St.prp. nr. 35 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 115/2003 av 26. september 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktivet om forsikringsmekling

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Forsikringsmeklingsverksemd er i dag regulert i forskrift av 24. november 1995 nr. 923 om forsikringsmekling. Forskrifta er gjeven med heimel i forsikringsverksemdslova § 2-4.

Forskrifta gjev reglar om mellom anna krav til dei tilsette i og den daglege leiaren for forsikringsmeklarføretaket, krav til trygdgjeving til å dekkje erstatningsansvaret til forsikringsmeklarføretaket, og generelle krav til verksemda, medrekna bruk av klientkonto, krav til god meklarskikk og reglar om opplysningsplikt overfor oppdragsgjevar. På fleire område går forskrifta lenger enn reglane i direktivet, som òg er minimumsreglar. Direktivet har derimot eit vidare verkeområde enn forskrifta, då fleire typar mellommannsverksemd vil vere omfatta av direktivet.

Vidare fastset direktivet visse nye materielle krav, som innføring av ei klageordning for kundar og andre partar som det gjeld, særleg forbrukarsamanslutningar. Forskrifta om forsikringsmekling har ikkje reglar om dette.

Nokre av krava i direktivet vil kunne gjennomførast på ein mest føremålstenleg måte ved endringar i forsikringsverksemdslova. Dette gjeld utvidinga av verkeområdet ved at nye typar mellommannsverksemd skal omfattast av reglane for forsikringsmeklingsverksemd. Det same gjeld visse nye materielle krav, som innføring av ei klageordning for kundar og andre partar som det gjeld, særleg forbrukarsamanslutningar.

Dei andre føresegnene i direktivet vil i hovudsak kunne gjennomførast ved forskrift. Mellom anna vil det nogjeldande kravet i forsikringsmeklingsforskrifta til god vandel for dagleg leiar i føretaket, måtte utvidast til å gjelde for leiinga i føretaket og alle tilsette som har direkte med forsikringsmekling å gjere. Det må òg gjerast endringar eller tilføyingar i reglane i forskrifta om den opplysningsplikta forsikringsmeklarføretaket har overfor kunden. Vidare må det mellom anna vurderast om det skal fastsetjast alternative metodar for å sikre den finansielle kapasiteten til føretaket.

Direktivet stiller minstekrav til nasjonal regulering av forsikringsmeklingsverksemd. Krava til verksemda gjev kvar einskild stat stort spelerom i utforminga av den nasjonale lovgjevinga. Noreg kan såleis setje strengare krav til den nasjonale verksemda si enn det direktivet gjer, medrekna faglege krav til leiinga i føretaket og til dei som faktisk utfører verksemda, soliditetskrav og krav til trygdgjeving. Om dette bør gjerast for norske føretak, vil bli vurdert nærmare ved gjennomføringa av direktivet i norsk rett.