St.prp. nr. 30 (2001-2002)

Rettferdsvederlag av statskassa

Til innhaldsliste

3 Klagesaker

Sak nr. 1

Justisdepartementet har etter at St.prp. nr. 87 (2000-2001) blei fremma, motteke eit brev frå søkjaren datert 04.09.2001. Søkjaren meiner saksbehandlinga i Utdannings- og forskingsdepartementet inneheld opplagte feil.

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag kan ikkje sjå at brevet inneheld ny informasjon i saka og oversender det til Stortinget som tilleggsinformasjon.

Elles viser Justisdepartementet til St.prp. nr. 87 (2000-2001).

Sak nr. 1 til 112

Justisdepartementet viser til St.prp. nr. 87 (2000-2001).

Sak nr. 113

Den delen av søknaden som gjeld søkjaren sin erfaring med sosialkontoret, har no vorte behandla av Sosial- og helsedepartementet. Departementet kunne ikkje sjå at den handtering sosialtenesta har hatt med saka kunne gje grunn til å tilrå rettferdsvederlag. Dei meiner at søkjaren har fått generelle råd og konkrete forslag om korleis ho kunne få orden på økonomien sin. Ho har i tillegg fått økonomisk stønad, sjølv om ho blei regna som sjølvhjulpen. Sosialtenestene har som hovudregel ikkje plikt til å yte stønad til å dekkje gjeld. Dette fordi økonomisk stønad etter sosialtenestelova ikkje skal kome kreditorane til gode, men dekke behova for hjelp til livsopphald. Denne del av søknaden er nå hos Utvalet for rettferdsvederlag til avgjersle.

Søkjaren har også nå nemnt at eksmannen hennes skal ha valdteke henne. Denne delen av saka har Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag avvist da saka fall innanfor den statlege ordninga om vederlag til valdsoffer av 01.01.1975.

Elles viser Justisdepartementet til St.prp. nr. 87 (2000-2001).

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag legg med dette fram klagen.

Sak nr. 114 - 124

Justisdepartementet viser til St.prp. nr. 87 (2000-2001).

Sak nr. 125

NN, født 1956, har søkt staten om rettferdsvederlag for skader som følgje av seksuelle overgrep. Ho skal hovudsakleg ha blitt misbrukt av sine to eldre brør, men også av andre. Brørne skal ha forgripe seg på henne frå ho var ca. fire år til hun var i 16-17 års alderen.

Justisdepartementet fann ikkje påstandane om seksuelle overgrep tilstrekkeleg sannsynleggjort, og rådde ikkje til at rettferdsvederlag skulle gis. Utvalet for rettferdsvederlag slutta seg til departementet si vurdering og konklusjon, og rettferdsvederlag ble ikkje ytt.

I klagen visast det mellom anna til at søkaren har omtala overgrepa på en detaljrik og nyanserik måte, noko som taler for at overgrepa har skjedd. Det er også lagt fram ytterlegare dokumentasjon i form av eit støttebrev frå søster til søkjer. Det visast til at overgrepa fant stad frå tidleg alder og over lang tid samt at overgrepa er gjord av personer som ho hadde eit tillitsforhold til.

Justisdepartementet kan ikkje sjå at det i klagen i tilstrekkeleg grad kjem fram opplysningar som kan forandre den tidlegare vurderinga og konklusjon, og opprettheld konklusjonen sin.

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag legg med dette fram klagen.

Sak nr. 126

NN, fødd 1947, har søkt om rettferdsvederlag av statskassa på grunn av psykiske skadar ho skal ha vorte påført som følgje av eit seksuelt overgrep. Søkjaren skal ha vorte valdteken av stefaren sin da ho var om lag 14 år, og ho skal ha vorte gravid og måtta teke abort som følgje av overgrepa.

