St.prp. nr. 31 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 103/2002 av 12. juli 2002 om endring av vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala om innlemming av direktiv 2001/107/EF (reglar om forvaltingsselskap og forenkla prospekt) og direktiv 2001/108/EF (investeringar gjort av investeringsføretak) av 21. januar 2002

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

EØS-reglane som svarar til 1985-direktivet er gjennomførde i norsk rett gjennom lova om verdipapirfond av 12. juni 1981 nr. 52 med forskrifter. Vesentlege delar av direktiv 2001/107/EF og 2001/108/EF vart gjennomførde i norsk rett ved endringar i verdipapirfondlova som tok til å gjelde 1. juli 2001. Fullstendig gjennomføring av direktivet i norsk rett krev visse endringar i verdipapirfondlova, medrekna eit nytt kapittel om tilsyn med utanlandske forvaltingsselskap med hovudsete i ein annan EØS-stat.

Finansdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg om naudsynte lovendringar.

Til forsida