St.prp. nr. 34 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 131/2007 av 28. september 2007 om innlemming i EØS-avtala av EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007-2013)

Til innhaldsliste

5 Vurdering

Gjennom norsk deltaking i Daphne III vil arbeidet med å hindre og førebyggje alle former for vald mot barn, unge og kvinner verte vidareført. Røynslene frå dei føregåande Daphne-programma har vore positive. Noreg har teke del i fleire prosjekt, og dette har vore nyttig når det gjeld arbeidet mot vald. Det er òg viktig at Noreg viser eit europeisk engasjement, og deltaking i Daphne III kan vere eit verkemiddel for å etablere eit godt samarbeid mellom Noreg og andre statar i Europa for å hindre vald.