Justisdepartementet fann grunn til tvil om det kunne reknast som tilstrekkeleg sannsynleggjort at søkjaren hadde vorte utsett for seksuelle overgrep av stefaren sin, og at plagene hennar heilt eller delvis kunne førast attende til overgrepa. Psykolog X gjorde i ei vurdering av 06.03.98 greie for søkjaren sine lidingar i vaksen alder. Det var ikkje tvilsamt at ho hadde ein rekkje plagar som mellom anna er typiske for personar som har vorte utsett for seksuelle overgrep. På den andre sida var det også klart at ho hadde hatt ein generelt vanskeleg barndom/oppvekst, og at ho mellom anna hadde trekk av fleire ulike typar forstyrringar av personlegdomen, samt at ho fann seg under normalområdet for aldersgruppa si med omsyn til evne. Psykologen hadde ikkje teke stilling til om det var samanheng mellom det søkjaren fortalde om sine plagar, og sannsynlege seine verknader etter overgrepet. Departementet fann at erklæringa vanskeleg aleine kunne gjere det sannsynleg at det hadde skjedd eit overgrep. Ytringa frå psykologen var gjeve på bakgrunn av fem samtalar med søkjaren. Journalane frå sjukehuset var på grunn av alderen til søkjaren ikkje lenger oppbevare og kunne såleis ikkje kaste ytterlegare lys over saka. Etter ei samla vurdering fann departementet under tvil at det ikkje var grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag.

Utvalet for rettferdsvederlag slutta seg til Justisdepartementet si vurdering og konklusjon, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

I klageomgangen legg søkjaren fram ei ny erklæring, av psykolog Y, datert 04.07.01. Det er psykologen si vurdering at søkjaren opplevde eit sterkt traumatisk seksuelt overgrep da ho var omlag 13 år, og at dette har ført til omfattande og invalidiserande psykiske problemar hos henne.

Justisdepartementet finn at den nye erklæringa i det vesentlege oppsummerer livssituasjonen til søkjaren. Erklæringa er ikkje egna til å kaste lys over spørsmålet om kor sannsynleg det er at det har skjedd eit overgrep og om eit eventuelt overgrep er årsaka til plagene hennar. Justisdepartementet finn såleis ikkje at det ligg nye opplysningar i saka som gjer grunn til ein annan konklusjon, og held fast ved den tidlegare tilrådinga.

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag legg med dette fram klagen.

Sak nr. 127

NN, fødd 1941, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi han har fått mangelfull skulegang. I følgje søknaden hadde han berre 46 skuledagar i første klasse og omkring eit år med noko undervisning ved internatskule. Søkjaren var også plassert ved fleire andre heim i barndommen.

Utdannings- og forskingsdepartementet la til grunn at opplæringa søkjaren fekk i folkeskulen på heimstaden og ved X skuleheim må vurderast på bakgrunn av skuleordninga på starten av 50-talet. Det vart gjort mange freistnader på å skaffe eit passande skuletilbod fram til mai 1953. Etter ønske frå Utvalet for rettferdsvederlag vart det henta inn erklæring frå psykologer som intervjua søkjer og testa han på fleire måtar. Dei sakkunnige kom til at han har små føresetnader for å læra, noko som truleg skuldes hjerneskade. Hadde han fått hjelp med åtferdsvansken, kunne det ha gitt noko betre moglegheiter for læring. Utdannings- og forskingsdepartementet viste til at utgreiinga ikkje ga grunnlag for å endre den tidlegare tilrådinga deira.

Justisdepartementet meinte at ein ikkje kunne laste det offentlege for det tilbodet om spesialundervisning som fanst på 50-talet. Justisdepartementet slutta seg til tilrådinga til Utdannings- og forskningsdepartementet, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

I klagen skriv søkjaren at det ikkje er strid om at han ikkje fikk den hjelp han burde ha hatt for sine vanskar, og at han vart ein kasteball mellom forskjellige skuler og heim. Det blei også føra fram at det ikkje er prova at søkjaren ikkje kunne læra, men at utidig og stadig flytting gjorde tilhøva svært vanskelege. Søkjaren sin situasjon har vorte vanskelegare i tida etter at søknaden vart behandla i Rettferdsvederlagsutvalet då han har mist mor si. Han ber om at Stortinget ser på saka med nye øyer sjølv om tilhøva i 50-åra var forskjellige frå i dag.

