St.prp. nr. 28 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes – Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Atlanterhavstunnelen vil betre kommunikasjonane mellom Averøya og Kristiansund og dermed styrke Kristiansund som regionsenter. Ferjesambandet er eit utprega lokalsamband. Utbygginga av vegsambandet vil gjere det lettare for innbyggjarane på Averøya å nytte seg av ulike tilbod i Kristiansund, inkludert flytilbodet ved Kristiansund lufthamn. Prosjektet skal finansierast gjennom innsparte ferjetilskot, bompengar, lokale tilskot, forskottering og ordinære statlege midlar.

Det er ein føresetnad at finansieringa i hovudsak skal skje gjennom bompengar og lokale tilskot. Dette gjer det mogleg å få ei raskare realisering av prosjektet enn det som elles ville vore mogleg innafor ordinære statlege riksvegrammer. Møre og Romsdal fylkeskommune har garantert for eit bompengelån på inntil 635 mill. kr. Fylkeskommunen har vidare gått inn for at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet med inntil 30 mill. kr frå den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Møre og Romsdal i perioden 2010-2013.

Med dei føresetnadene som er lagt til grunn i finansieringsplanen, er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til i underkant av 18 år, som går ut over det som er normal innkrevjingsperiode (15 år). For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet i realiteten å betale bompengar i form av ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. Samferdselsdepartementet sluttar seg til Vegdirektoratet si tilråding om å akseptere om lag 18 år med etterskotsinnkrevjing av bompengar for ferjeavløysingsprosjektet Atlanterhavstunnelen.

Økonomien i prosjektet er følsam for endringar i føresetnadene, særleg endringar i trafikkveksten. Det må derfor vere ein føresetnad at bompengeselskapet må ha ein opsjons- eller fastrenteavtale som sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i gjeldande avtale, og som også er lagt til grunn i finansieringsplanen. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.

Bankar og næringsliv i området har førebels sagt seg villige til å forskottere til saman 6,4 mill. kr gjennom innbetaling av ekstra aksjekapital. Samferdselsdepartementet sluttar seg til Vegdirektoratet si tilråding om at innbetalinga må behandlast som ordinær forskottering. Samferdselsdepartementet føreset at aksjonærane aksepterer dette.

Samferdselsdepartementet støttar Vegdirektoratet si tilråding om at så lenge perioden med etterskotsinnkrevjing ligg an til å bli lengre enn 15 år, skal eventuelle innsparingar delast mellom trafikantane og kommunane, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Dersom innkrevjingsperioden ligg an til å bli kortare enn 15 år, skal eventuelle innsparingar godskrivast post 72, som for tidlegare vedtekne ferjeavløysingsprosjekt. Vidare støttar Samferdselsdepartementet Vegdirektoratet si tilråding om at ved auka inntening skal denne delast mellom trafikantane og kommunane, uavhengig av om perioden med etterskotsinnkrevjing vil bli over eller under 15 år.