St.prp. nr. 29 (2002-2003)

Om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn

Post 01 Driftsutgifter

Statens jernbanetilsyn har vurdert at det i 2002 vil ha eit meirforbruk på om lag 4,2 mill. kr samanlikna med saldert budsjett. Hovudårsaka til meirforbruket er at arbeidet med godkjenning av rullande materiell til NSB AS og Flytoget AS har blitt meir omfattande enn rekna med. Dette har m.a. ført til auka bruk av ekstern konsulenthjelp enn budsjettert med. Erfaringane frå dette arbeidet gjer at Statens jernbanetilsyn vil se på prosedyrane for godkjenning av rullande materiell, m.a. krava til dokumentasjon frå jernbaneoperatørar som søkjer om godkjenning.

For å redusere meirforbruket har Statens jernbanetilsyn sett i verk interne tiltak for å redusere meirforbruket som å skjere ned på aktivitetar som ikkje er nødvendige å setje i verk/gjere ferdige i 2002. For å opppretthalde høgt prioriterte aktivitetar i tilsynet i 2002 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1354, post 01 Driftsutgifter, med 2,7 mill. kr, frå 21,2 mill. kr til 23,9 mill. kr.

Kap. 5671 Renter og utbytte fra BaneTele AS

Post 80 Renter

Ved etableringa av BaneTele AS 1. juli 2001 fekk selskapet eit mellombels statslån rekna til 196 mill. kr, men seinare fastsett til 209 mill. kr. Selskapet fekk fridom til å fastsetje renteperiode for lånet. Renter på lånet blei først betalt i juni 2002, dvs. for perioden 1. juli 2001 - 30. juni 2002. Opphavleg skulle lånet betalast tilbake 30. juni 2002, men Regjeringa har to gangar i 2002 forlengt lånet til BaneTele AS, sist til 31. desember 2002. Dette medfører ein auke i innbetalte renter i 2002 samanlikna med saldert budsjett. Rentesatsen er no NIBOR + 2,5 prosentpoeng. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5671, post 80 Renter, med 19 mill. kr, frå 7,5 mill. kr til 26,5 mill. kr.

Post 81 Utbytte

På grunn av den generelle økonomiske utviklinga i telemarknaden dei siste åra og den vanskelege likviditetssituasjonen i BaneTele AS vedtok generalforsamlinga i selskapet ikkje å ta ut utbytte for 2001. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 5671, post 81 Utbytte, med 8 mill. kr, frå 8 mill. kr til 0 kr.