Utdannings- og forskingsdepartementet meiner at søkjaren hadde krav på spesialundervisning dersom han kunne gjera seg nytte av undervisninga. Dokumentasjonen frå X spesialskule viser berre at han ikkje passa inn der. Det er difor uklårt om det var manglande evner eller vanskar med å passa inn som var årsaka til at han ikkje kom inn. Det kan også ha vore begge deler. Departementet legg til grunn at søkjer passa inn på dei institusjonane han kom, og finn støtte for det i utgreiinga frå dei sakkunnige. Dei opprettheld difor den tidlegare tilrådinga.

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag legg med dette fram klagen.

Sak nr. 128

NN, fødd 1937, har søkt staten om rettferdsvederlag fordi ho har fått mangelfull skulegang som følgje av 2. verdskrig.

Utdannings- og forskingsdepartementet viste til at i følgje protokollen med avgangsvitnemål frå X skule datert 31.05.1952 gikk søkjar på skule 7 år i perioden 1945 til 1952. Det første skuleåret gikk ho på Y skole i Sverige, men i mai 1946 begynte ho på X skule i Noreg. Vidare kunne protokollane frå X skule dokumentere at søkjar gjekk på framhaldsskulen i 1952/1953. Det framgjekk av søknaden at ho også har gått på husmorskule og handelsskule. Departementet viste til at søkjar hadde fått meir enn obligatorisk skule og fann etter dette ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til departementet si vurdering og konklusjon, og rettferdsvederlag blei ikkje ytt.

I klagen opplyste søkjar at ho budde i Sverige frå desember 1945 til mai 1946, men hevda at ho ikkje hadde gått på skule i Sverige og at opplysningane om dette er feil. Vidare hevda ho at skuletilbodet ho hadde fått i Noreg rett etter krigen var dårleg.

Utdannings- og forskingsdepartementet har i klageomgangen funne at opplysningane om at søkjer gjekk på skule i Sverige, ikkje stemmer. Søkjer begynte på skule eit år seinare enn vanleg. På grunn av krigen fikk ho seks skuledagar i Noreg før ho flytta til Sverige. Søkjar har deretter fått seks skuleår i Noreg, men har altså mista det første året av folkeskuleopplæringa. Departementet peker på at søkjaren har fått meir skolegang enn mange andre barn frå Finnmark fikk under krigen og viser vidare til at det etter praksis ikkje gis rettferdsvederlag for tapt skulegang under krigen. Departementet opprettheld difor den tidlegare tilrådinga.

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag legg med dette fram klagen.

Sak nr. 129

NN, fødd 1956, har søkt om rettferdsvederlag av statskassa. Grunnlaget for søknaden er manglande støtte- og avlastingsapparat for mor til søkjaren, noko som har ført til at søkjaren ikkje har kunne ta utdanning og bedra moglegheitene til å forsørgje seg sjølv og familien. Dei forsøka han har gjort på å ta utdanning eller skaffe fast arbeid, er blitt avbrotne på grunn av pleieansvaret.

Sosial- og helsedepartementet fann det naudsynt med utsegn frå kommunen. Søkjaren ønskte ikkje å gi samtykkje til det, fordi han meiner det var eit svært vanskeleg tilhøve mellom han og dei kommunale instansane. Departementet var såleis avskore frå vesentlege opplysningar i saka. Sakspapira viste at mor hans hadde vore pleie- og omsorgstrengande, og at søkjaren har ytt mor si mykje omsorg. Opplysningane i saka gir likevel ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om han har kome særskilt uheldig ut i høve til andre i same situasjon, eller om livssituasjonen er eit resultat av kritikkverdige høve frå det offentlege si side. Sosial- og helsedepartementet kunne såleis ikkje tilrå at søknaden blei innvilga.

