St.prp. nr. 28 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes – Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Prosjektet vil avløyse ferjesambandet mellom Bremsnes på Averøya og Kristiansund sentrum. Ferjesambandet er eit utprega lokalsamband. Som omtalt i pkt. 2 viste ei undersøking av trafikken sommaren 2000 at heile 96 pst. av trafikken hadde kommunane Averøy, Kristiansund eller Frei som start- eller sluttpunkt for reisa. Ferjeleiet si plassering ved buss- og hurtigbåtterminalen i Kristiansund sentrum fører til at mange av trafikantane som reiser frå Averøya til Kristiansund, ikkje treng å ta med bilen på ferja. Ein stor del av trafikantane reiser derfor med ferja utan å vere passasjerar i bil eller buss. Ved ferjeleiet på Bremsnes er det lagt til rette for parkering av bilar, og bussen set av og tek på passasjerar ved ferjeleiet.

Bygging av Atlanterhavstunnelen vil føre mykje av persontrafikken i ferjesambandet over på personbil eller buss. I trafikk- og inntektsprognosen som Statens vegvesen utarbeidde på grunnlag av trafikkundersøkinga sommaren 2000, er dette lagt til grunn. Denne konkluderte med ein eingongsvekst på 73 pst. for kjøretøy og 28 pst. for personreiser. I grunnlaget for prognosen var det føresett bompengetakstar tilsvarande ein auke i ferjetakstane på 30 pst. for alle trafikantgrupper.

Det er knytt stor uvisse til trafikkprognosar for bynære ferjeavløysingsprosjekt. Statens vegvesen sin trafikkprognose blei derfor gjennomgått av Interconsult AS som kom til om lag same resultat. I tillegg har Møreforsking Molde AS gjennomført ein alternativ trafikkanalyse der det blei konkludert med ein vekst på i underkant av 70 pst. for kjøretøy og 30 pst. for personreiser. Tre ulike fagmiljø har følgjeleg komme fram til ein eingongsvekst på om lag 70 pst. for kjøretøy ved bompengetakstar tilsvarande ein auke i ferjetakstane på 30 pst. Med bakgrunn i erfaringar frå fleire bynære prosjekt som har fått lågare trafikk enn føresett, er det etter Statens vegvesen si vurdering likevel knytt stor uvisse til trafikkprognosen for prosjektet. Storleiken på eingongsveksten er vesentleg for finansieringsevna til prosjektet.

På grunnlag av dei gjennomførde trafikkvurderingane tilrår Statens vegvesen at det blir lagt til grunn ein eingongsvekst ved trafikkopning på 60 pst. for kjøretøy og 30 pst. for personreiser i basisalternativet. Vidare blir det tilrådd å leggje til grunn ein årleg trafikkvekst i bompengeperioden på 1 pst. Som grunnlag for å vurdere økonomien i prosjektet tilrår Statens vegvesen at det som nedre grense blir lagt til grunn ein eingongsvekst i biltrafikken på 30 pst. Det er lagt til grunn ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på om lag 1 100 kjøretøy ved trafikkopning.

Ved kvalitetssikringa av prosjektet har den eksterne konsulenten slutta seg til tilrådinga om å leggje til grunn ein eingongsvekst i biltrafikken på 60 pst., men går inn for at det blir lagt til grunn 15 pst. som nedre grense. Den nedre grensa er basert på vurderingar frå Møreforsking der det er lagt til grunn at det ikkje er ulempeskostnader ved bruk av ferje. Sjølv om det er knytt stor uvisse til storleiken på ulempeskostnadane, meiner Statens vegvesen at det ikkje er fagleg grunnlag for å leggje til grunn ein føresetnad om at det ikkje er ulempeskostnader ved bruk av ferje. Dette avvik både frå standardisert metodikk for vektlegging av ventetid og behandling av ulempeskostnader og frå tidlegare analysar på dette området. Statens vegvesen vurderer derfor ein eingongsauke på 15 pst. som nedre grense som urealistisk lågt.