St.prp. nr. 33 (2006-2007)

Tromsøpakke 2— - utviding av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet legg til grunn kommunen og fylkeskommunen sitt ønske om sterkare satsing på miljø, trafikktryggleik og kollektivtrafikk i Tromsø ut over det som no er mogleg å få til innanfor den vedtekne pakka. Kostnadsauken for Langnestunnelen gjer at fleire av dei mindre tiltaka i pakka ikkje kan gjennomførast i fireårsperioden. Den føresette satsinga på miljø og trafikktryggleik er derfor svekka. Ei utvida innkrevjingsordning i Tromsø vil gi rom for å satse sterkare på desse tiltaka i pakka. Dette er i tråd med Soria Moria-erklæringa si målsetting om at kollektivtrafikk må bli eit reelt alternativ til bruk av privatbil i byar og bynære område.

Samferdselsdepartementet vil understreke at finansieringa av ei utvida Tromsøpakke 2 skal vere i samsvar med dei prinsippa som ligg til grunn for ordinære bompengepakker. Dette inneber at forvaltningsnivåa skal finansiere tiltak innanfor sine eigne ansvarsområde, og at drivstoffavgifta berre kan finansiere tiltak som det er heimel for i veglova § 27a.

Departementet legg også vekt på at ordninga med lokal drivstoffavgift ikkje må oppfattast som ei ny kommunal avgift for å løyse ordinære oppgåver på vegnettet, men representere ei satsing på konkrete tiltak. Tiltak som skal finansierast av drivstoffavgifta må utgjere ei ekstraordinær satsing gjennom bygging av eit hovudvegnett i Tromsø. Drivstoffavgifta kan derfor ikkje finansiere alle typar tiltak som er prioriterte i ein utvida Tromsøpakke 2, men vil saman med statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar vere med på å gjennomføre satsinga som er føresett i ei utvida Tromsøpakke 2.

I det opplegget ein no er samd om lokalt, vil midlar frå finansieringstilskottet i all hovudsak gå til å gjere ferdig utbetringa av Langnestunnelen og til bygging av eit hovudvegnett for sykkel. I tillegg kan midlar frå drivstoffavgifta brukast til å finansiere andre tiltak som inngår i eit hovudvegnett for bil, sykkel, eller kollektivtransport i Tromsø. Midlane frå Troms fylkeskommune går til å finansiere kollektivtrafikktiltak, og midlane frå Tromsø kommune går i hovudsak til å finansiere miljø- og trafikktryggingstiltak.

For å sikre rasjonell framdrift på prosjekta, uavhengig av takten i offentlege løyvingar og inntekter av drivstoffavgifta, er det lagt opp til at Tromsø Veg AS får løyve til å ta opp lån på inntil 50 mill. kr. Samla kapitalkostnad vil venteleg ikkje overstige 15 mill. kr og skal dekkast av midlar frå drivstoffavgifta. Selskapet hadde tilsvarande løyve til å ta opp lån i Tromsøpakke 1.

Prioritering av tiltaka i ei utvida Tromsøpakke 2 må tilpassast plansituasjon og dei årlege løyvingane av riksvegmidlar i statsbudsjettet.

Departementet legg til grunn at avtalen med Tromsø Veg AS om innkrevjing av finansieringstilskottet blir vidareført. Selskapet er eigd av Tromsø kommune (2/3 av aksjane) og Troms fylkeskommune (1/3 av aksjane).

Etter gjeldande praksis blir meirverdiavgifta på finansieringstilskottet ført tilbake til Tromsø gjennom ei årleg øyremerka løyving over statsbudsjettet kap. 1320, post 30. Departementet vil vidareføre denne ordninga og legg til grunn at desse midlane blir brukt til auka satsing på gang- og sykkelvegtiltak i tråd med føresetnadene i kommunen.

Føresetnaden om at Langnestunnelen blir omklassifisert til riksveg, og at Statens vegvesen overtar tunnelen utan vederlag når den er rusta opp til tilfredsstillande standard, står ved lag.