St.prp. nr. 35 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktivet om forsikringsmekling

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

EØS-komiteen vedtok 26. september 2003 avgjerd nr. 115/2003 om å endre vedlegg IX til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/92/EF om forsikringsmekling. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at nytt nr. 13 bokstav b) i vedlegg IX til avtala skal lyde: «32 002 L 0092: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/92/EF av 9. desember 2002 om forsikringsmegling (EFT L 9 av 15.1.2003, s. 3).»

Artikkel 2 slår fast at teksta til direktiv 2002/92/EF på islandsk og norsk, som vil bli kunngjort i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 3 fastset at denne avgjerda tek til å gjelde 27. september 2003, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.