St.prp. nr. 34 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013)

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen inneber plikter for EØS/EFTA-statane til å ta del i finansieringa av programmet. Det finansielle tilskotet frå EØS/EFTA-statane til deltaking i programmet vert fastsett i medhald av artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. Tilskotet speglar av den relative delen som BNP i kvar stat utgjer i høve til samla BNP i EU-statane. For 2008 utgjer tilskotet frå EØS/EFTA-statane 2,39 % av det samla budsjettet for Daphne III. Noreg sin del utgjer 94,19 % av tilskotet frå EFTA. Desse to fordelingsnøklane vert justerte kvart år.

Det samla budsjettet for programmet (2007-2013) er 116.8 millionar euro. For perioden 2008-2013 vil budsjettet være på 102.6 millionar euro og for 2008 på 14.7 millionar euro. Det er lagt opp til at EØS/EFTA-statane skal løyve 2.45 millionar euro for perioden 2008-2013. Den samla kontingentplikta for norsk deltaking i Daphne III er pårekna til å utgjere om lag 18.5 millionar kroner (med ein eurokurs på 1 euro = 8 kroner), dvs. i gjennomsnitt om lag 3.08 millionar kroner per år i programperioden 2008-2013. Utgifter til nasjonal oppfølging kjem i tillegg.

Røynslene viser at faktiske utgifter som har kome på for det einskilte året i programperioden, vil variere i takt med framdrifta for dei prosjekta som høyrer inn under programmet. Kontingentutbetalingane vil difor fordele seg ujamt over åra. Prosjekt som vert sette i gang mot slutten av ein programperiode, vil òg halde fram etter at det aktuelle programmet formelt er avslutta, i praksis i inntil tre år. Kontingentutbetalingane og nokre av følgjekostnadene vil difor fordele seg på fleire år enn programperioden.

Barne- og likestillingsdepartementet vil ha eit overordna ansvar for å koordinere den norske deltakinga i programmet. Som ved den norske deltakinga i Daphne II, vert òg deltakinga i Daphne III samfinansiert mellom Barne- og likestillingsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Departementa er samde om følgjande fordelingsnøkkel i høve til det finansielle ansvaret til det einskilde departementet: Barne- og likestillingsdepartementet (34 %), Justis- og politidepartementet (30 %), Helse- og omsorgsdepartementet (30 %) og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (6 %).