St.prp. nr. 31 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002 av 12. juli 2002 om endring av vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala om innlemming av direktiv 2001/107/EF (reglar om forvaltingsselskap og forenkla prospekt) og direktiv 2001/108/EF (investeringar gjort av investeringsføretak) av 21. januar 2002

Til innhaldsliste

2 Nærmare om europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/107/EF og 2001/108/EF

Rådsdirektiv 85/611/EØF om samordning av lover og forskrifter om visse føretak for kollektiv investering i verdipapir (UCITS-direktivet) er ein del av EØS-avtala (jf.særskilt vedlegg nr. 2 til st.prp. nr. 100 (1991-92) bind 10 s. 231). I rådsdirektiv 85/611/EØF er det fastsett eit prinsipp om ymsesidig godkjenning av løyve og andre føresegner som fremjar den frie omsetnaden innanfor EU av delar i dei føretaka for kollektiv investering (aksje-/investeringsfond eller investeringsselskap) som er omfatta av direktivet.

I direktiv 2001/107/EF er det fastsett eit prinsipp om ymsesidig godkjenning («single passport») for forvaltingsselskap for verdipapirfond, på lik linje med det som gjeld for andre som tilbyr av finansielle tenester (bankar, forsikringsselskap og verdipapirføretak) innan EØS-området. Prinsippet inneber at eit forvaltningsselskap som er godkjent i ein medlemsstat, vil kunne etablere seg ved filialar og yte tenester innan heile EØS-området. Etter 1985-direktivet har forvaltingsselskapa berre rett til å marknadsføre fondsdelar i andre medlemsstatar.

Forvaltingsselskap vil etter direktivet kunne tilby små og institusjonelle investorar (som til dømes pensjonskasser) individuell forvalting av midlar. Vidare er det gjeve nye reglar for kva slags informasjon investorar i verdipapirfond skal få.

Direktiv 2001/107/EF omfattar òg nye reglar for prospekt som forvaltingsselskapet skal utarbeide for kvart fond som det forvaltar. Det vert innført eit skilje mellom fullstendig og forenkla prospekt, med ulikt krav til innhald. Alle som ønskjer å teikne delar i fondet, skal utan oppmoding og utan kostnader få tilbod om forenkla prospekt. Dei rette styresmaktene og, på oppmoding, alle som ønskjer å teikne delar i fondet, skal få tilbod om det fullstendige prospektet.

Direktiv 2001/108/EF utvidar investeringstilgangen med omsyn til kva instrument eit verdipapirfond kan investere i. Det er mellom anna gjeve nye reglar for investeringar i derivat, i anna enn omsettelege verdipapir, i såkalla «fond-i-fond»- løysingar, innskot i bankar og kredittinstitusjonar, og indeksar. Vidare er det opna for at UCITS Contact Committee (komité for verdipapirfondsverksemd) kan møtast som ein såkalla regulerande komité, i tråd medliknande komitear på andre område.

Til forsida