St.prp. nr. 35 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktivet om forsikringsmekling

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Som følgje av at fleire typar mellommannsverksemd vil verte omfatta av reglane for forsikringsmeklingsverksemd, er det grunn til å rekne med at også talet på verksemder som vert omfatta av reglane, vil auke monaleg. Kredittilsynet har i dag ansvaret for registrering av forsikringsmeklarføretak og tilsyn med desse, og vil, dersom ansvaret deira vert vidareført, få ei viss auke i administrative oppgåver som følgje av gjennomføringa av direktivet. Gjennomføringa av direktivet vil truleg ikkje få nemneverdige økonomiske konsekvensar, og vil kunne dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer.

Utgiftene til Kredittilsynet vert fordelte på dei institusjonane som er underlagde tilsyn. For dei institusjonane som vil verte omfatta av reglane for forsikringsmeklingsverksemd og såleis verte underlagde tilsyn, vil det difor kome ei årleg utgift i tillegg til dette.