St.prp. nr. 34 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

I medhald av avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 skal EU-handlingsprogrammet Daphne takast inn i protokoll 31 til EØS-avtala. Dette vil bli oppdatert med ei retting, slik at perioden for deltaking i programmet vert 2008-2013.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 inneheld ein innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-avtala.

Artikkel 1 slår fast at protokoll 31 (artikkel 5) til EØS-avtala får eit tillegg om at avtala òg skal omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 779/2007/EF av 20. juni 2007 om Daphne III.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke meldinga om at alle forfatningsrettslege krav om godkjenning av avgjerda er oppfylte i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.