.a. endringar i CO2-avgifta, vil dei gjeldande kontraktane bli reforhandla. Reforhandlingane som enno ikkje er ferdige, kan føre til at utbetalingane ikkje kan skje før i 2007. Utbetalingane vil kunne utgjere 2-4 pst. av løyvinga for 2006. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter får tilføydd stikkordet «kan overførast».

Kap. 1313 Luftfartstilsynet (jf. kap. 4313)

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter, med 6,2 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1313, post 22 Flyttekostnader.

Post 22 Flyttekostnader

I samband med Stortingets behandling av St.prp. nr. 66 (2005-2006), jf. Innst. S. nr. 205 (2005-2006), blei post 01 Driftsutgifter, auka med 5 mill. kr og post 22 Flyttekostnader, med 25 mill. kr. Fordelinga mellom postane var usikker. Det er inngått ulike avtalar om kompensasjon til dei tilsette m.a. av omsyn til kompetanseoverføring i samband med flyttinga. Dette medfører eit meirbehov på post 22 på 6,2 mill. kr. Som følgje av bemanningssituasjonen i Luftfartstilsynet har det vore ein lågare aktivitet på ulike prosjekt enn planlagt, slik at post 01 kan reduserast tilsvarande. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1313, post 22 Flyttekostnader, med 6,2 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1313, post 01 Driftsutgifter.