Justisdepartementet og Utvalet for rettferdsvederlag slutta seg til Sosial- og helsedepartementet si vurdering og konklusjon, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

I klageomgangen gjev søkjaren samtykkje til at det blir henta inn utsegn frå kommunen. Kommunen viser til at søkjaren fekk avslag på ein søknad om omsorgslønn frå kommunen i 1994. Same året blei mora tilbydd institusjonsplass, slik at søkjaren kunne gå på skule, men dette tilbodet blei avslått. Mora blei i etterkant innvilge heimehjelp og seinare heimesjukepleie. Søkjaren gjekk ein periode på skule i Finnmark, men slutta for å dra heim og ta seg av mor si. I mars 1999 fekk søkjaren på nytt avslag på ei søknad om omsorgslønn frå kommunen, og Fylkesmannen stadfesta vedtaket. Fylkesmannen fann at omsorgsarbeidet til søkjaren ikkje var særleg tyngjande. I dei periodane der søkjaren ikkje hadde vore i kommunen, hadde mora si trong til omsorg vore ivareteke på ein fullt forsvarleg måte av kommunen. Mora har motteke tilstrekkeleg med hjelp til å kunne klare seg sjølv, slik at omsorgsoppgåvene til søkjaren ikkje har vore til hinder for skulegang eller arbeide. Det er kommunen si bestemte oppfatning at kommunen har gjort det dei har kunne for å hjelpe søkjaren og mor hans.

Sosial- og helsedepartementet meiner at det ikkje er kome fram opplysningar som gir grunnlag for å endre departementet sitt tidlegare standpunkt. Departementet kan ikkje sjå at søkjaren har kome særskilt uheldig ut i forhold til andre i same situasjon, eller at livssituasjonen hans er eit resultat av kritikkverdige forhold frå det offentlege si side. Sosial- og helsedepartementet held såleis fast ved den tidlegare tilrådinga.

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag legg med dette fram klagen.

Sak nr. 130

NN, født 1953, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av at han gjenom en periode på 5-6 år ikkje fikk gjennomført samvær med guten sin. Det blei i 1988 inngått et rettsforlik, kor det går fram at han skulle ha samværerett. Både mora til barnet og besteforeldre skal ha motsete seg samvær. Søkjaren skal ha bedt om tvangsgjennomføring av samværsretten, men kravet skal ikkje være tatt til følgje av namsretten. Han skal heller ikkje ha fått hjelp av offentlege styremakter.

Barne- og familie departementet viste til at ut frå opplysningar frå søkjaren er både retten til samvær og retten til foreldreansvar krenkt. Dette er likevel privatrettslege forhold. Forholda fell difor utanfor ordninga for rettferdsvederlag. Når det gjeld tvangsfullføringa av samvær, har ikkje departementet kompetanse til å overprøve namsretten sine avgjersler. I høve til påstanden om at han ikkje skulle ha fått hjelp av det offentlege viser departementet til at desse påstandane ikkje er ikkje nærare presiserte. Rettferdsvederlag ble ikkje tilrådd.

Justisdepartementet og Utvalet for rettferdsvederlag sluttet seg til Barne- og familiedepartementet sin vurdering og konklusjon, og rettferdsvederlag blei ikkje innvilga.

I klagen visast det til dei tidlegare påstandane.

Statens ungdoms- og adopsjonskontor, som i dag gjer den førebuande behandling av saker om rettferdsvederlag etter delegert myndigheit frå Barne- og familiedepartementet, har gjennomgått saka på ny, men opprettheld departementets tilråding.

Justisdepartementet som sekretariat for Utvalet for rettferdsvederlag legg med dette fram klagen.

Til forsida