St.prp. nr. 33 (1998-99)

Om visse organisasjonsendringar m.m. i Forsvaret

Til innhaldsliste

6 Endringar i krigsstrukturen

Regjeringa gjer framlegg om å utfase to stridsanlegg i Kystartilleriet sin krigsstruktur.

6.1 Innleiing

Kystartilleriets undervassforsvar blir modernisert gjennom prosjekt 6077 og 6236, ref Innst S nr 303 (1996-97), jfr St prp nr 57 (1996-97), som omfattar seks anlegg: Visterøy torpedo- og mineanlegg, Herdla torpedo- og mineanlegg, Malangen torpedobatteri og Grøtsund minefelt. Korshavn torpedobatteri vil bli reetablert i Malangen, medan Sørviknes (Brettingen) torpedobatteri, Rauøy minefelt, Krossodden minefelt og Mastrafjord minefelt vert terminert.

6.2 Vurdering

Innst S nr 303 (1996-97) syner til det tidlegare prosjektomfanget for Kystartilleriet sitt undervassvåpen på ti anlegg. Innstillinga fastset nytt prosjektomfang til å omfatte seks anlegg. Som ein følgje av den framtidige strukturen på seks anlegg i Kystartilleriet sitt undervassvåpen, vil dei andre anlegga ikkje bli moderniserte. Den delen av undervasstrukturen som ikkje blir modernisert omfattar dei terminerte anlegga samt følgjande anlegg:

  • Bolærne minefelt

  • Brimse minefelt.

6.3 Konklusjon

Departementet gjer framlegg om å utfase Brimse og Bolærne minefelt frå 1 august 1999. Det er ein føresetnad at dei terminerte anlegga blir utfasa frå same dato.