St.prp. nr. 38 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av riksveg 519 Fastlandssamband til Finnøy (Finnfast) i Rogaland, med tilknyting til Talgje (fylkesveg 606)

Til innhaldsliste

3 Kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og nytte av utbygginga

Kostnadsoverslaget er kvalitetssikra av ein ekstern konsulent i samsvar med prinsippa for styring av statlege investeringar. Kvalitetssikringa har i tillegg omfatta trafikkgrunnlaget og finansieringsopplegget.

Konsulenten har komme fram til ei styringsramme på 465 mill. 2004-kr og ei kostnadsramme på 530 mill. 2004-kr. Statens vegvesen meiner at styringsramma bør vere 500 mill. 2004-kr og kostnadsramma 535 mill. 2004-kr. Samferdselsdepartementet er samd i Statens vegvesen si vurdering av kostnadene. Prisnivået ved kvalitetssikringa av kostnadsoverslaget er i 2004-kr. Statens vegvesen har rekna om til 2006-kr. Prisomrekninga frå 2004 til 2005 er basert på den verkelege prisutviklinga for tunnelarbeid frå 2. kvartal 2004 til 2. kvartal 2005. Vidare er den ordinære budsjettindeksen for anleggsarbeid nytta frå 2005 til 2006. Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 530 mill. 2006-kr og ei kostnadsramme på 560 mill. 2006-kr.

Konsulenten meiner at Statens vegvesen si vurdering av trafikkgrunnlaget i opningsåret er for optimistisk, og tilrår at det blir lagt til grunn ein årsdøgntrafikk i opningsåret 2009 på 464 kjøretøy. Vegdirektoratet har samanlikna konsulenten sitt forslag med det opphavelege forslaget frå regionvegkontoret om å leggje til grunn 550 kjøretøy. Vegdirektoratet har etter dette tilrådd at det blir lagt til grunn eit trafikkgrunnlag i opningsåret som ligg midt mellom dei to overslaga, dvs. 500 kjøretøy pr. døgn. Samferdselsdepartementet sluttar seg imidlertid til konsulenten si tilråding som er mest nøktern.

Basert på at prosjektet blir delvis bompengefinansiert, er samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet (NN) rekna til - 10 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til - 0,0. Internrenta er rekna til 7 pst.